"Men den
timen kjem, ja, han er alt komen, då dei sanne tilbedarane skal tilbe
Far i ånd og sanning. For slike tilbedarar vil Far ha. Gud er ånd, og dei som tilbed han, må tilbe i ånd og sanning." Kvinna seier
til han: "Eg veit at Messias kjem", – Messias er det same som Kristus – "og når han kjem, skal han fortelja oss alt." Jesus seier til henne: "Det er eg, eg som snakkar med deg."
Joh 4, 23-26
Det er eg
djupet i meg, mørkret
strekk seg mot framande breidder,
søker ly, søker hamn
der bølgjene vert brotne
av noko solid
alt det duse, alt det grå
i meg
anar ei lysning, ei endring,
det er dagen som demrar i aust
og lyset i deg
strekk seg
mot mine forvridde tankar,
lyftar meg opp, lyftar og lyftar
til auga møter dine
og du seier
det er eg -
søndag 18. januar 2015
fredag 16. januar 2015
Tøff kjærleik
Elsk dine fiendar, sa Jesus. Ikkje lik, ikkje tolerer, ikkje hald ut med. Men elsk. Elsk!
Eg har ikkje så mange fiendar. Ikkje som eg veit om sjølv, i alle fall. Eg reknar ikkje med at alle elevane mine set like stor pris på meg. Eller at alle eg omgir meg med til dagleg har meg på topp ti lista. Og det er heilt ok. Likevel veit eg ikkje om så mange eg kan kalle fiendar.
For tida les eg boka "Skjulestedet" av Corrie ten Boom, der ho skildrar livet i det nazi-okkuperte Nederland og motstandskampen dei førte. Der er det ein episode som verkeleg utfordrar meg. Dei er vitne til at nokre soldatar utøver vald mot jødar som dei er i ferd med å lempe ut av sin eigen forretning. Corrie sin umiddelbare respons er: "Stakkars menneske!" Faren seier seg einig: "Ja, det er verkeleg synd i dei." Men Corrie legg merke til at faren ser på soldatane, ikkje offera! Og han legg til: "Det er synd i dei, for dei har rørt ved Guds augestein."
I mangel på fiendar rundt meg, lyfter eg blikket lenger ut, til nyhendebildet og alle dei provoserande nyhende som strøymer inn frå heile verda. Om IS si brutale framferd i Irak og Syria. Om Boko Haram som herjar og øydelegg liva til uskuldige menneske i Nigeria. Om terroristar som planlegg og gjennomførar aksjonar i Paris og Belgia og Istanbul og Afghanistan osv. Om Saudi-Arabia som dømmer ein mann til ti års fengsel og 1000 piskeslag, berre fordi han ville gjere akkurat det eg sit og gjer no - bloggar. Om nordkoreanarar som ikkje får meine eller tru kva dei vil, men er styrt og manipulert av diktaturstaten. Om tusenvis, ja, millionvis av små jenter som vert tvungne ut i prostitusjon av grådige bakmenn. Om bandar som slåss om makta i ly av eit makteslaust, og delvis korrupt, politi i Mexico. Om... lista er endelaus.
Og så kjem spørsmålet frå Jesus: Elskar du ekstremistane i IS og Boko Haram? Elskar du statsleiinga i Nord-Korea? Elskar du alle dei kriminelle og valdelege personane som dukkar opp i nyhendene stadig vekk? Elskar du skattesnytarane, valdtektsmennene, terroristane, bandemedlemane og narkotikalangarane?
Svaret på spørsmålet er viktig - fordi det er viktig for Jesus. Han er insisterande: Du skal elske dei! Men eg veit ikkje om eg kan, heilt ærleg. Veit ikkje om eg får det til.
Og så tenkjer eg på biskop Festo Kivengere, som frimodig skreiv ei bok som han kalla "I love Idi Amin". Endå Idi Amin drepte hans landsmenn over ein låg sko, og også trua han sjølv på livet så han måtte flykte frå landet. Og så sit han der og skriv om sine opplevingar og kallar boka si Eg ELSKAR Idi Amin. Korleis i all verda?
Dette er ein kjærleik som har sitt utspring i Jesu kors. Der vart verdas allmektige skapar spikra fast til to trepålar, og hengt til spott og spe for all verda. Der hang han - frivillig - av kjærleik. Til meg, til deg. Til Idi Amin. Til Boko Haram. Til IS. Til Kim Jong-un.
Gud hatar ikkje islamistar. Gud hatar ikkje terroristar. Han elskar dei, og vil at også vi skal elske dei. Utfordrande? Jepp. Mogleg? Ja. Men eg trur ikkje eg klarar det av meg sjølv. Her treng eg hjelp - av han som døydde for alle overgriparar og kriminelle i kjærleik, fordi han vil at dei skal vende om og få oppleve hans kjærleik og oppleve å få tilgjeving og oppleve å få starte nye, gode liv.
Og eg drøymer... Tenk om IS-soldatar fekk høyre om Jesu kjærleik! Tenk om dei kunne få oppleve Guds nåde og tilgjeving - og få Guddommeleg hjelp til å komme seg ut av valden og den livskvelande kvardagen. Tenk om Boko Haram-soldatar kunne vende om, og heller byggje kyrkjer og lovsynge Gud! Tenk om alle bakmennene til sexslavane kunne få sjå liva sine gjennom Guds auge. Tenk om... Tenk kor annleis verda hadde vore då!
La oss be om det!
Eg har ikkje så mange fiendar. Ikkje som eg veit om sjølv, i alle fall. Eg reknar ikkje med at alle elevane mine set like stor pris på meg. Eller at alle eg omgir meg med til dagleg har meg på topp ti lista. Og det er heilt ok. Likevel veit eg ikkje om så mange eg kan kalle fiendar.
For tida les eg boka "Skjulestedet" av Corrie ten Boom, der ho skildrar livet i det nazi-okkuperte Nederland og motstandskampen dei førte. Der er det ein episode som verkeleg utfordrar meg. Dei er vitne til at nokre soldatar utøver vald mot jødar som dei er i ferd med å lempe ut av sin eigen forretning. Corrie sin umiddelbare respons er: "Stakkars menneske!" Faren seier seg einig: "Ja, det er verkeleg synd i dei." Men Corrie legg merke til at faren ser på soldatane, ikkje offera! Og han legg til: "Det er synd i dei, for dei har rørt ved Guds augestein."
I mangel på fiendar rundt meg, lyfter eg blikket lenger ut, til nyhendebildet og alle dei provoserande nyhende som strøymer inn frå heile verda. Om IS si brutale framferd i Irak og Syria. Om Boko Haram som herjar og øydelegg liva til uskuldige menneske i Nigeria. Om terroristar som planlegg og gjennomførar aksjonar i Paris og Belgia og Istanbul og Afghanistan osv. Om Saudi-Arabia som dømmer ein mann til ti års fengsel og 1000 piskeslag, berre fordi han ville gjere akkurat det eg sit og gjer no - bloggar. Om nordkoreanarar som ikkje får meine eller tru kva dei vil, men er styrt og manipulert av diktaturstaten. Om tusenvis, ja, millionvis av små jenter som vert tvungne ut i prostitusjon av grådige bakmenn. Om bandar som slåss om makta i ly av eit makteslaust, og delvis korrupt, politi i Mexico. Om... lista er endelaus.
Og så kjem spørsmålet frå Jesus: Elskar du ekstremistane i IS og Boko Haram? Elskar du statsleiinga i Nord-Korea? Elskar du alle dei kriminelle og valdelege personane som dukkar opp i nyhendene stadig vekk? Elskar du skattesnytarane, valdtektsmennene, terroristane, bandemedlemane og narkotikalangarane?Svaret på spørsmålet er viktig - fordi det er viktig for Jesus. Han er insisterande: Du skal elske dei! Men eg veit ikkje om eg kan, heilt ærleg. Veit ikkje om eg får det til.
Og så tenkjer eg på biskop Festo Kivengere, som frimodig skreiv ei bok som han kalla "I love Idi Amin". Endå Idi Amin drepte hans landsmenn over ein låg sko, og også trua han sjølv på livet så han måtte flykte frå landet. Og så sit han der og skriv om sine opplevingar og kallar boka si Eg ELSKAR Idi Amin. Korleis i all verda?
Dette er ein kjærleik som har sitt utspring i Jesu kors. Der vart verdas allmektige skapar spikra fast til to trepålar, og hengt til spott og spe for all verda. Der hang han - frivillig - av kjærleik. Til meg, til deg. Til Idi Amin. Til Boko Haram. Til IS. Til Kim Jong-un.
Gud hatar ikkje islamistar. Gud hatar ikkje terroristar. Han elskar dei, og vil at også vi skal elske dei. Utfordrande? Jepp. Mogleg? Ja. Men eg trur ikkje eg klarar det av meg sjølv. Her treng eg hjelp - av han som døydde for alle overgriparar og kriminelle i kjærleik, fordi han vil at dei skal vende om og få oppleve hans kjærleik og oppleve å få tilgjeving og oppleve å få starte nye, gode liv.
Og eg drøymer... Tenk om IS-soldatar fekk høyre om Jesu kjærleik! Tenk om dei kunne få oppleve Guds nåde og tilgjeving - og få Guddommeleg hjelp til å komme seg ut av valden og den livskvelande kvardagen. Tenk om Boko Haram-soldatar kunne vende om, og heller byggje kyrkjer og lovsynge Gud! Tenk om alle bakmennene til sexslavane kunne få sjå liva sine gjennom Guds auge. Tenk om... Tenk kor annleis verda hadde vore då!
La oss be om det!
torsdag 15. januar 2015
Ein stad mellom tru og tvil
For nokre dagar sidan las eg boka "Ein stad mellom tru og tvil", som inneheld gjendiktingar av ein del av R.S. Thomas sine dikt. Det er Hans Johan Sagrusten som har 'oversett' dikta til norsk.R.S. Thomas var walisisk prest, og levde frå 1913 - 2000. Han henta mykje av inspirasjonen til dikta sine i den walisiske naturen, og frå si eiga prestegjerning. I denne boka er det dikta som handlar om tru og tvil som har fått plass, i tillegg til nokre utruleg vakre kjærleiksdikt.
Forfattaren streva mykje med tvil, og skildrar ofte Gud som eit "fråvær", som nokon som går ut av rommet rett før han sjølv kjem inn. Likevel held han fast på trua.
Eg kjenner meg att i ein del av dikta, samtidig som eg sjølv ikkje har kjent på dei same kjenslene av "fråvær" i same grad. Likevel er det nyttige tekstar å lese - det er sterkt å lese om tvilen og strevet og dei vanskelege tankane, samtidig som han klamrar seg til trua og korset. Han har ei ærefrykt for Gud, og ei tillit til at Gud er der, sjølv om forfattaren ikkje kan merke han.
Eit av dei religiøse dikta som gav meg mest, er dette:
Då han kom
Og Gud heldt i handa
ein liten klode. Sjå, sa han.
Og sonen såg. Langt borte,
som gjennom vatn, såg han
eit solsvidd landskap med skarpe
fargar. Ljoset brann
der, utbrende hus
kasta lange skuggar; ein blenkjande
orm, ei elv
snodde seg fram, glimande
av slim.
På ein naken ås
la eit nake tre eit sorgfullt drag
over himmelen. Mange menneske
strekte dei tunne armane sine
mot det, liksom dei venta på
at ein bortfaren april skulle
koma attende til dei krosslagde
greinene. Sonen følgde dei
med auga. Lat meg fara dit, sa han.
For eit fantastisk fint bilde han teiknar av Gud! Sonen som vel å stige inn i verda, fordi han ser lengten og einsemda og nøden. Og allereie før han kjem, ser han krossen som ventar, men kjem likevel. Fantastisk!
Og så var det kjærleiksdikta. Dette diktet skreiv han etter at kona døydde tidleg på 90-talet. R.S. Thomas var over 80 år då han skreiv denne kjærleikserklæringa til kona:
Samanlikningar
Med alle lette ting
likna eg henne, med
ei snøfjon, ei fjør.
Eg hugsar ho kvilte
mot armen min då vi
dansa, lik ein fugl
på reiret, redd egga
skulle knusast, redd
ho låg for tungt
på kjærleiken vår. Snø
smeltar, fjører
blæs bort;
eg har senkt
oska hennar ned
i meg lik eit anker.
Det er ei tankevekkande, litt vond, vakker og ærleg samling med dikt ein kan lese i denne boka. Og R.S. Thomas utfordrar så absolutt tankane våre om Gud og tru.
tirsdag 13. januar 2015
Å tru det irrasjonelle
Det er mykje i den kristne trua som er vanskeleg å forstå. Litt fordi dei bibelske tekstane ofte må tolkast, og språket er ei barriere for tankane. Mest fordi det er ein del ting som for hjernen er irrasjonelt. For eksempel:
- At heile verda er skapt ved at Gud sa ord.
- At Jesus vakna til live att, etter å ha vore død i to døgn.
- At det at Jesus døydde og sto opp att for to tusen år sidan, har noko å seie for meg i dag.
- At det i det heile finst ein røyndom utanfor den fysiske verda.
- At eg vert høyrt av Gud når eg ber, endå eg ikkje kan "merke" nokon ting.
- At ein usynleg Gud, som eg aldri har sett, kan tale til meg.
og det merkelegaste av alt:
- At eg, som eit rasjonelt, tenkande og noko skeptisk menneske kan tru at alle punkta over er sanne. Og utan å vere så sterkt i tvil, heller.
Og no snakkar vi om ein person (altså meg) som ser på programmet "Åndenes makt" som eit humorshow (Sjølv om det eigentleg er berre trist), som nektar å tru at folk kan bli sjuke av å bu over ei underjordisk elv eller under ei kraftlinje, som meiner homeopati = kvakksalveri og generelt er skeptisk til det meste av konspirasjonsteoriar. Og ikkje begynn å snakke om engleskular, "energikrinsar" og tarot...
Eg er naturfaglærar og matematikklærar, eg elskar logiske problemstillingar og rasjonell tenking. Eg likar å finne forklaringsmodellar på det som skjer i naturen. Og då logiske forklaringsmodellar. Eg er ein av dei siste du vil finne i medlemslistene til norsk UFO-forbund. Viss det eksisterer, då...
Så er spørsmålet: Korleis kan eg då vere kristen?
Og kva skjer når eit menneske som ikkje har vore kristen, plutseleg byrjar å tru?
Nøkkelen til alle desse spørsmåla og paradoksa ligg i ein dimensjon som vi menneske ikkje kan forstå (av oss sjølv...) Nøkkelen ligg hos Gud sjølv. Sjå berre kva som står i 1. Kor 2, 14-15:
Menneska slik dei er i seg sjølve, tek ikkje imot det som høyrer Guds Ande til. Det er dårskap for dei, og dei kan ikkje forstå det, for det kan berre dømmast om på åndeleg vis. Men det mennesket som har Anden, kan dømma om alt, og sjølv kan det ikkje dømmast av nokon.
Det heile handlar om Den Heilage Ande! I oss sjølv er alt som har med Gud å gjere "dårskap", og vi kan ikkje verken tru det eller forstå det. Men Den Heilage Ande plantar trua i oss, og overbeviser oss om at det Jesus seier er sant. Dermed kan ein tru på Gud, og samtidig vere glad i det rasjonelle.
Og vidare på det sporet: Eg veit at det ikkje er eg sjølv som har planta trua på Gud i meg, heller ikkje foreldre eller lærarar eller prestar. Hadde det ikkje vore for DHA, hadde heile Guds ord prella av som vatnet på gåsa. No har det omvendte skjedd: Eg trur at Gud finst, eg trur at Gud elskar meg, eg trur at han døydde for meg og stod opp att, eg trur Gud er med meg i dag og høyrer bønene mine. Og eg trur at kven som helst kan begynne å tru på Gud, sjølv den mest hardbarka ateist og Gudsfornektar, sjølv den mest likegyldige agnostikar, sjølv den mest fanatiske muslim, sjølv den mest "opplyste" buddhist. Får dei høyre ordet om Jesus, Bibelen forkynt og forklart, vil Den Heilaga Ande kunne opne også deira andelege auge.
Difor er det rasjonalisten Ole Jørgen stadig vekk snakkar om den "irrasjonelle" trua. Fordi Gud sjølv koplar saman vår begrensa hjerne med sin eigen røyndom, og lar oss få del i noko heilt nytt.

mandag 12. januar 2015
I min fars hus - Corrie ten Boom
Corrie ten Boom døydde i 1983, over 90 år gamal, så eg fekk aldri sjansen til å høyre henne "live". Likevel er ho eit av mine største førebilete, og ein trushelt som har påverka trua mi mykje.
I boka "I min fars hus" fortel ho om dei femti første åra av livet sitt, frå ho vart fødd i Harleem, utanfor Amsterdam, i 1892, og fram til 2. verdskrigen starta i 1940. Boka fortel korte historier, og refleksjonar rundt det å leve som kristne.
Samtidig som det er ei oppbyggeleg bok, gir den også godt innblikk i korleis det var å vekse opp i Nederland på starten av 1900-talet. I alle fall for denne familien. Det var trange kår, og samarbeid og samhald var den einaste vegen.
Eg las denne boka og fleire andre av Corrie ten boom sine bøker då eg var ung. Mykje av trusopplæringa påverka meg, og har prega min måte å tenkje om Gud og det å leve som ein kristen. No har eg lånt denne og fleire andre av ten Boom sine bøker i frå Balestrand, og eg gler meg til å lese på ny bøkene ho skreiv!
"I min fars hus" er på 178 sider, og vart gitt ut på Ansgar forlag i 1977.

søndag 11. januar 2015
Ord på ord
Ei røyst ropar i øydemarka:
Rydd Herrens veg,
gjer stigane hans rette!
Slik stod døyparen Johannes fram i øydemarka. Han forkynte ein omvendingsdåp som gav tilgjeving for syndene. Frå heile Judea og Jerusalem drog alle ut til han. Dei sanna syndene sine og vart døypte av han i Jordanelva. Johannes gjekk i ei kappe av kamelhår og hadde eit lêrbelte om livet, og han levde av grashopper og villhonning. Han forkynte: «Det kjem ein etter meg som er sterkare enn eg, og eg er ikkje verdig til å bøya meg ned og løysa sandalreima hans. Eg har døypt dykk med vatn, men han skal døypa dykk med Den heilage ande.» På den tida kom Jesus frå Nasaret i Galilea og vart døypt av Johannes i Jordan. Straks han steig opp av vatnet, såg han himmelen dela seg, og han såg Anden dala ned over seg som ei due. Og det kom ei røyst frå himmelen: «Du er Son min, som eg elskar, i deg har eg mi glede.
Mark 1, 3-11
Ord på ord
at alt er ord -
at alle blomar
er ord
alle fjell
er ord
alle hav
er ord på ord på ord
at alle hjarte smeltar
og hjarte veks
og hjarte krympar
av ord
at du ser på meg
og alt eg sansar
er ord -

søndag 4. januar 2015
Finne vegen
Og guten voks og vart sterk. Han vart fylt av visdom, og Guds nåde var over han. Kvart år fór Jesu foreldre til Jerusalem i påskehøgtida. Og då han var tolv år, drog dei som vanleg dit opp til høgtida. Men då
høgtidsdagane var til ende og dei skulle fara heim, vart guten Jesus
verande att i Jerusalem, og foreldra hans la ikkje merke til det. Dei tenkte han var med i følgjet, og fór ei dagsreise fram før dei tok til å leita etter han mellom slektningar og kjenningar. Sidan dei ikkje fann han, fór dei attende til Jerusalem og leita etter han der. Men først etter tre dagar fann dei han i tempelet. Der sat han midt blant lærarane og lydde på dei og stilte spørsmål. Og alle som høyrde på han, undra seg over kor klok han var og kor godt han svara. Då foreldra
fekk sjå han, vart dei slegne av undring, og mor hans sa: «Kvifor har du
gjort dette mot oss, barnet mitt? Far din og eg har leita etter deg og
vore så redde.» Men han svara: «Kvifor leita de etter meg? Visste de ikkje at eg må vera i huset åt Far min?» Men dei skjøna ikkje kva han meinte med dette.
Så vart han med dei heim til Nasaret og var lydig mot dei. Men mor hans gøymde alt dette i hjartet sitt. Og Jesus gjekk fram i alder og visdom og var til glede for Gud og menneske.
Luk 2, 40-52
Finne vegen
svake avtrykk
etter springande føter
gjennom skogen
du bøyer deg mot bakken
ser med vake blikk
så konsentrert, leitar -
og eg ser deg tydeleg
du er ein silhuett
mot mine eigne draumar;
slik bøyer eg meg
i denne same skogen,
prøver å finne vegen, heilt fram

Abonner på:
Innlegg (Atom)