søndag 30. september 2018

Kjelda








Joh 7, 15-16: Jødane undra seg og sa: «Korleis kan han ha slik kunnskap, han som ikkje har fått noka opplæring?» Jesus svara: «Mi lære er ikkje mi; ho er frå han som sende meg.


lørdag 22. september 2018

I striden





Rom 15,30: Eg legg dykk på hjartet, sysken, ved vår Herre Jesus Kristus og ved Andens kjærleik: Strid saman med meg ved å be til Gud for meg.

søndag 16. september 2018

Ikkje gråt








Luk 7, 12-13: Då han nærma seg byporten, vart ein død boren til grava. Han var einaste sonen til mor si, og ho var enkje. Mykje folk frå byen var med henne. Då Herren såg enkja, fekk han inderleg medkjensle med henne og sa: «Gråt ikkje!»


søndag 9. september 2018

Merkelappen







1. Pet 4, 15-16: Sjå berre til at ingen av dykk må lida straff som mordar, tjuv eller ugjerningsmann, eller for å ha blanda seg opp i sakene til andre. Men lid nokon fordi han er ein kristen, skal han ikkje skjemmast, men prisa Gud for dette namnet. 


lørdag 1. september 2018

Ut av ørkenen




å høyre stemma di
var å finne oasen
etter lange månadar
i minimumsmodus

ei kjølande, rennande lukke
eg kunne svale beina i
og drikke meg utørst
og vaske av støv og skit og størkna blod
etter tapte kampar

legge bak meg det tynnslitte hjartet
som var fylt til randa
av tunge tankar om fortid og framtid –

lei meg vidare, du, Gud – i Ditt landskap
der blomane spirar
graset er mjukt
og fuglane syng glade songar
om det som skal kome





Luk 10, 41-42: Då svara Herren: «Marta, Marta! Du gjer deg strev og uro med mange ting. Men det er eitt som er nødvendig. Maria har valt den gode delen, og den skal ikkje takast frå henne.»