søndag 8. september 2013

Tru, håp og kjærleik

Det finst tre ord som er særleg sentrale for å forstå kva kristendom handlar om:

Tru
Det ligg litt i sjølve namnet: Kristen tru. Dei viktigaste tinga i kristendomen er basert på nettopp tru. Enkelte ting er lett å tru på, som for eksempel at Jesus har levd, og alle dei andre historiske personane som vi veit har eksistert, heilt frå Abraham, Moses, kong David og opp til Paulus. Å tru at dei har levd, er som å tru at Moskva er hovudstaden i Russland. Du har kanskje ikkje vore der, men du kan rekne med at det du blir fortalt er sant likevel.

Så har vi dei tinga som det er vanskelegare å tru, fordi dei er ulogiske og vanskelegare å bevise. Som at Jesus kunne gå på vatnet, eller gjere vatn til vin, eller vekke folk opp frå dei døde. Det aller viktigaste punktet i kristendomen er basert nettopp på denne type tru: Trua på at Jesus stod opp att frå dei døde etter at han hadde blitt drepen. Viss det ikkje hadde skjedd, hadde det heller ikkje vore noko som heitte kristendom. Det viktigaste kjenneteiknet på kristen tru er difor om ein trur at Jesus var Guds son, og at han stod opp att frå grava etter å ha vore død.

Håp
Håpet, symbolisert ved eit anker, er det andre ordet. Det er ikkje snakk om håp av typen: Håpar det er pizza til middag i morgon. Det er snakk om eit håp som er mykje meir djuptpløyande, det har med sjølve eksistensen vår å gjere.

De har lært om, eller skal snart lære om, humanetikk på skulen. Dette er eit livssyn som avviser alt som har med religion å gjere, og ein av grunntankane i humanetikken er at det livet vi lever her på jorda, det er alt. Der er ingenting før, der er ingenting etterpå. Du lever kanskje i 80-90 år, viss du er heldig. Alle dei millionar og milliardar av år som kjem etterpå, er du vekke. Du eksisterer ikkje, og vil aldri meir eksistere. Dette er ein tanke som, når eg prøvar å tenke den heilt til endes, søkk i meg som ein tung stein. Inga framtid, ikkje noko håp.

Kristen tru er på si side knytt til eit heilt konkret håp: Det evige livet hos Gud i Himmelen. Dette er sjølvsagt også eit trusspørsmål. Å tru at det finst ein himmel, og tru på at Jesus har ordna ein veg inn dit. For menneske som har det tungt, og opplever at livet går på tverke, eller opplever krig, forfylging, undertrykking eller død, er det kristne håpet likevel eit anker ein kan “fortøye” livet sitt til. Om alt går i dass her på jorda, har ein eit håp om ei betre framtid der framme, ein gong. For oss som har det greitt dei fleste dagar, er kanskje ikkje tanken på Himmelen og det som kjem etter døden det vi tenkjer mest på. Likevel, dei fleste av oss grublar over livet og døden innimellom.

Det kristne håpet handlar også om det heilt ordinære kvardagslivet. Eit håp om at det finst ein Gud som ser meg og går med meg, kvar dag.

Kjærleik
Så kjem vi til det som Bibelen seier er det aller viktigaste ordet. Kjærleik. Kristendom handlar nemleg først og fremst om kjærleik. Då snakkar eg ikkje om erotisk kjærleik, sjølv om den også absolutt er til stede i Bibelen og vert skildra som ein viktig del av livet. Det handlar heller ikkje om vår kjærleik til Bibelen, til Jesus, til Gud eller til kristendomen. Det er snakk om Guds kjærleik til oss menneske. Bibelen startar med at menneska gjer imot Guds vilje (dei 3-4 første sidene), og resten av boka (om lag 1400 sider) handlar om korleis Gud legg ein plan og kjempar for å få menneska tilbake. Det endar opp med at han til slutt ofrar seg sjølv, vert menneske og døyr på eit kors, berre fordi han er glad i oss. Gud gir alt for å få oss tilbake.

Når du ein gong blir skikkeleg forelska i nokon, vil du forstå litt av den iveren Gud har etter å ha kontakt med deg. Då vil alt du gjer handle om å komme i nærleiken av den er forelska i. Det er nesten som du ikkje klarar å tenkje på noko anna. Slik er Gud. Han er på ein måte forelska i oss menneske, sjølv om det kanskje ikkje er heilt rett ord å bruke.

Kristendomen handlar altså om å tru på noko, om å håpe på noko, men først og fremst om Guds kjærleik til oss og hans ynskje om at vi skal vere hans barn.

