torsdag 16. oktober 2014

Revidert statsbudsjett

Det er økonomiske brytningstider i politikken, og eg hiv meg med i karusellen. Her er mine revideringar:

1) Støtteordningar

Her går ikkje regjeringa langt nok, meiner eg. Målet er å stoppe dei late navarane, som snylter på samfunnet og ikkje gidd å ta i eit tak. Ved å redusere trygda, skal dei tvingast tilbake til arbeidslivet. Dette vert feil. Kven som helst kan klare seg på mindre trygd. Kva om dei flytter til ein mindre bolig, seier opp diverse abonnement og berre handlar mat som nærmar seg utløpsdato og sett ned i pris? Då vil mølla fortsette å snurre, og navarane klorar seg fast til dei gratis pengane. Skal vi få slutt på ondet, bør heile utbetalinga stanse. Då er dei faktisk nøydde til å jobbe, og vi får ein endeleg slutt på latskapen. Her kan staten samtidig spare utruleg mange millionar, som kan brukast på betre ting.

2) Bistand

Regjeringa vil redusere talet på land som mottek bistand. Eg applauderer, samtidig som eg ristar på hovudet. Skal bistanden bli verkeleg effektiv, og vi få skikkeleg kontroll over pengane, bør talet på land reduserast til eitt. Dette landet vil då oppleve støtta frå Noreg som eit verkeleg løft, og kontrollorgana får ein enklare jobb. Eg foreslår eit land som verkeleg strevar i motvind for tida, og som treng vår varmast omsorg: Spania. Ein positiv sideeffekt vil sjølvsagt vere at den norske solturismen vil kunne nyte godt av bistanden i andre omgang. Og det skulle berre mangle, det er då våre skattepengar.

3) Barnevern, barneombod og andre institusjonar som jobbar med barnerettar

Det siste året har regjeringa ved mange høve vist at dei eigentleg ikkje er for barnekonvensjonen i det heile. USA og Somalia har endå ikkje ratifisert den, og vi bør kanskje vurdere å trekke oss ut vi også. Då vil vi kunne sende barn ut av landet med endå betre samvit, og vi sparar mykje pengar som elles vert sløst vekk til å ta seg av dei små. Og sidan barn er barn, om dei er afghanske, svenske eller norske, vert det urettferdig med særbehandling av ei gruppe. Viss vi vel å sjå vekk frå barns rettar i det heile, vil landet spare millionar! Desse pengane kan brukast på betre ting, som for eksempel bygging av bompengefrie vegar.

4) Innvandring

Noko av pengane som vert spart i post 1 og 3, bør overførast til forebygging av innvandring. Eg foreslår at Noreg opprettar kontor ved alle flyplassar som har ruter til Noreg. Der kan ein plukke ut alle som ikkje ser norske ut, og la dei gå gjennom ein kultur- og språktest. Viss dei ikkje består, får dei heller ikkje sleppe inn på flyet. På den måten vil berre etniske nordmenn frå Noreg fly inn i vårt territorium, og heile innvandringspolitikken er løyst! (Her må vi sjølvsagt ta høgde for at ein del utlendingar vil prøve å jukse seg inn i landet, ved å ta for eksempel universitetsgrad i norsk eller ved å kle seg ut som lyshåra viking. Det vil vere viktig med effektive kontrollorgan som kan avsløre juks)

Eit tilleggsgode vil her vere at dette vil verne den norske kulturen frå negativ innverknad!

Eksempel på noko som kan byggast av dei sparte pengane

5) Stipend

Her er det millionar å spare! Kvifor redusere stipendet for nokon? Kvifor ikkje ta vekk heile stipendordninga! Då er det berre dei som verkeleg vil ta utdanning som kjem til å gjere det, og det er då også det beste. Meir motiverte elevar ved vidaregåande skular og høgare utdanning, og dei andre vil komme seg raskare ut i lågtlønna arbeid. Dei vil då kunne fylle dei arbeidsplassane som vert ståande ledig når innvandringa vert redusert. To fluger i ein smekk!

6) Pressestøtte

Staten bør ikkje binde avisene og gjere dei avhengige. Ved å kutte statstøtta heilt, vil avisene bli verkeleg uavhengige, og vi vil få ei reell fri presse i Noreg. Dette vil sjølvsagt få konsekvensar for enkelte aviser i starten, men på sikt vil det auke mangfaldet og folket vil få dei meiningane dei betalar for. Det viser ALL forsking!

7) Kultur

Dette bør bli ein salderingspost. Kultur er som kjent det vi held på med, som vi strengt tatt ikkje er nøydde til. Og kvifor skal staten betale folk for å spele fele, viss det er så få som vil høyre på at det ikkje går rundt likevel? Viss vi fjernar støtten til kultur, kan vi redusere skattenivået. Dei ekstra pengane kan folk bruke til å betale for den kulturen dei vil ha, og all overflødig kultur bli sjalta vekk. Det er viktig at dette vert sett i samband med punkt 4 - vi vil ikkje at unorsk kultur skal blomstre opp.

8) Landbruk

Løysinga her er rimeleg enkel: Ved å lage til ei lisensordning, der berre ein bonde i kvar kommune vil få lisens til å drive gard, vil vi tvinge fram ei samanslåing av alle dei små og lite effektive gårdsbruka til færre, store og meir funksjonelle gardsbruk. Dette vil gje billigare og betre mat i butikkane. Samtidig får ein frigitt mykje areal som kan brukast til boligbygging!

Eg reknar med at revideringane mine kjem med i det endelege statsbudsjettet. Hugs: Ein kan alltid bli endå blåblåare!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar