søndag 24. april 2016

Ein ny bustad




haldepunktet, sikringsstaden
der alle vinklar og mål
får sine rette tal
er langt utanfor vår felles fantasi,
ein annan stad enn i vitet
- konstruksjonane held ikkje,
dei forvitrar under tyngda
av tida

sjølve haldepunktet, ankerfestet
er utanfor tida, det avgrensa rommet
vi har fått å røre oss i;
her, utanfor det menneskelege
skjer det ei kontinuerleg justering
av vegen vi går

og Anden sjølv byggjer huset
på same staden, den same tomta
eg let han rive ned
mine gamle byggverk;
så skjer det noko stort, akkurat her,
at det veks fram ein bustad
for den Allmektige
der det før var berre ørken og støv


søndag 17. april 2016

Veg og sanning




slikt eit gamalt kart
(sa dei)
kan vel umogleg stemme

slike eldgamle vegar
(høyrde eg)
kan då umogleg føre fram

slike lite tidstypiske tankar
(gjekk refrenget)
er ikkje berekraftige i dag

slike utdaterte ord, oppsmuldra idear
(var orda i latteren)
må du vere sprø for å tru på –

men kartet stemmer med terrenget
vegane går der dei gjekk
tankane glir i hop med sanseinntrykka
og orda – 

vel, dei passar som bitar i eit puslespel
og fyller hjartet mitt til siste kubikkmål –

fredag 15. april 2016

Å bygge på sand

Det er ikkje så veldig populært å snakke om synd. Det er eit omgrep som ganske mange har stua vekk i ein støvete krok - noko som ein snakkar om på bedehuset, men som ikkje er så aktuelt elles.

Eg veit at det er ei slags verbal brannbombe å nemne kyrkjerådsvedtaket om likekjønna ekteskap og synd i same setning, men eg trur likevel at det er naudsynt. Fordi Guds ord er klart på det at homoseksuelt samliv er synd (kjernevers her er 1. Kor 6, 9 og 1. Tim 1, 10) Då vert det dessverre umogleg for oss som tek Bibelen på alvor å seie at det er heilt greit. Og endå meir umogleg å snu om på bibelversa og seie at Gud kan velsigne synda. Det går på tvers av heile den kristne læra.

Dessverre har det danna seg eit bilde av at vi kristne er imot homofile, eller at vi ser på homofilt samliv som ei verre synd enn andre. Dette er ikkje realiteten. Dei før nemnde versa nemner ei rekke andre synder, som også diskvalifiserer oss menneske som verdige til Himmelen. Og elles i Bibelen kan ein finne nemnt andre typar synd, og dei fleste av oss blir ramma av mange av desse lovene. I 1. Kor 6, 9 står det for eksempel om det å vere grådig. Her står om avgudsdyrking - altså det å setje andre ting framfor Gud. Her kan vi nok kjenne oss skuldige nokon kvar. Og kva med kategorien "spottarar"? Om eg ikkje akkurat går rundt og spottar så mange openlyst, så veit Gud at negative tankar om andre poppar opp rett som det er. Ein annan stad, i bergpreika, står det at den som kallar eit anna menneske for "ein gudlaus narr", fortener helvetes eld (Matt 5, 22) Og i Bibelen står det mykje om det å elske sin neste som seg sjølv. Dette, og andre ord i Bibelen, slår hardt ned på egoisme.

Kort sagt: Bibelen sidestiller homofilt samliv med det å tenkje dårleg om andre. Den kallar begge deler synd, og begge delane stengjer oss ute frå Himmelen.

Kva skal vi då med kyrkja? Jo, når eg går i kyrkja (Eller søker til Gud generelt), så er det fordi eg er avhengig av Jesus. Eg treng hans nåde, hans tilgjeving og hans hjelp til å leve eit betre liv.

Det siste eg treng når eg kjem til kyrkja, er ein prest som seier: "Gud velsigne deg, grådige menneske. Det er heilt greit å vere grådig - gå bort og begjær alt du vil!" Viss kyrkja på denne måten skulle seie noko heilt anna enn Bibelen, og altså presentere det slik at desse negative sidene ved meg sjølv, som eg strevar med, er heilt ok - kva skal eg då med kyrkja? Kva skal eg då med Jesu død og oppstode?

Det er dette som er det store problemet med det nye kyrkjerådsvedtaket. Kyrkja begynner å tale imot Guds ord, og kva i all verda skal vi då med kyrkja?

Slik eg ser det, sit heterofile meg og homofile "Emil" på same benk, med same behov for Guds nåde og same behov for å høyre Jesu ord: "Så dømmer ikkje eg deg heller. Gå bort og synd ikkje meir!" (Joh 8, 11)

(Og kyrkja kan umogleg leve med to syn i denne saka. Ein kan ikkje seie ja og nei på same tid. Det er umogleg å seie: Bibelen er grunnvollen, og samtidig: Bibelen tek feil. Det trur eg alle forstår, til og med dei biskopane som er så opptekne av "einskap" at dei splittar kyrkja)

tirsdag 12. april 2016

Anti-progressivitet

Det er ikkje til å unngå å tenkje på den retninga kyrkjemøtet ynskjer å føre kyrkja i, og det er med ein aldri så liten dose bekymring eg tenkjer på framtida til DNK. Eg sat i bilen i stad og tenkte på nettopp dette, då songen med den lettfattelege tittelen "I am horrible at processing rejection" frå Showbread sin siste CD starta å spele. Vokalisten skrik (sic): "Let's ruin everything, let's ruin everything". Og akkurat det er ganske nær kjensla eg sat med akkurat då. Det er dette som skjer med kyrkja no.

Det er ganske ironisk at ein del meiner at det nye kyrkjevedtaket, der altså kyrkja skal utarbeide liturgi for såkalla "likekjønna vigsel" kan kallast "framgong" eller "modernisering". I realiteten er det eit ganske stort steg i ein demonteringsprosess. Vedtaket kom ikkje overraskande - sidan kyrkjevalet i haust vart regelrett kuppa av grupperingar som kjempa berre for denne eine tingen. Dette er eit klassisk eksempel på kor gale det går når ein lar eit folkefleirtal styre teologien, og ikkje Guds eige ord - Bibelen.

Den norske kyrkja grev vekk grunnen under seg sjølv, og for mange av oss er dette ei stor sorg. Samtidig er det viktig å halde oppe det store perspektivet: DNK er ikkje det same som Kyrkja (med stor K). Kyrkja er utelukkande bygd på Guds ord, og består av syndarar (som meg og alle andre i DNK) som søkjer tilflukt i Guds nåde og ynskjer å bøye oss under Guds vilje. For nokre hundre år sidan fantes det ikkje noko DNK, og at den no er i ferd å gå i oppløysing er nok ikkje det verste som kan skje. Gud er den same fortsatt, og det kristne fellesskapet vil bestå. Sjølv om det sjølvsagt er mindre stas å sjå rivinga enn bygginga av ei kyrkje.

Eg har stor forståing for dei prestane og andre som no vel å melde seg ut. For min eigen del vil dette vere veldig avhengig av den lokale kyrkjelyden - korleis prestane i mi nærkyrkje forheld seg til dette som no skjer.

Framtida vil vise kva anti-progressiviteten i det nye vedtaket vil føre til for kyrkja. At det fører med seg noko godt for kyrkja er tvilsamt, men på ei anna side: Kanskje det kan føre til auka medvit og engasjement hos dei av oss som meiner Bibelen er ei langt sikrare rettesnor enn vær og vind? Eg håpar det.

Og kva eg meiner om måten dei "konservative" biskopane tek ansvar på i denne saka, kan du tolke ut av denne likninga - til glede for dei som er glade i slikt:

Pappa: Nei, kjære fireåring, eg vil ikkje at du skal få leike med motorsaga.
Dotter (4): Men eg vil!
Son (5): Eg syns ho skal få lov.
Pappa: Javel, sidan bror din vil at du skal få lov, så er det vel greit. Men vi må leve med to syn her, for eg vil eigentleg ikkje at du skal gjere det. Hugs å fylle på bensin før du startar den.

Og så går det som det går.

søndag 10. april 2016

I det stille rommet


det er i det stille rommet
eg kan høyre deg tale
orda,
substansen av ditt eige hjarte
omforma til lydar
kviskra gjennom lydlause rom
i tida, ut av tida, midt i mi eiga tid
og sanninga i det du seier
vert omdanna frå usynlege frekvensar
til meining – formande tale
som elektriske impulsar
direkte frå ditt eige hjarte
til mitt

og her, i det stille rommet
vert mine eigne tankar synlege,
som teikningar på veggane
lydar ingen menneske kan høyre

og i denne kvila
er det møtet mellom Gud og menneske
skapar og den skapte
finn si form, finn si meining:
midt i kvardagskaoset
finst der ein skjulestad med fred –


Mark 6, 31: Då sa han til dei: «Kom med meg til ein aud stad der vi kan vera åleine, og kvil dykk litt!» For det var så mange som kom og gjekk at dei fekk ikkje tid til å eta eingong.

lørdag 2. april 2016

Seie det useielege


eg stabla orda framfor meg,
høge som tårn, store som fjell

let dei danne rekke på rekke,
i stadig nye variantar;

freista å bygge meg ei bru
over denne djupe kløfta

mellom gleda mi
og hjartet ditt,

ynskte at det som bur her inne
det som boblar som ei visse, eit nærvær

skulle kunne flyte over;
at du skulle forstå –

men orda når ikkje over
- dei er for små, for usle

alt glepp i det eg slepp gleda laus,
og ein molltone stig i frå djupet:

kunne du berre kjenne dette,
kunne du berre eige alt dette sjølv!





1. Pet 1, 8-9: Han elskar de, endå de ikkje har sett han; han trur de på, endå de no ikkje ser han. Og de jublar og er fylte av ei glede så herleg at ho ikkje kan tolkast med ord, for de skal nå målet for trua: frelse for sjelene dykkar.