tirsdag 31. juli 2012

Anti-reklame

Du er god nok
Heilt og fullt god nok!
Du er eit stort pluss
i rekneskapen

Same kva andre seier:
Du er fin
Du er verdifull
Du treng ikkje endå fleire ting
for å bli betre

Det du kjøper
kan nemleg
aldri
gjere deg til ein betre person

Ta heller på deg
noko du har
Gå ein tur
og sjå at verda, og du, er vakker!


Eg har alltid vore interessert i media og mediakommunikasjon. Heilt frå den gongen eg lærte om reklameteknikk i norsktimane på vidaregåande, via medialinja på Bildøy bibelskule, til det at eg no sjølv underviser elevane mine om dette temaet, har eg vore oppteken av reklameteknikk. Det finst mykje god reklame, og det finst sanneleg mykje dårleg også. Same kva resultatet av ein reklamekampanje er, er målet alltid det same:

Få oss til å kjøpe produktet.

Måten seljarane prøver å overtyde oss på er ulik frå reklame til reklame, men ganske ofte er bodskapen eintydig: Kjøper du produktet, får du tilfredsstilt eit behov og du vert fornøgd/får det betre med deg sjølv.

Førre veke var eg på seminar på Lyngdal bibelcamping, og Jarle Haugland frå "Familie og medier" underviste om blant anna dei bodskapane reklamen prøver å overtyde oss med, og kor viktig det er å vere medviten dei ulike triksa.

Og nok ein gong sat eg og vart provosert... Provosert av dei menneska som sit og lagar reklamekampanjar, og med vilje gir oss dårleg sjølvbilde og falske behov. Fakta er at vi slett ikkje treng stadig nye ting. Vi treng ikkje den nye typen shampo for å føle oss vel. Vi er slett ikkje nøydde til å drikke cola eller kva det no skulle vere for å bli akseptert av andre.

Denne type reklame trykkjer oss ned, og fremjar ein bruk-og-kast-kultur som ikkje gavnar verken oss sjølve eller naturen.

Kva med å setje seg ned, eller gå ein tur, og vere fornøgd med det ein har? Kva med å stille seg dette spørsmålet neste gong reklamen, eller noko andre, seier oss at dette må du berre ha: Treng eg det verkeleg?

(Foto: frå Flickr; Bella)

mandag 30. juli 2012

Musikkhistorie del 4: Børud-gjengen

Eg tilhøyrer den generasjonen som er oppvaksen med Børud-gjengen. Kassetten "Livet er herlig" var fast feriemusikk ein periode av livet, og eg veit ikkje kor mange gongar eg har høyrt gjennom denne og den første kassetten, den med sykkelen... Men eg veit det er mange.

Ole Børud gav etterkvart ut ein eigen kassett: "Alle skal få vite det." Dette trur eg var den første kassetten eg eigde sjølv, og eg fekk den omtrent på same tid som eg fekk min første kassettspelar. Dermed låg forholda godt til rette for mykje lytting. Eg kan fortsatt melodien til nokon av songane, men endå viktigare enn det er at eg fortsatt kan hugse litt av lyttestemninga frå den tida. Musikk appellerer til mange ulike sider ved oss, og eg har mange sanseinntrykk knytt opp til akkurat den kassetten.

Eg vart eldre, og det vart Børud-gjengen også. Ein gong tidleg på 90-talet gav dei ut denne kassetten:


Coverbildet var tøffare, og også musikkstilen hadde fått eit meir ungdommeleg preg. På den tida var det viktig; mellomtrinnstida er ei vanskeleg tid, der det er lett å falle utanfor. Eg stilte meg sjølv, bevisst, på sidelinja når det gjaldt musikk. Eg heiv meg aldri med på Guns N' Roses-bølgja, for eksempel. Likevel ville eg jo gjerne høyre på musikk som ikkje falt heilt gjennom... Børud-gjengen heldt eit stykke med denne kassetten, om ikkje heilt fram...

Ein musikkmedley frå Ole Børud si plate:



Og så songen "På mitt parti" frå kassetten "Livet er herlig". Her får ein sjå alle covera, og dei fleste har med seg gode musikkminner:



Viss du ynskjer å høyre på plata "Virkeligst av alt", er her spelelista i Spotify:



Er det fleire enn meg som har gode minner knytta til Børud-gjengen?

søndag 22. juli 2012

Å drepe, eller ikkje drepe...

Kain
Jesabel
Herodes
Djengis Khan
Jack the ripper
Hitler
Stalin
Pol Pot
Dennis Rader
Ted Bundy
Timothy McVeigh
Anders Behring Breivik
James Holmes (Kinomassakren i Denver)

Lista over kjende mordarar kunne vore lenger. Mykje lenger. Berre fire kapittel ut i Bibelen, medan vi endå er heilt i starten av urhistoria, møter vi den første kjende drapsmannen, Kain. Han vert misunneleg på bror sin, så misunneleg at det ikkje er til å leve med. Så han drep han.

Etter dette første drapet, har det blitt begått eit utal drap opp gjennom historia. Ved nokre tilfeller, som Kain, er det éin person som vert drepen. Andre gongar, som ved for eksempel Hitler og Stalin, er det snakk om millionar. Kvar einaste dag, kvar dag i året, vert nokon drepen, ein eller annan stad på jorda. Liv vert avslutta ved vold.

Nokre gongar er drapa kamuflerte og skjulte bak lovar og reglar. Lovlege drap. Soldatar i krig, avretting i fengsel, legar ved abortklinikkar. Mange gongar står staten bak og regulerer drepinga. Likevel: Det er likefullt drap.

Kva er grunnen til at vi menneske gjer dette mot kvarandre? Det er vanskeleg å forstå, men den som drep klarar ofte å distansere seg frå ugjerninga, og rettferdiggjere den for seg sjølv. Dei som har det lettast, er vel soldatar i krig. Dei kjempar for landet sitt, gjer det styresmaktene ynskjer. Dei kan skjule seg bak lovverket, og frikjenne seg sjølv. (Men om det verkeleg er så enkelt som det, på det psykologiske planet, er vel ikkje så sikkert...)

Hitler drap dei som var annleis, dei som ikkje var verdige til å leve i samfunnet. Avskummet, rottene, dei umenneskelege menneska. Stalin drap dei som tenkte feil og handla feil. Menneske som stod i vegen for den store statstankene, menneske som opponerte mot makta. Kolonistane (og då den belgiske kongen i ei særstilling) på 1800-talet, drap menneske med mindre verdi, lågareståande individ utan kultur.

Vi kunne fortsett. Menneske klarar alltid å rettferdiggjere drapa sine på eitt eller anna vis. Det er som regel logisk for den som drep.

Det verkeleg skumle spørsmålet, det spørsmålet som eg er aller reddast for å stille, er: Kunne eg drept nokon sjølv? Kunne eg drept nokon, og rettferdiggjort drapet etterpå? Eg tenkjer på soldatane til Hitler. Føraren deira var maktsjuk og hjertelaus, men eg får meg ikkje til å tru at alle dei millionar av gutar som kjempa for han, var galne. Dei fleste må ha vore vanlege, moralske menneske, som meg og deg. Likevel drap dei. Nokre var kaldhjarta, ja. Ein kunne vel ikkje ha noko særleg karriere innan SS utan å tole litt blod. Men dei fleste var vanlege menn. Som meg.

Kain var heller ikkje nokon djevel. Etter drapet vart han redd, livredd. Både for det han hadde gjort, men også for at andre skulle hemne drapet og drepe han også.

Eg trur ikkje det var dette som var planen frå Gud si side. Eg trur ikkje han skapte oss som drapsmenn, menneske som tørsta etter å drepe kvarandre. Verda, etter skapinga, var god. Men vi svikta Gud, vi svikta det gode, og ondskapen fekk slå rot blant oss. "Vi gjekk oss alle vill som sauer..." som det står i Jesaja 53. Og med oss på vegen tok vi ondskapen.

Eg har nettopp lest ei veldig god bok som tek opp spørsmålet om godt og ondt, "Aarons maskin" av Sverre Knudsen. Her påstår ein av personane i boka at vi menneske er både gode og onde, på same tid, og heile tida må vi velje om vi vil gjere gode eller onde handlingar. Vi kan ikkje velje det gode, og så er stien lagt for oss framover. For kvar situasjon vi møter, må vi velje mellom gode eller onde handlingar. Og så kjem den same personen med endå ein påstand: "Eg er det eg gjer." Kven vi er, vert definert ut frå handlingane våre. Ein god person er ein som vel dei gode handlinga. Ein ond person, er ein som vel onde handlingar.

I utgangspunktet er det mykje bra med denne filosofien. Blant anna trur eg det er rett at vi har både det gode og det onde i oss, og at vi må velje kvar dag.

Problemet oppstår når vi møter ein valsituasjon, har dei ulike vala skissert opp framfor oss, veit kva som er godt og kva som er ondt, har lyst å gjere det gode, men så endar ein opp med å gjere det onde likevel... Å ta dei rette vala er slett ikkje enkelt, og å ta så mange gode val at ein kan seie at ein er ein god person er beint fram umogeleg. Til det er det altfor mykje egoisme, maktsjuke, havesjuke, begjær, hat, rastløyse, uvilje, protesttrang, misunning, feighet, redsel osv. i oss. Vi består rett og slett ikkje av materiale som er godt nok til å velje det gode heile vegen.

Dermed vel vi feil, alle saman. Vi vel av og til å lyge, i staden for å seie sanninga. Fordi det passar oss best. Vi vel av og til å stele. Fordi det passar oss best. Vi vel av og til å baksnakke, mobbe, trakassere, ignorere, utestengje. Fordi det passar oss best. Vi vel av og til å drepe. Fordi det passar oss best.

Eit av dei viktigaste bodskapa i "Aarons maskin" er at det ikkje går an å skilje det gode og det onde i menneska. Det er umogeleg å skape 100 % gode menneske. Dette er sant. Så lenge vi snakkar om menneske.

Eg vil trekkje inn ein dimensjon til, som ikkje er med i "Aarons maskin." (Og det er heilt ok, for no bevegar eg meg utover det som var målet med boka). Eg vil trekkje inn Gud. "Ingenting er umogeleg for Gud," kan vi lese i Bibelen. Vi er laga av "blandingsmateriale", og vel ofte det onde. Berre Gud kan omdanne oss, skape oss på nytt av godt materiale. Berre Gud kan ta bort det onde i oss, og gjere oss til gode menneske.

Omskapinga skjer medan vi endå er på jorda. Sjølv om vi endå må slite med det onde i oss, og sjølv om vi endå vil oppleve feilval og onde handlingar, har vi ein Far som jobbar med oss, reinsar oss og vil hjelpe oss å bli stadig meir lik han.

Dermed er det, for kvar dag eg les i Bibelen og lever nær Jesus, stadig mindre sannsynleg at eg vil komme til å drepe nokon. Ikkje fordi eg er betre enn andre menneske, men fordi Jesus skaper meg om og omformar meg til å bli stadig meir lik den personen han meinte at eg skulle vere.


lørdag 21. juli 2012

Kunst

Kunst er for sjela
Det kjærleik er for hjartet
Mat for ganen
Bilder for fjernsynet
Maling for huset

Det går an å vere utan
Men det ville vore rimeleg stussleg. 

 

torsdag 19. juli 2012

Alltid noko nytt

I fire månader stod han ved vindauget
Brukte tida godt
Studerte nøye, fekk med seg alt
Alle detaljar
Alle eigenskapar

Han søkte til og med opp på internett
Leste fakta
Leste alt som var å lese

Kvar dag, når han gjekk forbi
kasta han eit blikk inn
Såg
Lengta, sparte
Telte på kronene
Telte på minutta

Til slutt kunne han gå inn,
legge pengane på bordet
Han kunne ta den med seg ut
Halde den i handa
Kjenne gleda boble

Allereie dagen etter
var han lei, den vart liggande

Det hadde dukka opp noko nytt
Tvers over gata, i eit anna vindauge.



onsdag 18. juli 2012

Minne

Ein dråpe blod
fell til jorda
Væter den, vatnar den
Gir næring
til nye vekstar,
plantar som kan bløma,
stå og lyse i sola
Plantar som ber med seg minnet
Om det som ein gong var


søndag 15. juli 2012

Sakkeus

- Den som ingen andre likar...
- Den som kjenner seg liten, held seg unna andre...
- Den som har rota til livet sitt...
- Den som angrar på dumme val, utan å vite korleis ting kan bli bra att...
- Den som er nysgjerrig på Jesus, men veit ikkje heilt korleis han er...
- Den som gjerne vil starte på ny, hadde han berre fått ein sjanse...


... den ser Jesus, nett slik han såg Sakkeus!

Den rike tjuven, svindlaren, pengeutpressaren. Sakkeus som jobba for okkupasjonsmakta, hadde gått i forbund med fienden. Ein landssvikar. Den rike mannen, som velta seg i luksus, fråtsa i mat, brukte pengar som andre hadde sveitta og slitt for å tene. Den vesle mannen, einsam i si borg. Han hadde alt, berre ikkje fred...

Og Jesus? Snekkersønnen frå ein landsby i Galilea. Heidningane sitt Galilea, som det også vart kalla. Ein fattig omstreifar, vandringsmann. Mannen som levde frå hand til munn. Jesus, som forkynte så mange merkelege ting, ting som gjorde dei lærde sinte, ting som trakk folket til seg. Denne mannen, med eit rykte som går i forvegen, og ei folkemengde som fylgjer etter. Elska og hata. Elska og frykta. Han hadde ikkje så mykje, men det er noko med han.

Den rike tjuven, og den fattige læraren. Eit uvanlage møte. Tjuven gøymer seg vekk, høgt i eit tre. Han vil sjå, utan å bli sett. Han har funne seg eit godt utkikkspunkt, her kan han sjå i fred. Sakkeus tenkte ikkje på at Gud kan sjå alt, sjølv små menn i høge tre. Sjølv rike menn, med svarte hjarte.

Jesus kallar han ned, og innbyr seg sjølv på besøk. Fredsfyrsten stig inn i einsemda si høgborg, den rike fasaden sine festsalar. Sakkeus er forundra, og folket rasar. Er Jesus ven med forrædarar, svindlarar, syndarar? Kan Jesus, denne forunderlige læraren, verkeleg gå inn i huset til ein tjuv?

Jesus går inn. Jesus et og pratar. Jesus gir Sakkeus ein ny sjanse. Eit tilbod. Ein ny start. Og Sakkeus grip sjansen, han kjenner noko nytt, noko ukjent, boble fram djupt nede i hjartet. Ei glede han aldri har kjent før, ein fred han aldri har fått av gullet og sølvet som pynter opp huset. Han kjenner ei tilhøyrsle som han har lengta etter, godt skjult bak den harde innkrevarfasaden. Alt han har bygd opp i løpet av livet, slår sprekkar og smuldrar vekk. Steinhjartet vert omdanna, begynner å banke, det nye livet startar å pulsere i årene.

Meisteren går vidare, tjuven, ekstjuven, står smilande tilbake. Pengar betyr ingenting lenger, makt betyr ingenting. Rikdom, status, luksus. Ingenting. Freden har senka seg over Sakkeus sitt hus. Alt er blitt nytt. Livet vert aldri som før att.

Eit lite møte. Ein vanleg dag i Jeriko. Ein ubetydeleg dag i verdshistoria. For resten av verda nok ein dag med slit, strev og glede. For Sakkeus: Starten på ei ny tidsrekning.

fredag 13. juli 2012

Sjølvbilde

No er eg komfortabel
Heilt på linje
Med meg sjølv

Eg tør vise meg sjølv
Eg tør seie det eg tenkjer

Slik har det ikkje alltid vore
For når ein er ung
er ein usikker
Eg var kanskje endå meir
Enn vanleg

Kanskje

Konfliktsky
Flau og ukomfortabel
Tenkte alltid på kva andre tenkte
(Gjer det sjølvsagt endå,
men annleis)

Eg følte meg liten
Passa ikkje inn
i tablåa eg var plassert i
Dei andre høyrde til, ikkje eg

Gradvis har det endra seg
No tør eg tenke
At stemma mi har noko å seie
No tør eg tru
At eg kan vere meg sjølv
Alle stader

No tør eg tenkje
At eg er ok

Viktigast av alt:
No er det ikkje så farlig med alt
Eg tek det ikkje så innmari alvorleg
Om eg gjer noko dumt

Dei får berre le
Eg veit kven eg er

Foto teke av Lise (3 år), hennar første bilde!

Eit noko personleg dikt... Kom berre til å tenkje på all uvissa som fulgte med det å vere ung, og kor glad eg er for at eg no er vaksen, meir definert og trygg. I jobben som lærar er det svært nyttig å tenkje litt tilbake på dei tankane ein tenkte sjølv for eit halvt liv sidan, og dei problema ein måtte jobbe seg gjennom. Særleg er dette med sjølvbilde viktig, for det er så mange ting som virkar inn. Eit godt ord til rett tid, kan byggje opp utruleg mykje. Eit galt ord kan rive ned meir enn ein anar.

Uvissa veks ein forhåpentlegvis ifrå, og vi som vaksne har eit ansvar i det å framskunde prosessen.

tirsdag 10. juli 2012

Å mistolke intensjonar

I Josva 22 kan vi lese om ei litt spesiell hending. Israelsfolket har akkurat innteke det lova landet, og delt det mellom seg. Tre av ættene ha valt seg land på austsida av Jordanelva, men har vore med på å hærta resten av landet. No skal dei vende heim att, og har kryssa Jordan. På andre sida startar dei å bygge eit stort og flott alter.

Når dei andre ættene, på vestsida av Jordanelva, får høyre om dette, vert dei sinte og vil gå til krig. Tenk, her har dei opplevd at Gud har gjort store under og hjelpt dei til å få landet sitt, og det første dei tre ættene gjer når dei forlet landet, er å bygge eit nytt alter! Skulle dei forlate pakta med Gud så fort?

Heldigvis gjer dei øvrige ættene noko lurt før dei går til open krig mot "paktsbrytarane". Dei sender ut ein delegasjon som skal forhøyre seg om situasjonen, få avklart kva dette er for noko og så ta valet sitt ut frå det dei høyrer. Dei går altså ikkje til handling på ryktet dei høyrer, men ynskjer å få klart opp i situasjonen før dei går til aksjon. Akkurat det var veldig smart, for det viser seg at dei tre ættene slett ikkje har tenkt å bryte pakta. Dei har ikkje bygd eit alter for å ofre på eller tilbe andre gudar på. Dei har bygd det som eit minnesmerke, eit merke som skal stå som eit symbol på pakta med Gud, slik at dei oppveksande slektene ikkje skal gløyme kven dei høyrer til. Eigentleg ein utruleg flott intensjon! Dei såg kor viktig det er å minne etterslekta på avtalen med Gud, slik at dei ikkje sviktar den.

I dag er det nok også mange trushandlingar som kan mistolkast. Det er ikkje alltid vi oppfattar alle ting likt (Eigentleg veldig sjeldan, igrunn...), og det er lett å dømme andre utan å kjenne til alle fakta. Ta for eksempel den evigvarande musikkdebatten på 50-, 60-,70-, 80-, 90-, 00-talet... Kva type musikk kan spelast til ære for Gud? Eller debatten om løfta hender eller ikkje under lovsang... Eg kunne nemnt mange ting, og det er ofte store forskjellar mellom ulike trussamfunn på korleis ein gjennomfører forbønn, møter osv. Og så kan ein stå på kvar sin knaus, og rope over til dei andre, og meine at ein sjølv er den som har den absolutt riktige måten å gjere det på. Då gløymer ein å sjå på hjartene og intensjonane. Kanskje alle står med det same ynskjet om å ære Gud med liva sine, og så har ein funne ulike måtar å gjere det på? Kven veit...

Ein ting som har irritert meg ein del den siste tida, er den nye trenden med å bruke kors som motesymbol. Det har skjedd før, men har i vår blomstra opp att. Ein ser klesplagg med kors i store kjedebutikkar, ein ser modellar som går på catwalken med store kors rundt halsen og ein ser motereklamar der store kors er ein naturleg del av antrekket. Som her, for eksempel:


Dette irriterar meg, fordi korset er eit viktig symbol for meg. Det betyr noko, det har ei meining. Det er ikkje eit motesymbol, det symboliserar trua mi på ein død og oppstanden frelsar. Korset er for meg ein påminnar om alt det viktigaste i livet, alt det eg bygger livet mitt på.

At korset difor vert brukt som motesymbol, er noko eg ikkje kan like. At menneske korset ikkje betyr nokonting for, skal gå rundt og vifte med det, plagar meg.

Vent litt, sa eg: "Menneske korset ikkje betyr nokonting for?" Korleis kan eg vite det? Kva veit eg om intensjonane deira? Ok, så dømde eg visst ut frå det eg såg. Og trudde. Og antok...

Kanskje burde eg skjele litt til Josva 22 også på dette punktet, og tenkje som så at korset kanskje betyr noko for personen som har det på seg? Kva veit vel eg om hjartet, kanskje personen faktisk trur og ynskjer ei påminning om Jesus? Det er ikkje godt å seie, i alle fall ikkje før eg har sendt ut ein "delegasjon" og forhøyrt meg om stoda. Det er lurt å vite alle fakta, før ein går til "krig"...

