mandag 6. februar 2012

Bakgården min

Ein bakgård med søppel
skrot
og rusta jern
Eit skur av råtten plank
og ein usopa bakgårdsplass

Slik er hjarta mitt

Men i bakgården
strøymer det lys over kanten
Lyser på lauva
Lagar eit vakkert maleri og
dekkjer skrot og søppel
Gjer krav på det som sitt

Slik er Gud


Eit av dei første dikta eg skreiv, den gongen eg sat ung og einsam på ein liten hybel i Ålesund, og lurte på kva eg skulle finne på. Ord har vore ein naturleg del av livet mitt så lenge eg kan hugse, men då mest i form av bøker eg har lest. Sjølv om eg likte å skrive, og var glad i å lese dikt, hadde det aldri før vore ein naturleg tanke å skrive dei sjølv. Så sit eg der då, ser ut vindauget. Første verset er ei ganske presis skildring av utsikta mi, og den gjorde meg ikkje akkurat meir oppløfta... Men mens eg sit der og stirrar, kjem det plutseleg ein sprekk i skylaget over byen, og sola kjem fram med lys og varme. Over murkanten rundt bakgården strøymer det plutseleg flotte stråler som fell på både skrot og lauv. Plutseleg vert bakgarden forvandla, frå ein trist og grå stad til eit ganske fint bilde. Humøret mitt stig, og eg må takke Gud for oppmuntringa. Så fann eg fram papir og blyant, og skribla ned orda som er gjengitt over. 

Sjølv i dag, tretten år seinare, ser eg fortsatt for meg utsikta frå hybelvindauget mitt. Eg tenkte mange tankar ved det vindauget, og sendte mange bøner opp til Gud. I dag er eg uendeleg takknemleg for den vegen Han førte meg vidare, som har leia fram til der eg er i dag og saman med dei menneska eg er i lag med her. Den litt triste dagen ved vindauget var starten på ein langt meir spennande veg enn eg kunne sjå føre meg!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar