onsdag 10. august 2011

Sommar


Når sola skin på spirande gras
Og du ligg på ryggen og
kjenner graset
kitle mot kneet og
Ser på skyene og tenkjer
at: Om du hadde hatt ein solhatt
Skulle du lagt den
over
fjeset og sukka tungt
og lenge
Og tenkt på all isen
ALL DEN ISEN!
du åt
i går
då du var på stranda
saman
med vener og bada

Då - er det sommar

tirsdag 9. august 2011

Sommarfavorittar

Denne sommaren har desse CD'ane rotert i CD-spelaren min. Nokon er heilt nye og kjøpt på nett (dei fleste) eller som ein handfast CD i butikk (nokre få). I tillegg har eg funne fram nokre gamle CDar som har fått ein "renessanse". Viss du skulle lure på korleis denne artisten høyrest ut, kan du trykke på min favorittsong frå kvar plate, og høyre songen på youtube.

Kirk Franklin - Hello fear (Favoritt: Today)

Ole Børud - Keep movin’ (Favoritt: Keep movin)

Brandon Heath - Leaving Eden (Favoritt: Your love)

Classic Petra - Back to the rock (Favoritt: Back to the rock)

Hawk Nelson - The light sides (Favoritt: You have what I need)

MercyMe - Coming up to breath (Favoritt: One trick pony)

O.C . Supertones - Revenge of the O.C. Supertones (Favoritt: We shall overcome)

Nicole C. Mullen - Captivated (Favoritt: I need you)

Todd Agnew - Reflection of something (Favoritt: In the middle of me)

Petra - The ultimate collection (Favoritt: More power to ya)

Peter Furler - On fire (Favoritt: Matter of faith)

Love Divine: The songs of Charles Wesley…

Dara Maclean - You got my attention (Favoritt: What love looks like)

Glenn Kaiser - You made the difference in me

Mat Kearney - Young love (Favoritt: Count on me)


Til slutt ein song som har vore på favorittlista mi lenge, og som eg kom på att då eg las denne artikkelen i Vårt Land. Ein utruleg flott song!




Dessutan er det gledeleg at Skillet kjem til Noreg i haust (Dagen-artikkel). Dei er verkeleg gode, så dei er heldige dei som får anledning til å reise på konserten! Vi andre, som ikkje kjem til å vere der, får ta til takke med opptak... Her er eit klipp frå youtube som, på dette tidspunktet, har blitt vist over 27 millionar gongar (!) Klippet seier mykje om kor god dei er. Dette er hardrock på sitt beste!Kobling

Glasskår

Det er ikkje dei du ser -
dei som ligg og ventar og skin i flokk
og er skarpe som sylar
Dei ser du,
det er ikkje dei du punkterar mot.
Nei, det er den eine biten
aleine,
langt frå dei andre;
Gøymt i ein sprekk, berre tuppen stikk opp
Det er den du syklar på.


Sjølv om dette er eit dikt eg skreiv i 2004, etter ein... koseleg? .. sykkeltur på Flaktveit i Bergen, så syns eg det passar pittelitt no etter 22/7. I alle fall viss ein er villig til å tolke litt...

Foto: Heike frå www.bergensbilder.org

mandag 8. august 2011

Kryss av for dine syv drømmer

Dette var utfordringa eg las utanfor ein kiosk på Sand i dag, og her er lottokupongen med sju av mine draumar:

Eg drøymer om ei lukkeleg framtid for borna mine. At dei skal kunne vekse opp i eit trygt samfunn, få sjølvtillit og eit godt sjølvbilde. At dei skal bli ansvarlege vaksne som er til å stole på. At dei skal bli moralske og integrerte menneske, med empati og omsorg for sine medmenneske, og ha samfunnsengasjement. Eg drøymer om at dei skal få bli kjent med Jesus, og kunne søkje tilflukt hos han i både gode og vonde dagar.

Eg drøymer om at eg skal kunne vere ein god ektemann for kona mi, at ho skal oppleve seg elska og verdsett. At eg skal kunne vere til å stole på, og ta ansvar for alle mine handlingar og ord. Eg drøymer om at vi ein dag kan sitje, gamle og grå, og sjå tilbake på eit godt liv saman.


Eg drøymer om at Gud skal kunne bruke meg i sitt arbeid, og at eg må vere villig til å vere der han vil ha meg. Eg drøymer om at andre menneske skal kunne få sjå noko av Guds nåde og kjærleik når dei møter meg, at mine handlingar og ord ikkje må stå i vegen for Gud.


Eg drøymer om at ALLE menneske i samfunnet vårt skal få det same menneskeverdet, at ingen vert sortert ut fordi dei er uønska eller har ein skavank. Eg drøymer om at Noreg må vakne, og beskytte også dei svakaste av oss, barna i mors liv.


Eg drøymer om at kyrkja skal vere tydeleg og klar. At den skal vere fundamentert på Guds ord og handle i samsvar med Bibelen. At det skal bli litt mindre "bla, bla" og litt meir Jesusfokus. Eg drøymer om at vi som kristne skal stå for ein tilgjevingskultur, nådekultur og kjærleikskultur som er med på å trekkje folk til Jesus.

Eg drøymer om at eg skal gjere ein god jobb på arbeidsplassen min. At elevane først og fremst får eit positivt forhold til seg sjølv og eigne evner, og dernest lærer mest mogleg ut frå eigne evner.



