søndag 29. april 2018

Nadia Murad: Den siste jenta

"Den siste jenta" er ei opprivande augevitneskildring. Her får vi bli med inn i kaoset då ISIS gjennomførte folkemordet på jesidiane i 2014. Nadia Murad vart teken til fange, og halden som sexslave i fleire månadar, før ho klarte å rømme til Kurdistan.

Nadia sin heimby, Kocho, var beleira i nærare to veker, før ISIS til slutt erobra byen. Der drap dei mennene og dei eldre kvinnene, og kidnappa yngre kvinner og barn. Unge gutar vart hjernevaska og brukt som soldatar. Unge jenter, deriblant Nadia Murad, vart selde som slavar frå den eine IS-soldaten til den andre.


ISIS kalla seg «den islamske staten». Ordet «islam» tyder å underkaste seg Gud. Denne boka viser det same som vi har sett på reportasjar i nyheitene: Leiarane og krigarane i ISIS underkasta seg ikkje så mykje anna enn sin eigen grådighet, blodtørst og begjær. 

Eg visste ikkje så mykje om jesidismen før eg las denne boka, sjølv om eg hugsar tv-bildene av menneske som flykta oppover Sinjar-fjellet, og kampen om å få bli med i dei få helikoptra USA klarte å bringe inn til området. Slike bilde er umoglege å gløyme.

Boka "Den siste jenta" gir eit godt innblikk i både religionen og folket. Etter mange år med reportasjar om ISIS sine gjerningar, skulle ein ikkje tru at ein kunne bli noko særleg sjokkert av å lese endå ei beretning om udådane. Likevel er det noko med det å bli kjent med enkeltmennesket, og følgje dette eine mennesket sin kamp for å overleve. Då er det ikkje lenger statistikk. Det er ei medmenneskeleg tragedie, og ei historie vel verdt å kjenne til.
 

lørdag 28. april 2018

Forskjellen



den store forskjellen
            ligg ikkje i dette;
regn eller ikkje regn
eller i
sol eller ikkje sol

            i utgangspunktet
           
å vere vaken
eller sove
eller vere i overgangen
frå det eine
til det andre

eller i det å vente
(lenge eller kort)
eller ikkje

den store forskjellen
ligg i dette;
frø – eller  ikkje – frø

og om du vågar å stille hjartemolda
til disposisjon




Luk 13, 18-19: Så sa han: «Kva er Guds rike likt? Kva skal eg samanlikna det med? Det er likt eit sennepsfrø som ein mann tok og sådde i hagen sin. Det voks og vart til eit tre, og fuglane under himmelen bygde reir i greinene på det.»

søndag 22. april 2018

Bandi: Anklage

Kva skjer viss...
... du bur like ved den store paradeplassen, men sonen din begynner å hylgrine kvar gong han ser dei store plakatane av Karl Marx og Kim Il-sung?
... du er uheldig og tek knekken på ei heil drivhusavling med ris?
... du får telegram om at mor di ligg for døden, og du vert nekta reisepass, men reiser likevel?

Desse spørsmåla, og fleire andre, får du svar på om du les denne kontroversielle novellesamlinga frå Nord-Korea.

Den anonyme forfattaren Bandi, som fortsatt bur i Nord-Korea, skriv regimekritiske kvardagsforteljingar - med livet som innsats - og smuglar dei ut til Sør-Korea. Dei sju novellene i denne samlinga er skrivne på 90-talet, og gir eit heilt spesielt innblikk i livet til vanlege menneske i det lukka diktaturet.

Eg har høyrt litt om dei dårlege levekåra i Nord-Korea, og den totale kontrollen myndighetene har på både presse, forlag og liva til innbyggjarane heilt generelt. Gjennom denne boka får vi kjenne dei store dilemmaa og den enorme frustrasjonen på kroppen, og ein kan ikkje anna enn undre seg over at dette er ganske nylege forteljingar, og at dei omhandlar menneske som lever på den same planeten som oss sjølv.

Dette er forteljingar som fortener å bli lest av mange!

lørdag 21. april 2018

Ordre: Elsk!



han skreiv manualen på veggen;
den nye regelen

ein ordre om å elske
ein veg å gå – saman

så teikna han seg sjølv
på den same veggen,
og steig ut av flata

omfamna oss alle,
vi kunne kjenne hjarterytmen
og vart fylte av varmen
og gløden i auga smitta over til oss

slik –
sa han

og steig tilbake bak veggen,
og alt som stod att
var manualen

den sa det vi no hadde lese
i brennande skrift på eit hjarte




Joh 13, 34: Eit nytt bod gjev eg dykk: De skal elska kvarandre. Som eg har elska dykk, skal de elska kvarandre.