Så blir dei verande desse tre: tru, von og kjærleik.
          Og størst av dei er kjærleiken.                               (1. Kor 13,13)


(Andakt på KRIK-samlinga i går kveld)

lørdag 7. september 2013

Laurdagslåta: Worn

I dag skal de få høyre ein av dei songane som har høgast avspelingsfrekvens i mp3-spelaren min for tida: Worn, frå Tenth Avenue North si plate The Struggle. Dette er ei nydeleg bøn! Det er så mange ting som dreg oss menneske ned. Motgang og strev, krig og terror, kvardagstrivialitetar og krav, kjensla av å ikkje vere god nok, flink nok, at ein gjer alt feil. At alt skulle vore så mykje betre. Ein blir av og til utslitt, "worn", av alt som skal og bør gjerast, og alle felta ein sviktar på, gong etter gong. Då er det berre ein ting å gjere, berre ein plass å gå: Til han som kan snu nederlag til siger, han som kan gi krefter til dei som er utslitt. Lytt og les. Og gjerne be songen, viss du vil. God helg!



I’m Tired I’m worn
My heart is heavy
From the work it takes
To keep on breathing
I’ve made mistakes
I’ve let my hope fail
My soul feels crushed
By the weight of this world

And I know that you can give me rest
So I cry out with all that I have left

Let me see redemption win
Let me know the struggle ends
That you can mend a heart
That’s frail and torn
I wanna know a song can rise
From the ashes of a broken life
And all that’s dead inside can be reborn
Cause I’m worn

I know I need to lift my eyes up
But I'm too weak
Life just won’t let up
And I know that you can give me rest
So I cry out with all that I have left

Let me see redemption win
Let me know the struggle ends
That you can mend a heart
That’s frail and torn
I wanna know a song can rise
From the ashes of a broken life
And all that’s dead inside can be reborn
Cause I’m worn

My prayers are wearing thin
Yeah, I’m worn
Even before the day begins
Yeah, I’m worn
I’ve lost my will to fight
I’m worn
So, heaven come and flood my eyes

Let me see redemption win
Let me know the struggle ends
That you can mend a heart
That’s frail and torn
I wanna know a song can rise
From the ashes of a broken life
And all that’s dead inside can be reborn
Cause all that’s dead inside will be reborn

Though I’m worn
Yeah I’m worn

søndag 1. september 2013

lørdag 31. august 2013

Laurdagslåta: I'm with you

Nichole Nordeman og Amy Grant og songen "I'm with you", frå albumet "Songs inspired by the story". Songen handlar om Ruth og Noomi, som er preiketeksten denne helga.



Love is a hurricane in a blue sky
I didn’t see it coming, never knew why
All the laughter and the dreams
All the memories in between
Washed away in a steady stream

Love is a hunger; a famine in your soul
I thought I planted beauty, but it would never grow.
Now I’m on my hands and knees
trying to gather up my dreams
trying to hold on to anything

And we could shake a fist in times like this
When we don’t understand
Or we could just hold hands

You and me, me and you
Where you go I’ll go too
I’m with you, I’m with you
Until your heart, finds a home
I won’t let you feel alone
I’m with you, I’m with you, with you

You do your best to build a higher wall
To keep love safe from any wrecking ball
When the dust has cleared, we will
See the house that love rebuilds
Guarding beauty that lives here still

It’s you and me, me and you
Where you go I’ll go too
I’m with you, I’m with you
Until your heart, finds a home
I won’t let you feel alone
I’m with you, I’m with you

Who can say I’m left with nothing
When I have all of you, all of you, yeah
In the way you’ve always loved me
I remember. He does too

You and me, me and you
Where you go I’ll go too
I’m with you, I’m with you
Until your heart, finds a home
I won’t let you feel alone
I’m with you, I’m with you
(We’re gonna make it through)

You and me, me and you
Where you go I’ll go too
I’m with you, I’m with you
Until your heart, finds a home
I won’t let you feel alone
I’m with you, I’m with you

With you

søndag 25. august 2013

Eg veg verda


Kva er vel verda
- mot Guds evige kjærleik?
Kva er vel gull
- mot rikdomar funne i Ordet?
Kva er vel slit og strev
- mot den kvila Gud lovar sitt barn?
Kva er vel sorg – eller glede
- mot ein dag i Eg Er sine hender?

Eg veg verda,
prøver å finne noko ved Gud
som er lett nok
til å skape balanse –



Laurdagslåta #3: JJ Weeks band - Is it ever

søndag 18. august 2013