søndag 30. desember 2012

Great expectations

Som mange andre har eg fulgt med på den nye versjonen av Charles Dickens si forteljing "Great expectations" på NRK dei siste kveldane. Eg skal ikkje skrive så mykje om filmen, bortsett frå at eg syns det var ei flott innspeling, og veldig kjekt å sjå ei Dickens-historie også denne jula1


Grunnen til at eg i det heile skriv om serien her, er rollefiguren Joe Gargary, som er gift med hovudpersonen, Pip, si syster, og i starten av filmen den einaste som viser omsorg for den vesle guten. Joe er smed, og Pip drøymer naturleg nok om å bli smed han også.


Pip går nokre år i lære i smia, men så tar livet ei brå vending, og Pip snur ryggen til det gamle livet, Joe inkludert. Han vert lært opp til å bli ein gentleman, og ser fram til eit liv i sus og dus. Ein etter ein vert draumane knust, og til slutt står han igjen i smia til Joe, etter at Joe har brukt alle sine midlar til å betale gjelda hans. Den bortkomne sonen vender heim att, denne gongen audmjuk og skamfull. Joe gir han likevel ein stor klem, og seier: "Vi er like gode vener som vi alltid har vore!"

Viss ikkje det er eit flott bilete på Guds kjærleik til oss, så veit ikkje eg!

fredag 28. desember 2012

Juletrepynt som vitnar om Gud!

Tradisjonen med å ha juletre er ein skikk som lenge virka noko merkeleg for meg. Kva i all verda er poenget med å dra eit tre inn i stova, pynte det, gå rundt det, synge om det og la det stå der til allmenn glede så lenge jula varer? Det verka så ... ulogisk.

Heilt til eg høyrte ein andakt om nettopp juletreet, der andaktshaldaren forklarte symbolikken med treet og mykje av pynten som er på. Det er ei stund sidan eg høyrde andakten, så eg har nok gløymt ein del av det som var sagt. Likevel hugsar eg hovudpoenga, og eg har blitt meir glad i juletreet (Ikkje at eg ikkje var glad i det før heller, altså, det gir jo julestemning!)

Her er noko av pynten som er på vårt juletre:


Hjarte i mange storleikar og fasongar. Hjartet er kanskje det finaste julesymbolet eg veit om. Kvart einaste hjarte vitnar om Guds kjærleik til oss menneske, ein kjærleik så stor at han ikkje ville la oss fortsetje inn i vårt eige mørke, men valte å bli menneske for å kunne opprette det som var øydelagt! Eg tenkjer også på kor viktig det er å vise kjærleik til menneske vi har rundt oss (og ikkje berre i jula). Vi må oppmuntre og glede kvarandre, og vi må vitne om Guds evige kjærleik til oss. Når vi ser oss sjølve i lys av Guds kjærleik, vert menneskeverdet vårt lyfta opp til eit ukrenkeleg nivå.


Juletreet vårt har også ein del englar i ulike fasongar:


Englane er Guds bodberar, og kunne forkynne det store som var hendt for gjetarane på markene utanfor Betlehem. Englar er mykje omtala i Bibelen, men viktig: Ikkje som åndsvesen vi skal tilbe eller prøve å komme i kontakt med. Englane er Guds tenarar, og tilber sjølv Gud. Det er likevel fint å ha dei på juletreet, for då Jesus vart fødd var det ei hending så stor og viktig at Gud valte å sende ein heil hærskare av englar for å vitne for menneska!


Det er også kongler på treet. Eg kjenner ikkje til den offisielle symbolikken, men for meg symboliserer dei nytt liv. Kongler inneheld frø, og kan vidarebringe livet som er i treet. Grantreet er jo eit symbol på Jesus, difor tenkjer eg at konglene er oss menneske, som har fått livet frå sjølve treet planta i oss, og skal vere med og spreie dette livet vidare til andre!


Stjerna stoppa over stallen, og viste dei vise menn kor Jesus var. Stjerna står i toppen av treet, og minner oss på barnet i stallen, himmelkongen som kviler på ei seng av strå og halm. Vi som ser stjerna, må gå inn i stallen og gje barnet dei gåvene vi har med: Hjartene våre, hendene våre, hovuda våre, liva våre.


Og så er det julekulene då, i alle storleikar og fasongar. Runde kuler, nett som verda. Når eg ser på julekulene, tenkjer eg på Tellus, planeten vi bur på, med alle sine krinkar og krokar, øyer, kontinent og menneske. Kven var det barnet i krubba kom for å frelse? "For så elska Gud verda, at..." Guds frelse er for alle, heile vide verda! Kvar kule på treet vitnar om at Gud ikkje berre er min Gud, eller Gud i Rogaland, i Noreg eller Skandinavia. Han er Gud i heile verda, og alle menneske burde få kjenne på gleda å få feire jul, Guds komme til jorda.


I stova mi står juletreet og vitnar om Guds frelse, om det vesle barnet som vart født til jorda for å dø. Det eviggrønne treet, symbolet på Jesus, står midt i blant oss. Immanuel, Gud med oss, kom til jorda, og i dag, 2012(+/-) år seinare er han fortsatt blant oss, og vi kan innvitere han inn i stovene våre og ha fellesskap med han!

Viss vi vil.

torsdag 27. desember 2012

Topp 10 CD 2012

Endå ei ti-på-topp-liste, og denne gongen med CD'ar frå 2012. Dette er dei platene eg har høyrt desidert mest på av dei platene som har blitt gitt ut i 2012. Kanskje finn du noko du likar, du også? På slutten kjem ei speleliste frå spotify, der eg har plukka ut ein song frå kvar plate (Utanom Pareli, som eg dessverre ikkje fann på nettstaden...) Her er platene, i alfabetisk rekkjefølgje:

1) Capital Lights: Rhyt'n'moves. Perfekt til for eksempel danse rundt til i stova saman med borna!


 2) David Crowder Band: Give us rest. Veldig variert plate, som det nesten er umogleg å bli lei av å høyre på! Dessverre også ei avskjedsplate frå bandet.


3) House of heroes: Cold hard want. Rocka og djup.


4) John Schlitt: The greater cause. Eg kan ikkje noko for det, men eg får flashback til gode gamle Petra frå 90-talet/tidleg 2000-tal. Kjekk plate!


5) Kutless: Believer. Rocka lovsang. Det var ei kjekk oppleving å få vere på konsert med bandet på Bjerkreim tidlegare i vinter. Bilete frå konserten kan sjåast her: KRIK cup&konsert 2012.


6) Pareli: Kling no klokka. Årets juleplate! Det er for det meste kjente julesongar, men framført på ein fenomenal måte og med herlege arrangement.


7) Starfield: The kingdom. Nok ei god rockeplate.


8) The Vespers: The fourth wall. Artig plate med musikk eg blir glad av å høyre!


9) Thousand foot krutch: The end is where we begin. Hardrock med himmelsk perspektiv.


10) Todd Agnew: How to be loved. Min favorittvokalist! Super stemme, supre songar.



onsdag 26. desember 2012

Topp 10 bøker 2012

Tida før nyttår er typisk kavalkadetid, og tid for å oppsummere året som har gått. 2012 har vore eit år med mykje lesing (som alle år...) og her er ti av dei beste bøkene eg har lese, i tilfeldig rekkefølgje:

 Aarons maskin av Sverre Knudsen. Meir om boka her.
 Erobreren av Conn Iggulden. Siste boka i serien om Djengis Khan og etterkommarane hans. Denne boka handlar om Kublai Khan. Ikkje så mykje om erobringa av det store kinesiske riket (sjølv om det første, store forsøket spelar ei viktig rolle i boka), men meir om vegen fram til makta. Ei spennande bok, og ei god avslutning på ein flott historisk romanserie.

Meir om dei andre bøkene i serien her.
 Hockeysveis fører til dårlige rim av Siv Wyller. Ei snodig og artig bok! Meir om boka her.
 Høsten av Jan Henrik Nielsen. Dystopisk bok, dyster og mørk, men veldig bra skrive. Meir om boka her.
Reisen til Malacandra av C.S. Lewis. Ei bok som set tankane i sving og gir eit større perspektiv på livet. Meir om boka her.
 Livet - skapelse eller tilfeldighet? av Kjell J. Tveter. Ei naturvitskapleg bok, som først og fremst tek for seg korleis cellene i kroppen vår er bygd opp og fungerer. Her er detaljrike forklaringar på korleis DNA vert kopiert, transportert og brukt til å bygge opp protein i kroppen. Også fleire andre cellefunksjonar vert grundig omtala. Til saman teiknar desse skildringane og forklaringane eit bilde av eit så komplisert maskineri at det er heilt umogleg å tenkje seg at livet har oppstått av seg sjølv eller ved ein tilfeldighet. Dette er boka som Charles Darwin skulle lest (og sikkert hadde elska!) og dermed spart oss for mykje snodig naturvitskapleg ynskjetenking frå forskarar som skyv matematikken under teppet i forsøket på å eliminere Gud.

