lørdag 16. juni 2018

Ein stabel pengar




det var alt som låg att
då det stille hjartet
vart seinka i jorda

flotte ord svevde i lufta
som sommarfuglar
rett før frosten;
om denne effektive mannen
og smilet dei sakna

så traska finskoa bort
og graset rundt den mjuke molda
kunne igjen reise seg mot sola

ei stor trillebåre med pengar
stod att på ein tom kyrkjegard

snart fekk vinden og regnet tak i papiret
og seksti års arbeid
gjekk i oppløysing den natta –

berre svaret den vesle jenta fekk
på spørsmålet til sin gråtande far
hang att: kvifor
            tek ingen med seg pengane?

det er berre pengar, jenta mi
berre pengar – ein stabel papir
og ingenting vi vil sakne –




Matt 16,26: Kva gagnar det eit menneske om det vinn heile verda, men taper si sjel? Eller kva kan eit menneske gje til vederlag for si sjel?

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar