Viser innlegg med etiketten Jesus. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Jesus. Vis alle innlegg

søndag 18. november 2018

Bli sett




det er nok Herre
å vite        at du ser meg
sjølv om ikkje eg ser deg

frå eg vart fødd
har eg vore blind
mitt andelege auge er tåkete
og stumt

det livet som lever i hjartet
er det du som held liv i,
den trua som boblar i blodet
er det du som held oppe

mine avgrensa tankar
og retningslause ord
hadde vore støv i vinden
aske på sjøen
om ikkje du        og einast du
hadde kome og sett
og omslutta ein blind som meg
med kjærleik




Joh 9,1: Då Jesus kom gåande, fekk han sjå ein mann som hadde vore blind frå han var fødd.

 

søndag 8. juli 2018

Så nær mitt gråe hjarte




det er ikkje alle som ser
at innsida av hjartet er ei borg
barrikadert og bolta fast
av knuste draumar, håp – og sorg

auga stoppar ved fernissen
min askegrå fasade
strukturen min er prega
av merker etter hån
og endå tyngre kanonade

alt det synlege hos meg
er byggverk heilt på skakke,
og alle veit
eg har meg sjølv å takke –

berre Ein vågar seg nærme
nok – til å sjå
bønene frå eit vrak
der alt har gått i stå

alle mine rop om hjelp
dei skriblar eg med kritt;
tårene, som ingen ser
renn til alt vert kvitt

berre den
            som vågar seg heilt nær
som Du
kan sjå – og så forstå
og finne koden inn til hjartet
etterpå






Luk 19,5-7: Då Jesus kom dit, såg han opp og sa til han: «Sakkeus, skund deg og kom ned! For i dag må eg ta inn i ditt hus.» Då skunda han seg ned og tok imot Jesus med glede. Men alle som såg det, murra og sa: «Han har teke inn hos ein syndig mann.»
 

lørdag 21. april 2018

Ordre: Elsk!



han skreiv manualen på veggen;
den nye regelen

ein ordre om å elske
ein veg å gå – saman

så teikna han seg sjølv
på den same veggen,
og steig ut av flata

omfamna oss alle,
vi kunne kjenne hjarterytmen
og vart fylte av varmen
og gløden i auga smitta over til oss

slik –
sa han

og steig tilbake bak veggen,
og alt som stod att
var manualen

den sa det vi no hadde lese
i brennande skrift på eit hjarte




Joh 13, 34: Eit nytt bod gjev eg dykk: De skal elska kvarandre. Som eg har elska dykk, skal de elska kvarandre.