Då Jesus kom gåande, fekk han sjå ein mann som hadde vore blind frå han var fødd. Læresveinane spurde: «Rabbi, kven er det som har synda, han eller foreldra hans, sidan han vart fødd blind?» Jesus svara: «Verken han eller foreldra hans har synda. Men no kan Guds gjerningar bli openberra på han. Så lenge det er dag, må vi gjera hans gjerningar som har sendt meg. Det kjem ei natt då ingen kan arbeida. Så lenge eg er i verda, er eg lyset i verda.»
Joh 9, 1-5
Ufokusert
auga festa seg
ved noko anna,
noko ute av fokus
konturane dansa
som skuggar
over netthinnene
stal glimta, stal lyset
og merksemda
frå sjølve kjelda
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar