Sider

søndag 8. mars 2015

Sesjon

Ta difor heile Guds rustning på, så de kan gjera motstand på den vonde dagen, vinna over alt og bli ståande. Så stå då fast: Spenn sanninga til belte om livet, ta rettferda til brynje, og snør fredens evangelium til skor på føtene, så de er klare til å gå. Lyft trua høgt til skjold i alt som hender! Med det kan de sløkkja alle brennande piler frå den vonde. Ta frelsa til hjelm, og grip Andens sverd, som er Guds ord. Gjer dette i bøn, og legg alt fram for Gud! Be alltid, i Anden! Vak og hald ut i bøn for alle dei heilage.

Ef 6, 13-18




Sesjon

brenn dine ynskjer,
nye veks fram
frå oska stig det nye livet

det startar ved ytterkantane
av din eigen vilje
og innover -

kast dine våpen på fjorden,
i denne krigen er det sanninga
som skal rydde vegen

gjennom skytegraver og piggtråd,
over høge vollar, ragande tårn
og menneskehjarte -

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar