Viser innlegg med etiketten bibelen. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten bibelen. Vis alle innlegg

lørdag 21. april 2018

Ordre: Elsk!



han skreiv manualen på veggen;
den nye regelen

ein ordre om å elske
ein veg å gå – saman

så teikna han seg sjølv
på den same veggen,
og steig ut av flata

omfamna oss alle,
vi kunne kjenne hjarterytmen
og vart fylte av varmen
og gløden i auga smitta over til oss

slik –
sa han

og steig tilbake bak veggen,
og alt som stod att
var manualen

den sa det vi no hadde lese
i brennande skrift på eit hjarte




Joh 13, 34: Eit nytt bod gjev eg dykk: De skal elska kvarandre. Som eg har elska dykk, skal de elska kvarandre.

søndag 17. april 2016

Veg og sanning




slikt eit gamalt kart
(sa dei)
kan vel umogleg stemme

slike eldgamle vegar
(høyrde eg)
kan då umogleg føre fram

slike lite tidstypiske tankar
(gjekk refrenget)
er ikkje berekraftige i dag

slike utdaterte ord, oppsmuldra idear
(var orda i latteren)
må du vere sprø for å tru på –

men kartet stemmer med terrenget
vegane går der dei gjekk
tankane glir i hop med sanseinntrykka
og orda – 

vel, dei passar som bitar i eit puslespel
og fyller hjartet mitt til siste kubikkmål –

søndag 18. oktober 2015

Levande ord



ordet er der
som brent på himmelen

berre at flammene er borte
og oska vaska av regnet

skyene dekkjer stjernene
og let oss sitje att med komma og kolon;

for ordet vart kjøt og blod
og vandra i tida, med støv på beina

og eit hjarte i brann;
minne frå tida sin første morgon,

pusten frå ein Gud som skapte
etter sin vilje og kjærleik

og historia går – derfrå til hit,
det er berre å fylje spora –

gjennom ørken og sand
vatn, eld og kross

over fjell, gjennom dalar
heilt hit, til kulda og regnet sitt land –

heilt inn til menneskehjartet i dag
er ordet levandegjort i ande – ved Anden


søndag 9. november 2014

Kunnskap og slikt

For oss som har kunnskapsformidling som profesjon, kan det av og til vere nyttig å stikke fingeren i jorda og spørje: Kva er eigentleg kunnskap?

Ei sak har ofte fleire sider. Dette gjeld i særleg stor grad alt som har med historie å gjere. Den som vinn krigen, vinn også retten til å fortelje om den. Eg las ei spennande bok tidlegare i haust, "Flukten",ein fantasy-roman for ungdom. Der er handlinga lagt til eit framtidig Noreg, og styresmaktene har etablert eit samfunn der ideologien til nazistane under 2. verdskrigen skin tydeleg gjennom. Så vert det også lært på skulane at D-dagen var ein katastrofedag, der "terroristane" gjekk til angrep og dreiv tilbake "dei gode".

Vi veit også, frå den verkelege verda, at historiebøkene i Sovjetunionen ikkje fortalte om 2. verdskrigen på heilt same måten som historiebøkene i Noreg.

Det er også interessant å sjå i naturfagbøker frå 50 - 60 år tilbake. Verda blei ikkje framstilt heilt på same måten som i dag. Kunnskap er nemleg i endring. Vi lærer stadig nye ting. Nokre oppdagingar er store, som då Copernicus oppdaga at det er sola som står i sentrum, og ikkje jorda. Andre oppdagingar kan vere av mindre storleik, men er likevel med på å endre vår oppfatning av verda.

Og så finst det falsk kunnskap. Som for eksempel det "faktum" at menneske nokon gong har trudd at jorda var flat. Eller legevitskapen som lenge trudde at årelating var løysinga på mange problem.

Det er ikkje lett å seie kva kunnskap er. For kunnskap kan vere så mangt, og den er stadig i endring.

Så kjem eg over eit interessant vers i Bibelen:


Frå Herrens munn kjem visdom, kunnskap og forstand. Vi som har frekventert bedehus og kyrkjer frå før vi kunne gå sjølv, har høyrt mykje ulik forkynning ut frå Bibelen. Og ikkje all forkynning har vore prega av visdom eller forstand.

Og ein treng ikkje leite så lenge gjennom mangfaldet av kristne trussamfunn og kyrkjer før ein støter på lære og forkynning som er på kollisjonskurs med det som vert forkynt i nabokyrkja.

Det er ikkje så lett å vite kven ein skal lytte til. Eg har funne ut at det beste og klokaste ein kan gjere, er å lese tekstane sjølv. Dess meir ein les og veit om det som står i Bibelen, dess lettare er då å avsløre dei som seier ting som er på kollisjonskurs.

Og så må ein be om at ein ikkje vert lurt. For eg er overbevist om at dette verset i ordtøka seier sanninga. Frå Guds munn kjem kunnskap og forstand. Då gjeld det å lære å lytte til Guds stemme.

Ein god plass å starte, er å stille seg ved Jesu kors og lese om hans død og oppstode. Kunnskapen om nåde for syndarar og tilgjeving for all synd, er ein kunnskap som aldri i æva vil endre seg!