Eg drøymer om sol og badevér denne veka, slik at eg får skvist denne sommaren til sitt ytterpunkt...




Kjære Lotto: Du ser sikkert at eg ikkje drøymer om å bli rik. Difor er dette den einaste kupongen eg leverer inn. Beklagar. Men du hadde ein god plakat, som sette tankane, og draumane, i sving!

søndag 7. august 2011

To vegar

Du står ved skiltet

i eit kryss

Skjeler med augene


Det eine ser mot høgre

det andre mot venstre

Du veit du må velge

Men ville helst stå akkurat her


Så slapp du gje slepp på

det andre.




(Dette diktet skreiv eg for over ti år sidan, medan eg var i militæret. På den tida var det mykje som var uvisst, for eksempel kva for utdanning eg skulle ta, kor eg skulle flytte etter dimisjon osv. Det var så mange ting som var opent, så mange val å ta og så mykje eg hadde lyst til! I dag, då eg fann det att, tolka eg også litt andre ting i det. Livet er fullt av vegval, val vi er nøydde til å ta. Om vi vil eller ikkje.)

Litt rekning...

Eg vart litt nysgjerrig etter det førre innlegget mitt, og begynte å rekne litt. Kva ville skjedd viss USA auka skattane til eit norsk nivå (gjennomsnittleg 28 %)? Kor lang tid ville dei brukt på å betale ned gjelda då, viss ein ser vekk frå alle andre faktorar, som renter, avgifter og utgifter (altså, bagatellar...)

Det bur i dag litt over 310 millionar menneske i USA, og gjelda er på 14 530 milliardar dollar. Dette blir ei gjeld på 46 774 dollar per person.

Gjennomsnittsløna var i 2005 på 32 140 dollar. Det er vel rimeleg å anta at løna er høgare i dag, men la oss likevel gå ut frå dette talet.

Med ein skatt på 28 %, vil ei lønn på 32 140 dollar gje eit skattetrekk på om lag 9000 dollar. Med 9000 dollar i skatt kvart år, vil det gå litt over fem år før ein når gjeldssummen på 46 774 dollar.

Med andre ord, og svært forenkla: USA kunne løyst gjeldsproblema sine i løpet av fem år ved å auke skattane.

Ja, eg veit det er mange feil i reknestykket. Men likevel, ein artig tanke!

USA - frå utsida

Det er nok veldig enkelt å sitje på utsida og synse, særleg sidan eg heller ikkje har noko økonomisk utdanning eller sit med alle fakta i saka. Likevel er det veldig fristande, for eg har vore ganske irritert på den amerikanske kongressen den siste tida.

USA har nådd gjeldstaket sitt, og statskassa var botnskrapt. I ellevte time klarte dei å bli einige om eit tiltak, og unngjekk på den måten ei større økonomisk krise. Tiltaket førte vidare til at kredittverdet til USA vart nedgradert frå AAA til AA+ (Aftenposten-artikkel). Dei ligg fortsatt høgt oppe altså, men politikarane har nok fått seg ein tankevekkar. Håpar eg. For det var rimeleg sørgjeleg å følgje med i prosessen fram mot tiltaket.

Når ein sit med ei gjeld som er like stor som BNP, over 14 000 milliardar (NRK-artikkel), så burde ein kanskje tenkje på korleis ein kunne klare å REDUSERE denne gjelda. Den gong ei. Gjeldstaket vart heva, og kongressen beslutta å setje i verk kutt som på sikt skal stagge gjeldsauka. På sikt altså. Foreløpig vil gjelda auke, utan at ein tenkjer på korleis ein skal auke inntektene.

For det er det som er den store Bøygen, i alle fall for republikanarane. Ein må for all del ikkje auke skattar og avgifter! Det verkar som det er det verste som kunne skje. USA er kanskje det landet i verda med mest utprega markedsliberalisme (OBS! Dette er ikkje ein faktasetning, berre ei subjektiv vurdering frå mi side). The American Dream, den såkalla self-made man, skal få ha pengane sine i fred. I størst mogleg grad.

Samtidig er den sosiale nauda stor. Mange er fattige, og helsevesen og skule er dyrt. For dei med pengar er nok systemet bra, men for dei fattige er det ikkje akkurat ein draumestat.

Det virkar rimeleg logisk for meg, som bur i ein godt fungerande velferdsstat, å hevde at den einaste vegen å gå er å auke skattane og på den måten auke inntektene til staten. Og sjølvsagt målrette auken, slik at det er dei med pengar som må betale meir. Slik vil det vel sannynlegvis ikkje bli, all den tid republikanarane sit med fleirtal i kongressen. Dei er meir villige til å setje verdsøkonomien i ein krisesituasjon, og redusere kredittverdet til USA, enn å krevje at borgarane skal betale meir. For meg verkar dette merkeleg. Veldig merkelig, faktisk. Skulle ikkje tru dei var vaksne ansvarlege personar, med evne til å sjå utover si eiga lommebok.

Som sagt, det er enkelt å synse.

Og kven får skulda for elendet?


Say no more.

Bortsett frå at eg håpar, inderleg, at demokratane vinn ein braksiger neste år, slik at USA kan begynne på gjenoppbygginga av sin eigen økonomi.

Red 9/8:
No begynner vi så smått å sjå dei første verknadane av nedgraderinga: Vårt Land artikkel: Panikken brer seg