lørdag 6. august 2011

Sigerherren

Når ein går inn i ein kamp, er som regel resultatet ope. Kanskje kan motstandarane ha ulike odds, men ein kan likevel ikkje vite for sikkert kven av dei to som vil vinne. For eksempel er det ikkje alltid det fotballaget med høgast ranking som vinn.

Likevel finst det også kampar der resultatet er gitt på førehand. Der ein kan vite kven som vinn og kven som taper. Eg lever mitt i ein slik kamp, og eg veit resultatet allereie. I teikneseriar, for eksempel i Donald Duck, vert denne kampen ofte framstilt ved to små figurar som kviskrar han i kvar sitt øyre. Ein engel som prøver å få han til å gjere det gode, og ein djevel som lokkar han til å gjere det han veit er gale. Det er jo ei svært enkel framstilling, men den funkar. Vi forstår kva teiknaren vil ha fram.


I meg er det ein liknande drakamp. Det er ei overforenkling å seie at eg har ei god og ei dårleg side som kjempar mot kvarandre. Som menneske er vi samansette og kompliserte. Av og til er det vanskeleg å seie kva som er godt og kva som er dårleg i oss, og som regel er det ei blanding. Men viss vi likevel forenklar, kan vi seie at den gode sida av meg prøver å gjere det gode, medan den dårlege vil lokke meg til å gjere det som er gale. Nett som hos Donald.

Denne kampen føles av og til håplaus, sidan den onde sida av meg ikkje kan avgrensast og definerast eintydig. Den er ein integrert del av meg, som eg dessverre må leve med heile livet. Det gode ved sidan av det onde, og det er ikkje alltid lett å avgjere kva som er spegelbilde og kva som er original.


Faktisk er det litt slik som dette:



Likevel veit eg at det faktisk ikkje er håplaust. Tvert imot, det er fullt av håp! Håpet mitt for mitt delte "eg" kan oppsummerast i desse vidunderlege setningane frå Bibelen:

"Skuldbrevet mot oss sletta han, det som var skrive med lovbod; han tok det bort frå oss då han nagla det til krossen. Han kledde maktene og åndskreftene nakne og viste dei fram til spott og spe då han synte seg som sigerherre over dei på krossen. " (Kol 2, 14-15)

Kampen er allereie vunnen, for lenge sidan, og av ein annan enn meg sjølv. Jesus har betalt skuldbrevet med sitt eige blod, nagla det til korset og lot det henge der, medan han sjølv sigra over døden. Difor kan eg seie at eg allereie no veit utfallet av kampen i meg: Eg er i Kristus, og han er sigerherren over alt det vonde, også det vonde i meg! Dermed vil ikkje det vonde kunne knuse meg, for Jesus har allereie knust det og vil fri meg frå det på den store oppstodedagen.

Er dette ein dyster bodskap? Er dette mørkemannsprat? Nei, eg skulle ikkje tru det. Det er gode nyhende til alle som strevar med det vonde i seg, og ynskjer utfriing. Det finst eit håp, det finst ein veg til fridom. Det finst ein veg til det gode livet!

Fylg Sigerherren, Jesus Kristus, og han vil sigre over det vonde i deg. Resultatet er gitt på førehand.


fredag 5. august 2011

Dans!

Vårt Land har ein interessant videoreportasje om dans under UL i kongeparken. Reportasjen (sjå den her) handlar om ein konsert som var onsdag kveld, og det var ei gruppe frå Kenya som stod på scena. Afrikanske rytmar og glede fekk ungdomane opp på beina, og det vart, etter reportasjen å døme, ein livlig og livsglad konsert.

Reportaren stiller spørsmål ved om det er skepsis til dans i NLM. Intervjuobjektet svarar litt nølande, og seier at vi nok ikkje treng å leve som forfedrene våre. Det er jo heilt rett. Vi som lever i dag, kan ikkje, og skal ikkje prøve, å kopiere liva til dei som har levd før oss. Vi skal absolutt lære av våre forfedre, og også av feila dei gjorde. Ein generell skepsis til dans er kanskje ikkje den beste arven å få. Dette vert også framheva i reportasjen. Dei som var skeptiske til dans, forbandt den ofte til fyll og utskeiingar. Slikt noko var det nok ikkje på UL, her var det pur livsglede!


