søndag 10. februar 2019

Eit lukka rom








Mark 13,26: Då skal dei sjå Menneskesonen koma i skyene med stor makt og herlegdom.

søndag 3. februar 2019

Alle mine bårer






Joh 5,8: Jesus seier til han: «Stå opp, ta båra di og gå!»

søndag 27. januar 2019

Ein fange vert fri



eg bygde meg ein mur
av gull
edelsteinane blenka
på innsida

utsida kledde eg
med piggar av jern og mismot

så kom dei
alle desse svake svoltne små
og eg kan vel ikkje hjelpe alle
så eg drog for gardinene –

den natta lytta eg til ropa
som ikkje lenger var mange        men eitt
og det var ikkje lenger spinkle ord
men eit løvebrøl

og        eg kraup saman på golvet
medan murane rasa;
eit lite barn steig fram
med djupe auge og fillete klede
og eg såg
det var meg sjølv
 




Ordt 14,31: Den som undertrykkjer den svake, håner hans skapar, den som hjelper den fattige, ærar Gud.

onsdag 23. januar 2019

Audur Ava Olafsdottir: Stiklingen

Dette er ei av dei rolegaste, mest jordnære og vakraste kjærleiksforteljingane eg nokon gong har lese! Olafsdottir tek oss med inn i livet til to ungdomar som prøvar å finne ut av liva sine. Etter ei kvart natt saman, har dei fått ei dotter, men har elles ikkje så mykje med kvarandre å gjere.

Hovudpersonen, guten i forholdet, legg ut på ei reise. Han er svært interessert i plantar og hagebruk, og har fatta interesse for ein gamal klosterhage i Sør-Europa. Han tek med seg ein stikling heimanfrå Island, og er snart travelt oppteken med å fikse opp den  historiske rosehagen og samtale med pater Thomas. Presten får ei slags mentorrolle for den unge guten.

Så kjem mor til dottera hans på besøk, og ynskjer at han skal ta vare på dottera medan ho skriv ei større oppgåve i studiet sitt. Dette veltar om på livet hans, og han må finne seg til rette i rolla som far, og kanskje også som kjærast!

Språket er lett og elegant, og personane så nære det verkelege livet at det er som me står på utsida vindauget og ser inn i kvardagsdramaet, og alle lydar vert dempa av glaset mellom oss. Samtidig vert me også godt kjent med hovudpersonen sine bekymringar og kvardagstankar, og her er mykje ein kan kjenne seg att i!

Denne boka bør du unne deg å lese!

søndag 20. januar 2019

Overflod



det kjem veltande vatn
frå ei opa kjelde i det evige berget

straumar av
levande vatn
til tørste strupar

vatnet fyller landet
stig over føter kne magar hovud
til alle
(som vil)
kan leggje på svøm –




Joh 1,16: Av hans overflod har vi alle fått, nåde over nåde.


Arto Paasilinna: De uhengte uslingenes urtehage

Kva får du om du set saman ein undercover politietterforskar, ein vakker urteekspert, ei streng mor, ein flygar med hang til kidnapping, ei kilometerdjup gruve som skjuler store hemmelegheiter, ein postpakke fylt med jord, femti stolne motorsyklar, ein grusam ektemann (som visstnok skal vere død), femten næringslivstoppar på tur til Montevideo og ein flåte på veg nedover ei ukjent elv? Då får du endå ein sprø roman frå Arto Paasilinna si hand!

Som vanleg er det berre fantasien som set grenser for Paasilinna si forteljing. Personane i seg sjølve er seriøse og fokuserte på sine ting, men situasjonane dei kjem ut for, både medvite og ved uhell, er både utrulege og komiske.

Paasilinna syr saman hendingane med sikker hand. For dei som likar forteljingane hans, vil "De uhengte uslingenes urtehage" føye seg inn i rekka av god lesing!

søndag 13. januar 2019

Inn i eit større rom



i dette rommet
er det eit usynleg lys,
alt då eg kom inn        kjende eg
usynlege strålar trengje gjennom
alle orda og alle blikka
utan at eg visste
kva det var

at i dette rommet, denne atmosfæren
av kjærleg omtanke
ligg ikkje stein på stein
utan at nokon har tenkt det,
som ein lyd eg kan høyre
utan å vite kor den kjem ifrå

så er det noko – mildt –
som grip meg        grip hjartet mitt
og held meg mjukt
mot eit større hjarte

og eg kan tømme orda mine ut
på dette golvet
framfor det eine Ordet
den eine Vinden, Auget som ser meg
Handa som ber meg
det nye Livet        
som no er i meg
fordi        Herren        lukkar meg inn
til denne heilage staden

og gir meg fred



Kol 1, 17: Han er før alt, og i han blir alt halde saman.