tirsdag 3. mai 2011

Drap med bismak

Det er mildt sagt ingen hemmelighet at USA har spora opp og drepe Osama Bin Laden. I ein stille og roleg landsby i Pakistan, blant menneske som ikkje ante at han var der, heldt han seg i skjul, heilt fram til natt til i går. Nyheita var nok kjærkomen for dei amerikanske generalane, og kanskje særleg for president Obama. Ei fjør i hatten, og kanskje nokre fleire veljarar til haustens presidantval?

Eg forstår godt at mange er letta over at Bin Laden er eliminert. Han var hjernen bak det forferdelege angrepet på World Trade Center i New York i 2001, og har vore ein jaga mann sidan den gong. Likevel er det med undring og vemod eg ser reportasjar frå USA, der menneske jublar og feirar drapet på terroristen.

No støttar eg slett ikkje terrorisme. Ikkje det spor. Eg meinar tvert om at vald og våpenbruk er av det vonde, og bør begrensast så sant som råd er. Då tvillingtårna i New York rasa, gjekk det ei sjokkbølge gjennom den vestlege verda. Samtidig kunne vi sjå tv-bilder frå Damaskus og Jordan og Afghanistan, der menneske jubla og feira. Over to tusen menneske vart drepne, og så såg nokon det som ein grunn til å feire? Det heile var ei ganske bisarr oppleving.

Ikkje mindre er det like bisarrt å sjå menneske i den vestlege del av verda, min del av verda, gå ut i gatene og feire at ein mann er blitt drepen. Dei to gatene, gata i Damaskus og gata i New York, smeltar saman, og eg registrerar nok ein gong at det er visst ikkje så stor skilnad på oss menneske, trass alt. Det eine folket er ikkje betre enn det andre.

Eit anna perspektiv som også må takast med, og som er meir alvorleg enn det at folk jublar, er det at her har dei drepe ein mann som ikkje vart kjent med Jesus. Dei tok frå mennesket alle sjansar til å møte tilgjeving og rensing for synd. Alle sjansar til å bli født på ny og bli kjent med Gud er no over. Mannen var terrorist, sant og visst, men var han mindre elska av Gud av den grunn? Hadde Gud gitt han opp? Eg trur ikkje det. Har vi andre då nokon rett til å ta livet hans, og ta frå han alle sjansar til å omvende seg?

Eg trur Jesus grein då Osama Bin Laden vart skoten. Nok ei tapt sjel.

mandag 18. april 2011

Instruksjonsboka

(Ei likning om liberal teologi)

Lengst inne i ein fjordarm, i ei lita og grisgrendt bygd, var det ein gong eit koseleg lite samfunn med jordbrukarar. Dei hadde fått jorda av kongen i den store byen, og hadde dyrka opp den marka dei kunne få tak i på den vesle plassen. I utgangspunktet visste dei ikkje korleis jordbruk skulle drivast, men kongen sendte frå tid til anna agronomar og andre fagpersonar inn til dei, heilt til dei hadde lært. Ein gong kom han til og med sjølv og besøkte dei, og lærte dei lure måtar å pløye jorda på. Alt det som fagpersonane og kongen sjølv kunne fortelje om drift av jorda, skreiv dei ulike bøndene ned etter kvart. Til slutt vart dei einige om å samle alle dei gode råda og instruksjonane i ei eiga bok, slik at alle kunne få del i all kunnskapen. Som tenkt, så gjort. Til slutt sat alle gardane med kvar si instruksjonsbok, og kunne kikke i den når dei trengte gode råd eller friske opp att gamal kunnskap.

Åra gjekk, og generasjon etter generasjon fortsatte å drive gardane i den vesle bygda. Sønene og døtrene lærte faget av sine foreldre, og instruksjonsbøkene gjekk i arv. Dermed vart kunnskapen og erfaringane ført vidare frå slekt til slekt.

Hundreåra gjekk, og folk levde arbeidsomme, strevsame og lukkelege liv på dei ulike gardane. Så ein dag var det ein av sønene som skulle ta over ein gard, som stilte seg svært tvilande til den kunnskapen han hadde fått lære, og til det han kunne lese i instruksjonsboka. Det er så lenge sidan boka er skriven, tenkte han, korleis kan eg vite at det som står der er den luraste måten å drive jordbruk på? No veit vi jo så mykje meir enn det dei visste då, det kan då umogeleg vere aktuelt lenger? Og korleis kan vi i det heile vite at alt er råd frå kongen, kan det ikkje like godt vere ideear bøndene på den tida kom på sjølve? Den unge mannen gøymde boka vekk i eit skap, og begynte å drive gården ut frå det han tykte måtte vere mest fornuftig. Han fekk også andre med på dei same tankane, så etterkvart var det mange bønder som gjekk nye vegar og begynte å eksperimentere med framgangsmåtane.

Ein meinte at det måtte då vere mykje lurare å så ut kornet før ein pløygde, ein annan sa at det var då slett ikkje sikkert at ein trengte så i det heile. Tredjemann tykte synd på oksane og hestane, så han slepte dei fri, og begynte sjølv å dra plogen. Fjerdemann tykte det var mykje kjekkare å ha fest og leve gode dagar, enn å sveitte og streve på åkeren. Dette såg naboane, og fulgte hans eksempel. Dei hadde ein vidunderleg fri og lukkeleg vår. Sommaren var deilig, med hagefestar og badeturar og konkurransar og bryllup og så mykje moro at dei heilt gløymte av heile jordbruket. Hausten var den mest avslappa dei nokon gong hadde hatt. Instruksjonsbøkene støva ned, saman med ubrukte rekneskapsbøker og ubrukt såkorn. Folket var lukkeleg, og meinte at dette måtte då vere ein mykje betre måte å leve livet på, enn den strevsomme og livskuande måten som kunne lesast i instruksjonsbøkene. Livet var endeleg godt å leve!

Så kom vinteren. Dei store kornsekkane begynte å bli slunkne, potetbingene stod ufyllte og stabbura var like tomme som då dei vart bygde. Plutseleg var det ikkje nokon grunn til å feire, og familie etter familie såg seg nøydde til å forlate gård og grunn og søke lukka ein annan stad. Til slutt låg bygda der brakk og stille. Husa stod tomme tilbake, og instruksjonsbøkene var det ingen som hugsa å ta med.

mandag 29. november 2010

Credo

Eg trur på Gud Fader, den allmektige, som skapte himmel og jord.
Eg trur på ein kjærleg og tilgjevande Gud, som bur i det høge og heilage, og hos alle nedbrutte syndarar som ropar på han. Eg trur på ein Gud som høyrer, både klagerop og stille bøner. Eg trur på ein Gud som ser og bryr seg om alle menneske. Eg trur på ein Gud som har eit hjartelag så stort at vi aldri kan fatte det. Eg trur på ein Gud som elskar meg så høgt at han var villig til å nedverdige seg og bli menneske.
.
Eg trur på Jesus Kristus, Guds einborne son, vår Herre, som vart avla ved Den Heilage Ande, fødd av Maria møy, vaks opp som menneske blant menneske, levde eit syndfritt og heilagt liv, viste oss den rette måten å leve på. Eg trur på Messias, min frelsar, som vart pint under Pontius Pilatus, vart krossfest, døydde og vart gravlagd, fór ned til dødsriket, stod opp frå dei døde tredje dagen, fór opp til himmelen, sit ved høgre handa åt Gud, den allmektige Fader, går i forbøn for alle sine barn og har eit hjarte som lengtar etter samfunn og kommunikasjon med alle menneske. Eg trur Jesus er den einaste sanne vegen til Gud, den einaste døra inn til himmelriket, ei sanning alle menneske må få høyre. Eg trur på ein allmektig Herre, som skal koma att og døma levande og døde. Alle menneske skal då bøye kne og erkjenne at Kristus er Herre til evig tid.
. .
Eg trur på Den Heilage Ande, ei heilag, allmenn kyrkje, eit samfunn av dei heilage, forlating for syndene, oppstoda av lekamen og evig liv. Eg trur Bibelen er rettesnor for livet og eit lys på vegen mot Himmelen.
.
Dette er mi tru, mitt credo.

søndag 24. oktober 2010

Landet under isen

Dette er ei spennande og til tider ganske skummel bok. Forfattaren har laga eit spennande plott, og fortel på ein fengande og levande måte. Det var vanskeleg å ta pause i lesinga!
.
Eg skal ikkje gå så nøye inn på handlinga i boka. Dei som har lyst til å lese boka, kan sjå fram til mykje spenning. Og dei som ikkje kjem til å lese den, vel, your loss. Grunnen til at eg skriv om boka her, er ein heilt annan. Forfattaren har pakka historia inn i religiøst gavepapir, og ein vaken lesar kan ikkje unngå å sjå parallellane som vert trekte til dei tre store verdsreligionane; jødedom, kristendom og islam. Researchen har vore grundig utført, for boka er gjennomsyra av religiøse symbol og vendingar.
.
Det forfattaren midlertid har misforstått, er korleis vi som kristne forheld oss til religionen vår. I boka meir enn hentydar forfattaren at viss dei ulike religionane kunne bli einige, så ville verden bli ein betre stad. Vidare er det tre heilt konkrete bodskap: vi må stå saman, dei som tilhøyrar dei tre religionane bør innsjå at dei har same Gud, og sanninga ligg hos den enkelte. Alle har rett og alle har feil. Den første påstanden er eg einig i. Som menneske bør vi respektere og samarbeide med kvarandre, og saman prøve å skape best mogeleg forhold og fridom for alle. Når vi kjem til dei to neste punkta, begynner det midlertid å rakne litt.
.
Forfattaren meiner at jødar, kristne og muslimar trur på same Gud, og dermed burde slå seg saman til ein einaste stor religion. Jødar og kristne trur for så vidt på den same Gud, men jødar har endå ikkje blitt kjent med den treeinige Gud. Utan å kjenne Jesus, og få hjelp av den Heilage Ande, er det umogeleg for eit menneske å kunne sjå kven Gud er. Det er altså ikkje berre å bli "einige". Å hevde at muslimar trur på den same Gud som kristne, er totalt skivebom. Gudsbildet i islam krasjar på så mange punkt med det kristne bildet av den heilage, kjærlege, allmektige og treeinige Gud, at det er heilt umogeleg å samanlikne dei to. Allah vert framstilt som ein mykje fjernare, strengare og ikkje minst meir uberekneleg guddom, som menneska skal respektere, men aldri kan bli kjent med.
.
Når det gjeld det tredje punktet, at sanninga er hos kvar enkelt, er dette eit synspunkt som er svært populært. Det som er rett for meg, er ikkje nødvendigvis rett for deg. Relativisme er in, men det gjer det ikkje meir rett av den grunn. Som kristen trur eg på absolutt sanning. Sanninga er ein konstant, det er vi menneske som er relative. Vår måte å forholde oss til sanninga på, vil variere, men Sanninga er uforanderleg. Gud er alltid den same, og kun i hans nærleik vil vi kunne bli kjent med sanninga om oss sjølve, livet og heile universet.
.
Til slutt: forfattaren meiner altså at dei tre religionane berre må bli einige, begynne og samarbeide og innsjå at alle har like rett og like feil. Forfattaren ser altså for seg religionane som tre ulike "supportarlag", som må innsjå at dei eigentleg heiar på det same fotballaget. Problemet er berre at heile utgangspunktet er feil. Som kristen er eg ikkje ein "supportar", "tilhengjar" eller "medløpar". Eg er ikkje kristen fordi eg syns kristendom er så kult, eller fordi eg "var jo nøydt til å velje noko". Eg er heller ikkje kristen fordi eg er født i eit land med ei stor statskyrkje, eit land med lange kristne tradisjonar. Alt dette kunne eg i teorien gitt på båten for fred og samarbeid med mine medmenneske.
.
Eg er kristen fordi eg har blitt kjent med han som skapte meg. Eg har fått sjå min eigen håplause tilstand, og eg har mottatt håp, kjærleik og frelse frå Skaparen sjølv. Han har døydd for meg! Han har stått opp frå dei døde for meg! Han vandrar saman med meg! Han har gitt meg framtidshåp, både for livet mitt her og for æva. Skaparen sjølv har vist meg nåde, og gitt meg noko som berre den som er allmektig, heilag og nådig kan gi.
.
Så kjære Lars Mæhle: det er nok heilt komplett umogeleg for meg å seie meg einig i bodskapet i boka di. Det er ikkje berre å slå seg saman med dei andre religionane. Eg tilhøyrer nemleg ikkje ein religion, eg tilhøyrer ein levande og nådig Skapar, som innehar den einaste og fulle Sanninga.
.
Til slutt: eg hadde sett pris på litt mindre banning, men utover det var det ei super bok. Eg likar bøker som er spennande, har litt avanserte plott, vakker forteljarstemme og engasjerande bodskap. Særleg bøker som kan provosere fram bloggskriving!
..
Ole