Det vart også stilt spørsmål ved om vi oppfører oss annleis når det er afrikanske artistar på scena, om vi "godtek meir" då. Det ville jo, som det også vart sagt, vere ganske så feil. Også i vår nærkultur har vi musikk med mykje rytme og glede, kvifor skal ikkje ein kristen ungdom kunne danse også til slik musikk? Eg hugsar forresten UL i Oslo i 1997, på den tida eg sjølv var deltakar på stemnet, at det blant anna var konsert med gruppene Stavn og ResQ. Det var ein del ungdomar som dansa då også, slik vi ser på reportasjen. Ikkje heile salen kanskje, men veldig mange. Dette er altså ikkje eit nytt fenomen.

Uansett er det herleg å kunne danse av glede. Gud har då skapt oss med ein kropp som er perfekt til å danse med, og skapt musikk som det er perfekt å danse til. Takk og lov!

Eg tek med eit par låtar som handlar om dans. Den første heiter "Praise you with the dance", og handlar om å prise Gud, også med dans. Det står det jo om i Bibelen også (For eksempel Salme 149, 3, som det også vert referert til i videoen)



Og så ein Petra-låt, sidan eg er litt hekta på Petra for tida...

Matematikk er gøy

Eg ynskjer nødig å hengje ut nokon her på bloggen. Det er difor viktig å presisere at det fylgjande er henta frå ein debatt på internett, at vedkomande sjølv er ein offentleg person som gjerne fremjar sine meiningar og at det er kun det eg har lese på internett som ligg til grunn for dette innlegget. Dessutan handlar det i botn og grunn ikkje om mannen (sjølv om det unekteleg stiller han i eit heller dårleg lys), men om matematikk.

Matematikk er nemleg ikkje alltid like enkelt, det er i grunn ein nådelaus aktivitet å drive med. Som lærar i matematikk er eg smerteleg klar over at ikkje alle av oss har anlegg for å bli matematikk-professorar. For mange er det rett og slett nesten umogleg å få tala til å hengje saman og få meining ut av det heile.

I samband med ein artikkel om politikar Håvar Krane på www.nrk.no (her), vart eg tipsa om bloggen noldus.blogspot.com, som er dedikert til fremme av sanninga. Bloggen imøtegår Håvar Krane sin retorikk og framstilling av det norske samfunnet.

Det var på denne bloggen eg kom over denne geniale dialogen: Matematikeren Håvar Krane

Det er vel verdt tida å lese dette innlegget. Ikkje berre er det eit av dei beste eksempla eg har sett på dårleg argumentasjon, men det er også ein slik hårreisande presentasjon av prosentrekning at det grensar til det tragiske. Men i staden for å fortvile over at det finst politikarar som er så dårlege til å rekne og argumentere for seg, vel eg heller å ta det heile med eit smil.

For dette er laurdagsunderhaldning for alle som kan pittelitt om matematikk og retorikk!

torsdag 4. august 2011

Creed

Kvar søndag vert trusvedkjenninga framsagt i ulike kyrkjer rundt om i Noregs land. Trusvedkjenninga er ei kompakt og innhaldsmetta utsegn, som har med dei mest sentrale og viktige trussetningane. Den er eit slags minste felles multiplum for oss som er kristne.

I periodar der eg er i tvil om kristendomen kan vere sann, og om eg verkeleg trur på det den lærer, har eg særleg brukt to ulike tekstar til å hjelpe meg ut av uføret. Den eine teksten finn vi i Joh 6, 66-69: Etter dette drog mange av disiplane hans seg unna og gjekk ikkje omkring med han lenger. Då spurde Jesus dei tolv: «Vil de òg gå bort?» Simon Peter svara: «Herre, kven skulle vi gå til? Du har det evige livs ord, og vi trur og veit at du er Guds Heilage.»

Dette spørsmålet stiller eg meg då: Kven andre skal eg gå til? Det finst ingen reelle alternativ til Gud.

Vidare går eg gjennom punkt for punkt i trusvedkjenninga. Trur eg at Gud Fader har skapt himmel og jord? Ja, det gjer eg. Trur eg at Jesus er hans einborne son? Ja, det gjer eg. Ynskjer eg at han skal vere Herre i livet mitt? Ja, det gjer eg. Og så vidare. Hjelp det på trua? Ja visst! Det er befriande å på denne måten gå gjennom dei sentrale trussetningane, og oppdage, igjen, at ein faktisk trur det ein seier.

I fjor haust skreiv eg mitt credo her på bloggen (her). Det gjer godt å formulere og uttale trua si på denne måten. I dag skal eg sleppe til nokre som også har formulert trua. Songen "Creed" handlar om nettopp trusvedkjenning, og Petra spelte inn denne songen tidleg på 90-talet. Les teksten, og lytt til songen (youtube-link under teksten). Eg syns denne er glimrande!

Creed

I believe in God the Father - maker of heaven and earth
And in Jesus Christ His only Son
I believe in the virgin birth
I believe in the Man of Sorrows bruised for iniquities
I believe in the Lamb who was
crucified and hung between two thieves

I believe in the resurrection on the
third and glorious day
And I believe in the empty tomb and the
stone that the angel rolled away
He descended and set the captives free
And now He sits at God's right hand
and prepares a place for me

(Chorus)
This is my creed - the witness I have heard
The faith that has endured
This truth is assured
Through the darkest ages past
Though persecuted, it will last
And I will hold steadfast to this creed

I believe He sent His Spirit to comfort and to reveal
To lead us into the truth and light, to baptize and to seal
I believe that He will come back the way He went away
And receive us all unto Himself, but no man knows the day

I believe He is the Judge of all men, small and great
The resurrected souls of men receive from Him their fate
Some to death and some to life, some to their reward
Some to sing eternal praise forever to our Lord



Debatt er sunt!

I gårdagens utgåve av avisa Dagen, og i dagens Vårt Land (artikkel) kan vi lese at Einar Gjerde, som er nestleiar i NLM Region Sør, åtvarar mot å la Lars Gule sleppe til med sine synspunkt under årets UL. Fredag ettermiddag er det duka til debatt mellom apologeten Stefan Gustavsson og Lars Gule frå Human-etisk Forbund.

Gjerde argumentere med at dei unge kan få tankar som til sist kan leie dei vekk frå trua. Her meiner eg han skyt langt utanfor mål. Dagens ungdom møter dei fleste tankar, meiningar og synspunkt gjennom media, vener og på andre måtar, så når Lars Gule legg fram eit annleis syn enn det som vert forkynt på UL, vil ikkje det vere noko unikt for dei unge.

Eg meiner tvert om dette er eit svært bra initiativ. Å lytte til gode debattar er interessant, og det å lufte ulike synspunkt er både lærerikt og fornuftig. Settingen er trygg og god, og Lars Gule møter ein svært dyktig debattant i Gustavsson. Dei unge får høyre to ulike framstillingar av synet på mennesket og menneskelivet, og kan plukke med seg argument tilbake til sine klasserom, skulegardar og andre arenaer der det å ha god ballast og ein klar tanke kan komme godt med. For eg trur ikkje denne debatten er ny for dei fleste av ungdommane. Dei har kanskje måtte svare for trua si tidlegare, og det er ikkje så lett i ein periode av livet der mykje er usikkert, identiteten ikkje er heilt på plass og ein kanskje ikkje heilt veit kvifor ein trur det ein trur.

Då kan det vere greit å få med seg denne debatten, og høyre korleis ein apologet imøtegår dei ateistiske argumenta. Og eg er sikker på at dei kristne ungdomane ikkje kjem ut av debattlokalet med svakare tru, snarare tvert imot. Dei ateistiske argumenta er nemleg mykje svakare enn det verdsbildet bibelen teiknar, og i tillegg er dei ganske så usannsynlege. For eksempel tykkjer eg det er mykje vanskelegare å tru på at jorda har blitt til av seg sjølv, enn at ein Gud står bak og har skapt det heile. Kompleksiteten, samspelet og det estetiske i verda talar saman, ja ropar saman: Gud finst!

Også vi som ikkje er så heldige å få vere på UL, kan få med oss denne debatten. Den vert nemleg sendt live på norea sine sider fredag ettermiddag klokka fem. Her er linken: live.norea.no

Tema for årets UL er "Sanning". Så får vi håpe at det er sanninga som kjem fram fredag ettermiddag.

onsdag 3. august 2011

Kom


Bak høge fjell og djupe hav
Bak skyer og skog
Ein stad
langt, langt vekke
frå meg

Der var du
Eg veit det no

Eg kunne ikkje nå deg
Eg kunne ikkje sjå deg
Du var eit mysterium
Skjult

Men det var før
Før du strekte ut hendene,
såg på meg
og sa:
"Kom til meg,
du som strevar
Kom til meg
og få ro"

Men det var du som kom


tirsdag 2. august 2011

Ekte kristenfundamentalist

Den amerikanske terrorforskaren Mark Juergensmeyer kallar Anders Behring Breivik for ein "kristen terrorist". Han samanliknar med Osama Bin Laden, som mange ser på som ein muslimsk terrorist. Likt for dei begge er dei meir interesserte i religionshistorie enn utøving av religionen eller dogmer i religionen. Altså: Viss Bin Laden er muslimsk terrorist, er Breivik ein kristen terrorist. (NRK-artikkel) Resonnementet er greit nok, og eg forstår at dei to personane kan samanliknast.

Det som bekymrar meg etter ei slik analyse, er at mange ser på Bin Laden som representativ for islam. Det er lett å skjere alle over ein kam, og seie: Slik er muslimar. Alle oss som kjenner menneske som er muslimar, og som har lest vår del av bøker og aviskommentarar om islam og terrorisme, veit at slik er det ikkje. Dei aller fleste muslimar er fredelege menneske.

På same måten er dei fleste kristne fredelege menneske. Og det å begå så grusomme handlingar som dei Breivik gjorde, harmonerar ikkje med kristendomen i det heile. Eit menneske som elskar Gud, elskar også skaparverket hans (fordi Gud har skapt det). Og ein kristen vil også forsøke å elske sine medmenneske. Hat og vald har ingen plass i ekte kristendom. Altså stiller Breivik seg utanfor den universelle kristne kyrkja.

I dagens utgåve av Dagen skriv Stig Magne Heitmann ein kommentar der han blant anna tek opp denne problemstillinga. Her skriv han om ein ekte "kristenfundamentalist", nemleg biskop Festo Kivengere frå Uganda. Kivengere måtte flykte frå regimet til Idi Amin, då han vart truga på livet. Likevel har han skrive ei bok som han kalla "I love Idi Amin". Han elska Idi Amin, fordi Gud elskar han. Samtidig seier han at han hatar dei gjerningane han gjer. Eit forbilde for korleis vi kristne skal møte menneske som gjer oss vondt.

Ein gong vart Kivengere spurt: "Viss du sat i same rom som Idi Amin og nokon gav deg eit gevær, kva ville du då gjere?" Då svara han: "Då ville eg gitt det til Amin og sagt: Dette er ikkje mitt våpen, det er ditt. Mitt våpen er kjærleik!" Så godt svart! Som kristne er vi kalla til kjærleik og nåde, ikkje til våpen og hat.

"Lat kjærleiken vere ekte! Avsky det vonde og hald dykk til det gode! Elsk kvarandre med inderleg syskenkjærleik; set dei andre høgare enn dykk sjølve!" (Rom 12, 9-10)