No har eg, som naturfaglærar, ei dobbel interesse av boka. Men også andre kan ha stor nytte av å lese den!
Nærmere høst av Marianne Kaurin. Trist og vakker bok om ei jente som opplever jødedeportasjonane frå Oslo i 1942. Vel verdt å lese! Meir om boka her.
Om forlatelse av C. S. Lewis. Essaysamling som omtalar mange ulike tema, og som vanleg set Lewis tankane i gong og skapar store perspektiv over problemstillingar vi ofte har eit noko einspora syn på.
Skippy dør av Paul Murray. Denne kolossen av ei bok er både trist, humoristisk, tankevekkande og snodig. Vel verdt dei timane det tek å lese seg gjennom! Meir om boka her.
Noen kjenner mitt navn av Lawrence Hill. Dette er ei bok av den typen eg likar aller best: historiske romanar. I boka møter vi ei kvinne som vert sendt som slave til USA, og tek for seg hennar liv og kamp for fridom. Rett og slette ei fantastisk (og hjerteskjærande trist) bok, som bør lesast! Meir om boka her.

lørdag 15. desember 2012

Jul... og jul

Dei to "ordskyene" under er begge svar på spørsmålet: "Kva forbind du med jula?" Dei ser tilsynelatande like ut og inneheld dei same orda, men inneheld likevel eit par ulikskapar. Klarar du å oppdage dei? (Ei lita adventsnøtt her, altså!)

Jul 1:

Jul 2:

søndag 2. desember 2012

Eg og Gud - ørkenvandraren og havet

Å påstå at Gud er død, eller at Han ikkje finst, er som å stå midt i ørkenen og hevde at havet er borte for godt, eller at havet ikkje finst... Det verkar logisk og greit akkurat der og då. Einaste haka er at same kor mykje ein seier det, og same kor mykje ein trur det, så er havet der likefullt. Det er berre det at ein ikkje kan sjå det.

Dette perspektivet syns eg det er greit å ha med meg på mi "ørkenvandring". Eg ser ikkje Gud, men eg veit at han er der. Eg har sett Han teikna inn i Atlaset (Bibelen), og eg veit at ein dag vil eg nå enden av ørkenen og få sjå Han som han er. Foreløpig er eg som ein evig ørkenvandrar, eg veit ikkje korleis havet ser ut, korleis det luktar eller kjennest. Eg kjenner berre til den tørre ørkensanden og den brennande sola, og ein og annan oase med friskt vatn. Ved desse oasane har eg fått ein forsmak på korleis havet er: Menneske som har møtt meg med kjærleik og gode handlingar. Eit smil på vegen, ei handsrekning eller eit klapp på skuldra. Og nokon gongar har eg fått dyppe hendene mine i oasen, og kjenne ein forsmak med alle sansane. Lovsangsmøter, Bibeltimar, på spasertur under stjernehimmelen, einsame timar i bil: Berre eg - og Gud.

Nokon gongar kan eg kjenne at Han er med meg, når han fyller meg med sin ande og talar til hjartet mitt. Når eg les i Ordet, og orda legg seg som brustein framfor meg: Eg kan gå på dei, få fast grunn under føttene. Når eg ber, takkar, ropar ut mine sorger og lar tårene renne framfor Guds ansikt, og eg kjenner at han fyller meg med sin fred og gir meg styrke til ein ny dag.

Andre gongar er han lenger borte. Atlaset verkar uforståande, og det verkar som eg slepar føtene rundt i ørkensanden i blinde. Då er det desse orda eg hentar fram til trøyst: Jamvel når du seier at du ikkje ser han, ser han di sak, og du må venta på han. (Job 35, 14)


For Gud er ikkje som havet, bunden til tid og rom, og med avgrensa rekkevidde, teikna av strender og klipper som held vatnet tilbake. Gud er ein levande Gud, ein Gud som ser mi sak.

Og ikkje berre det: Han er ein Gud som går saman med meg, gjennom ørkenen. Heile vegen, i både gode og onde dagar.

Snart skal vi feire jul. Eg skulle ynskje vi kalla det Kristusmesse også her i Noreg, det passar så mykje betre, og hadde retta blikket vårt den rette vegen: Mot Han som steig inn i vår ørken, vart ein ørkenvandrar, erfarte solsteiken, den sviande sanden, dei rennande tårene, dei såre føtene, og dei gode oasane, dei tindrande stjernene om natta. Og ikkje berre det: Han laga ein veg gjennom ørkenen, ein veg som er open for alle å gå på: Ein veg heilt ut til Storhavet!

Snør på deg sandalane, finn fram jubeltonane og bli med på vegen ut av ørkenen du også!