Sider

søndag 29. november 2015

Jesus på tempelplassen



det er så mange rom her
sa han, tørka støvet
av bortgøymde bøker og møblar

gjekk vidare til overfylte salar
med travel aktivitet;
så mykje som skal sorterast, stablast -

stille ristar han på hovudet
ser på meg, spørjande i blikket
skal du ha alt dette?

og eg forstår, motvillig
at det finst berre eitt rett svar
men vegrar meg, ventar

går inn i neste rom, og neste og neste
til det meste er avdekka, kartlagt
og mista sin verdi

ta det, alt saman, seier eg –
kjenner korleis byrda lettar
for kvar minste ting som forsvinn

til sist slår han ned veggane,
erstattar dei rotne konstruksjonane
og bygger det heile om

til ein katedral



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar