mandag 29. november 2010

Credo

Eg trur på Gud Fader, den allmektige, som skapte himmel og jord.
Eg trur på ein kjærleg og tilgjevande Gud, som bur i det høge og heilage, og hos alle nedbrutte syndarar som ropar på han. Eg trur på ein Gud som høyrer, både klagerop og stille bøner. Eg trur på ein Gud som ser og bryr seg om alle menneske. Eg trur på ein Gud som har eit hjartelag så stort at vi aldri kan fatte det. Eg trur på ein Gud som elskar meg så høgt at han var villig til å nedverdige seg og bli menneske.
.
Eg trur på Jesus Kristus, Guds einborne son, vår Herre, som vart avla ved Den Heilage Ande, fødd av Maria møy, vaks opp som menneske blant menneske, levde eit syndfritt og heilagt liv, viste oss den rette måten å leve på. Eg trur på Messias, min frelsar, som vart pint under Pontius Pilatus, vart krossfest, døydde og vart gravlagd, fór ned til dødsriket, stod opp frå dei døde tredje dagen, fór opp til himmelen, sit ved høgre handa åt Gud, den allmektige Fader, går i forbøn for alle sine barn og har eit hjarte som lengtar etter samfunn og kommunikasjon med alle menneske. Eg trur Jesus er den einaste sanne vegen til Gud, den einaste døra inn til himmelriket, ei sanning alle menneske må få høyre. Eg trur på ein allmektig Herre, som skal koma att og døma levande og døde. Alle menneske skal då bøye kne og erkjenne at Kristus er Herre til evig tid.
. .
Eg trur på Den Heilage Ande, ei heilag, allmenn kyrkje, eit samfunn av dei heilage, forlating for syndene, oppstoda av lekamen og evig liv. Eg trur Bibelen er rettesnor for livet og eit lys på vegen mot Himmelen.
.
Dette er mi tru, mitt credo.