tirsdag 19. oktober 2010

Neodarwinisme

Det er ikkje alltid lett å skulle undervise om evolusjonsteorien. Ikkje fordi det er vanskeleg å forstå argumentrekka, eller fordi det er vanskeleg å forklare at og korleis det naturlege utvalet fungerer i praksis i naturen. Problemet er at vi i den offentlege debatten ofte finn ei begrepsforvirring utan sidestykke. Denne forvirringa gir neodarwinistane, dei som hevdar at mennesket har blitt utvikla frå lågareståande artar, og at livet oppstod tilfeldig og har utvikla seg frå nokre få heilt enkle organismar, ein fordel. Dei kan sjonglere med uttrykka, blande dei saman og koke ei suppe som er halvt sanning, halvt løgn, og dermed få tilhøyrarane til å svelje den. Endå den er rå. Og altså halvvegs usann.
.
Heldigvis finst det klartenkte og reflekterande menneske som kan hjelpe i denne situasjonen. I dag kom eg over denne svært opplysande og ryddige artikkelen: Amøbedefinisjonar.

Det er viktig å setje seg inn i dette tema, så ikkje neodarwinistane får råde grunnen og villeie folk med sine svært ulogiske og vitskaplege uhaldbare argument. Darwin hadde svært mykje bra og vitskapleg interessant å komme med, men vi må berre halde fast på det som er vitskapleg korrekt, og som fylgjer naturlovene. Å misbruke funna og argumenta hans til å hevde argument som ikkje held vatn, er å øydeleggje ettermælet til ein dyktig forskar.

lørdag 9. oktober 2010

Balestrand i vinden

Det er ikkje så ofte vesle Balestrand er i riksmedia. I går kveld kunne vi i programmet Nytt på nytt sjå eit bilde av Tjugum kyrkje, og saka som har vore oppe denne veka er følgjande: Soknerådet ynskjer ikkje å gravleggje muslimar på kyrkjegarden. Grunngjevinga som vart gitt i humorprogrammet, var at muslimar skal liggje med hovudet mot Mekka, og dermed ein annan retning enn den kyrkjegarden er orientert etter i dag.

Eg vil tru at der også er fleire gode argument til kvifor ei kristen kyrkje ikkje ynskjer å gravlegge muslimar, og eg kan ikkje tru at det store fleirtalet av muslimar tykkjer dette er så aktuelt heller...

Eit preserande spørsmål trengjer seg på: I kva for andre land i verda ville dette vore ei nyheitssak? Ikkje så mange trur eg.

fredag 19. mars 2010

Vinterblome

Gjennom snøen og isen veks du opp
Trassar frosten og kulda,
trassar lovene
som forbyr deg å komme.
Du er ein protest mot døden:
den kan ikkje halda på deg.

Du er den aller første blome,
den fyrste av alle
som skal komme.
.
Snart er det påske, og vi skal feire førstegrøda av alle oss som skal stå opp til evig liv etter døden: Jesus Kristus!
.
Det er så deilig at påska er om våren, då heile naturen kappast om å overvinne døden og vise at livet er sterkare.
.
Livet er sterkast! Ingen kan sigre over Jesus og hans frelsesverk.
.
Go down yonder Gabriel
put your foot on the land and sea
now blow your trumpet boy until you hear from me
.
There ain't no grave gonna hold my body down
there ain't no grave gonna hold my body down
when you hear that trumpet sound
gonna get up out of the ground
there ain't no grave gonna hold my body down
.
Looked over Jordan, what did I see?
A band of angels coming after me
.
There ain't no grave gonna hold my body down
there ain't no grave gonna hold my body down
when you hear that trumpet sound
gonna get up out of the ground
there ain't no grave gonna hold my body down
.
Meet me Jesus meet me
Meet me in the middle of the air
if these wings fail me, meet me with another pair
.
There ain't no grave gonna hold my body down
there ain't no grave gonna hold my body down
when you hear that trumpet sound
gonna get up out of the ground
there ain't no grave gonna hold my body down
.
(Johnny Cash: American VI; Ain't no grave)