tirsdag 28. februar 2017

Leste bøker: Februar 2017

Det er tid for å gjere opp rekneskap for leste bøker i februar. Det har blitt fleire ungdomsbøker, blant anna den spennande avslutninga på "I morgen er alt mørkt"-trilogien, og den nye, artige boka "Ollis". Denne månaden har eg også lese ein del vaksenlitteratur, der boka "Brevet til Rosalin" var blant dei som gjorde sterkast inntrykk.



Slik ser leselista mi ut, og du kan trykkje på boktitlane om du ynskjer å lese meir om bøkene:

1) Sigbjørn Mostue: I morgen er alt mørkt #3 - Når historien slutter

2) Iben Akerlie: Lars er lol

3) Sabaa Tahir: En glo i asken

4) Ingunn Thon: Ollis

5) Linn T. Sunne: Lett lykkelig

6) J.K. Rowling: Harry Potter og barnets forbannelse

7) Jojo Moyes: Paris for en

8) Ragnar Hovland: Om noko skulle skje

9) Vanessa Diffenbaugh: Blomstenes hemmelige språk

10) Gaute Heivoll: Jeg kommer tilbake i kveld

11) Øystein Orten: Brevet til Rosalin

12) Eirin Gundersen: Du er menneske nå

13) Jeffrey Archer: Men timen kommer



Eirin Gundersen: Du er menneske nå

Dikta i boka "Du er menneske nå" tek utgangspunkt i saknet av ein far som nyleg er mista. Dikta kretsar rundt sorga, og korleis ein kan finne vegen vidare ut av sorga. Liv og død er eksistensielle spørsmål, og forfattaren granskar spørsmåla frå fleire ulike synsvinklar, og prøvar å skape ein form for heilskap i tilværet.

Boka inneheld såre og vakre dikt, og vi kjem nært innpå eg-personen i dikta.

Gaute Heivoll: Jeg kommer tilbake i kveld

"Jeg kommer tilbake i kveld" er eit dramastykke med utgangspunkt i romanen "Himmelarkivet". Vi er ein stad i Tyskland, og ei kvinne frå Noreg bankar på døra til familien Kerner. Under verdskrigen var Kerner plassert i Noreg, og det er tydeleg at den framande veit noko om arbeidet hans der.

Det vert ein nær og intens samtale mellom kvinna frå Noreg, fru Kerner og dottera i huset. Det er mykje som ikkje vert sagt, og som må tolkast fram som tekst mellom linjene.

Det tek ikkje så lang tid å lese manuset, men eg reknar med at når stykket vert sett opp på ei scene, vil mykje av handlinga foregå i stilla mellom hovudpersonane. Tema er sorg og det å sjå sanninga i auga, og forfattaren får godt fram at sjølv om krigen er over, lever ettervirkningane vidare i einskildmenneska sjølv tiår etter at freden kom.

Øystein Orten: Brevet til Rosalin

Orten har ein fin måte å formidle sterke kjensler på. Han ropar ikkje høgt, og brukar ikkje mange ord på å få fram bodskapen sin. "Brevet til Rosalin" er ei forholdsvis kort bok, med sine vel 100 sider, og teksten er utforma som eit brev.

Johannes er ein gamal mann no, og då han finn eit gamalt, vekkgøymd brev i ei av bøkene sine, kjem minnene frå fortida fram att. Han bestemmer seg for å prøve å gjere opp litt av skulda som kviler på skuldrene hans, og startar på brevet til Rosalin. Ho bur i eit anna land, og dei har aldri treft kvarandre. Likevel er liva deira bunde sterkt saman, og gjennom glimt tilbake til både sin eigen barndom, faren sin barndom og opplevingar i sitt tidlege vaksne liv, trer ei sterk forteljing om skuld, anger og sakn fram.

Språket er poetisk og kortfatta, og lesaren må sjølv setje saman alle glimta som vert gitt til ei heilskapleg forteljing. Dette er ei melankolsk, sår og svært lesverdig bok!

mandag 27. februar 2017

Jeffrey Archer: Men timen kommer

Dette er sjette boka i serien om Harry Clifton og familien hans. Forfattaren tek oss med på fleire intriger og finurlege juridiske kampar. Som vanleg ser det bekmørkt ut, før det i siste liten opnar seg ei lita glipe med lys - og det er nettopp i dette min fascinasjon for bøkene til Archer ligg. At det vil bli trøbbel ligg opp i dagen, og at Clifton og gjengen kjem seg ut av knipene er også rimeleg klart - spørsmålet er berre korleis det vil ordne seg denne gongen. Og Archer skuffar ikkje. Det er nervepirrande og god forteljekunst, og det er ikkje så lett å leggje boka frå seg undervegs.

Personane i Clifton-krøniken er noko karikerte, der nokon er vonde og utspekulerte, og stadig kjem med nye angrep på Clifton/Barrington-familien - som sjølvsagt er dei gode, dei som alltid held seg til lovar og reglar og ikkje lar seg korrumpere av makt eller pengar... Og dermed er det berre rettferdig at dei klarar seg gjennom knipene.

Archer er ikkje redd for å ta livet av dei litterære figurane sine, og heller ikkje i denne boka vert vi spart for tap av dei vi håpar det skal gå godt med. Dermed er ikkje alt rosenraudt, og Archer klarar å styre seg unna det sukkersøte eller klisjéaktige.

Romanen sluttar som vanleg med ein gedigen cliffhanger, så no er det berre å vente på bok nummer sju...

lørdag 25. februar 2017

Alt



eg samla alt rundt meg
trekte opp ei grense i ytterkantane
og markerte alt innanfor
som mitt

her lagra eg opp smått og stort
og let eigedomen bløme
av alle slag vekstar
og tre

så starta eg å trekke inn andre ting
frå utsida – rette ut handa
greip og drog det til meg
som mitt eige

her bygde eg mitt tårn;
eg visste snart det meste som var å vite
og sola meg i glansen
av storslåtte konstruksjonar

men utanfor bleikna verda
vart ein ørken, ei vindfull øydemark
og innanfor grensene mine
byrja graset å visne

då såg eg på den aude verda
og alt eg hadde bygd til meg sjølv
eg kjende meg einsam –
så grenselaust, hjartesprengande einsam




1. Kor 13, 2:  Om eg har profetisk gåve og kjenner alle løyndomar og eig all kunnskap, og om eg har all tru så eg kan flytta fjell, men ikkje har kjærleik, då er eg ingen ting.

fredag 24. februar 2017

Vanessa Diffenbaugh: Blomstenes hemmelige språk

Forfattaren har med denne boka skrive ei sterk og gripande forteljing. Vi vert kjent med fosterbarnet Victoria, som er så vanskeleg å ha med å gjere at ingen fosterheimar klarar å halde på henne. Boka startar på 18-årsdagen hennar. Då har ho budd dei siste åtte åra i eit hus for barn som ikkje vert adopterte vekk. Ho skal starte livet på eiga hand, men det er ikkje så enkelt.

Victoria har ei einaste stor interesse, nemleg plantar og det ein kan fortelje gjennom ulike sortar blomster. Det er det viktorianske blomsterspråket som vert framheva i boka, og dette språket lærte Victoria i heimen til ei dame som heiter Elisabeth - den siste fosterheimen ho budde i før ho hamna på barneheimen.

Blomsterspråket leier blant anna til kjennskap med den lokale blomsterhandlaren, som vert imponert over Victoria sine kunnskapar i faget. Ho får også eit møte med fortida, og ho må ta ei val - skal ho våge å satse, eller høyre på frykta som seier: Stikk av før du øydelegg alt.

Historia er todelt; I om lag annakvart kapittel fyljer vi Victoria i notida, medan i dei andre kapitla får vi glimt tilbake til fortida og det som har gjort henne til den ho er. Etter kvart forstår vi kvifor ho vel som ho gjer. Det blir ikkje mindre dramatisk eller hjarteskjerande av den grunn.

Dette er ei vakker bok, med ei sterk forteljing!


onsdag 22. februar 2017

Jojo Moyes: Paris for en

"Paris for to en" er ei forholdsvis kort forteljing, og handlinga er ikkje så komplisert. Den handlar om Nell som skal på weekendtur til Paris med kjærasten, men kjærasten avlyser i siste liten. Nell reiser likevel, og kjenner seg einsam i den framande byen. Men så møter ho drøymaren Fabien, og helga vert heilt annleis enn Nell hadde sett for seg.

Boka kjem ut i ein serie med lettleste bøker for vaksne, og har både stor skrift og illustrasjonar mellom kvart kapittel. Teikningane er enkle, men passar godt inn i stemninga i boka, og totalt sett vert det skrive fram ei stillferdig og romantisk forteljing.

lørdag 18. februar 2017

Slik du er


i eit glimt
såg vi inn i det mørklagte rommet
bakanfor alt,
inn der tinga ser ut
som dei er
og alle slør har falt til jorda

og vi såg deg for auga våre
slik du er
ikkje den rolege vandringsmannen
eller den engasjerte
formidlaren
eller den temperamentsfulle
oppgjeraren
eller den uredde forkjemparen
for dei svake –

det var eit nytt lys
frå himmelen
eit utanomjordisk lys
som omgav deg, lyfta deg inn
i ein annan dimensjon
som du slett ikkje var framand for;
det var dette som er deg -

og når skjela ein dag dett
frå auga våre
kan vi sjå deg slik du er





Matt 17, 1-2: Seks dagar etter tok Jesus med seg Peter, Jakob og Johannes, bror hans, og førte dei opp på eit høgt fjell; der var dei åleine. Då vart han forvandla for auga deira. Andletet hans skein som sola, og kleda vart kvite som lyset.