Så får eg heller leve med at det er mote. Det øydelegg uansett ikkje korset si tyding for meg.

lørdag 7. juli 2012

Kan du fikse hjarta

Gud
du ser hjarta mitt
Gud
du veit kva eg tenkjer
lenge før
eg har tenkt
det
Gud
eg vil gjere
din vilje
i eitt
og alt
men
Gud
eg får det ikkje til
Kan du fikse
hjarta mitt?


Det er liksom ikkje berre å bestemme seg for å bli ein betre person. Skal eg bli forandra, trengs det ei totalforvandling av hjarta. Heldigvis er Gud ekspert på slike ting.

mandag 2. juli 2012

Ikkje no, ein annan gong...

Fire tenkte dialogar:

- Å sjå den kofferten, den passar perfekt når vi skal til Spania!
- Ja, vi kan kjøpe den når vi kjem tilbake og ser kor mykje pengar vi har att...

Sjef: Eg ser på papira dine at du er nyutdanna og kvalifisert til å jobbe hos oss. Ynskjer du jobben?
- Ja, til hausten. No må eg først kvile meg ut nokre månadar etter studiane...

- Gratulerer! Eg høyrde at du vann 1 million i lotto på laurdag! Har du vore og henta pengane?
- Nei, eg treng ikkje pengane før neste år. Eg skal hente dei då...

- Eg har lest om Jesus i Bibelen. Det er heilt utruleg, han kan tilgje oss, omskape oss og gje oss eit nytt og betre liv!
- Ja, det verkar bra. Eg skal sjå nærare på det når eg vert gamal og får betre tid...

Ikkje no, ein annan gong. Seinare. Når eg får tid. Eller lyst. Kanskje ein gong eg verkeleg treng det, då skal eg vurdere det. Akkurat no er eg altfor ung, altfor travel, altfor mange planar, altfor redd for å miste... ja, for å miste det eg har no.

Når eg blir gamal, då... då skal du sjå at eg skal vurdere det!

Forkynnaren 12, 1-7  (Mine kommentarar i parentes):

          Tenk på din skapar i ungdoms år,
          før dei vonde dagane kjem,
          før dei åra kjem då du må seia:
          «Eg har inga glede av dei»,
         
   
      før sol og dagslys,
          måne og stjerner blir mørke
          og skyene kjem att etter regnet.
         
   
      Då skjelv tenarane i huset,                    
(armane)
          dei sterke mennene blir krokete.            
(beina)
          Kvinnene som mel på kverna,
          held opp, for dei har vorte så få;          
(tennene)
          og det mørknar for jentene som ser ut gjennom gluggane.       
(auga)
         
   
      Begge dørene mot gata blir stengde,            
(øyrene)
          og duren frå kverna blir døyvd.
          Ein står opp til fuglekvitter,
          men alle songens døtrer stilnar.
         
   
      Då ottast ein for kvar bakke,
          og farar lurer på vegen.
          Mandeltreet blømer,
          grashoppa slepar seg fram,
          og kapersfrukta brest
          medan mennesket går til sin siste bustad;
          dei som skal gråta, er alt på gata.
         
   
      Ja, tenk på din skapar
          før sølvsnora slitnar og gullskåla brest,                
(Livstråden/livet)
          før krukka går sund attmed kjelda
          og hjulet brotnar og fell i brønnen,                        
(Døden)
         
   
       når støvet vender attende til jorda
          som det støvet det var,
          og ånda går til Gud, som gav henne. 


Det er i dag vi veit noko om. Ingen veit noko om framtida, og fortida er det for seint å gjere noko med. Det er i dag det er lurt å vende seg til Gud. Ikkje ein dag, ein gong, når og om og viss...

Katedralar





I dei høge og flotte
Store, stolte bygningane
Kan eg knele
Her får eg møte den Heilage
I ei bøn
Ei stille bøn frå hjarta
Orda eg kviskrar
Smyg seg mellom veggar og maleri
Og etterpå: stille
Eit heilagt rom
Eit heilagt møte


Høg himmel
Stjerner bakom stjerner
Eller åkrar og fjellsletter
Også her kan eg knele
Også her kan eg møte den Heilage
I ei bøn
Ei stille bøn frå hjarta til hjarta
Det store rommet slukar lyden
Det er stille
Og samtidig fylt av jubel og fryd