Nadia sin heimby, Kocho, var beleira i nærare to veker, før ISIS til slutt erobra byen. Der drap dei mennene og dei eldre kvinnene, og kidnappa yngre kvinner og barn. Unge gutar vart hjernevaska og brukt som soldatar. Unge jenter, deriblant Nadia Murad, vart selde som slavar frå den eine IS-soldaten til den andre.
ISIS kalla seg «den islamske staten». Ordet
«islam» tyder å underkaste seg Gud. Denne boka viser det same som
vi har sett på reportasjar i nyheitene: Leiarane og krigarane i ISIS
underkasta seg ikkje så mykje anna enn sin eigen grådighet, blodtørst og begjær.
Eg visste ikkje så mykje om jesidismen før eg las denne boka, sjølv om eg hugsar tv-bildene av menneske som flykta oppover Sinjar-fjellet, og kampen om å få bli med i dei få helikoptra USA klarte å bringe inn til området. Slike bilde er umoglege å gløyme.
Boka "Den siste jenta" gir eit godt innblikk i både religionen og folket. Etter mange år med reportasjar om ISIS sine gjerningar, skulle ein ikkje tru at ein kunne bli noko særleg sjokkert av å lese endå ei beretning om udådane. Likevel er det noko med det å bli kjent med enkeltmennesket, og følgje dette eine mennesket sin kamp for å overleve. Då er det ikkje lenger statistikk. Det er ei medmenneskeleg tragedie, og ei historie vel verdt å kjenne til.