fredag 11. mai 2012

Jesus movement, eller: Det Terry Jones ikkje forstår

Den gangen eg hadde så få år på baken at eg fortsatt kunne kalle meg ungdom, høyrde eg svært mykje på ei gruppe som heitte Audio Adrenaline. Den aller første plata eg kjøpte heiter "Underdog", og den har gått sin del av rundar i CD-spelaren min. (Ei knallbra plate!)

På denne plata er det ein song som heiter "Jesus movement", og handlar om at uansett kor i verda ein reiser, vil ein kunne treffe på menneske som høyrer Jesus til.Vi i Noreg eller "Vesten" har ikkje einerett på Guds ord. Det finst ikkje lenger noko "vi" og "dei" når det gjeld kor i verda vi finn kristendomen. Og det er eit faktum at det er i Afrika og Asia at kyrkjeveksten er størst, medan vi i vest-Europa opplever meir ein stagnasjon og til og med tilbakegong.

Med denne påminninga frå Audio Adrenaline i bakhovudet, vert heile situasjonen rundt den amerikanske "pastoren" Terry Jones absurd. Han har innleia sitt heilt private "korstog" eller kva vi no skal kalle det, mot muslimar og koranen. Det verkar som han meinar at han kan straffe eller påføre den muslimske verda eit slag ved å brenne koranen, akkurat som om det at han brenn ei bok i USA vil føre til at millionar av muslimar plutseleg skulle begynne å tenkje seg om og innsjå at det ikkje er så lurt å fylgje koranen likevel.

Dette vitnar om lite respekt for andre menneske si tru, og lite innsikt i andre sine kulturar. Og sjølv om han har uttalt at han vil "vise verda" kor overdrive muslimane reagerar på bokbrenninga, så gir ikkje andre sin overreaksjon ein sjølv nokon legitim grunn til å provosere. Det blir som spansk tyrefekting: "Sjå kor sint oksen blir, berre fordi eg stikk han med spyd!"

I Iran sit den kristne pastoren Yousef Nadarkhani arrestert og dømt til døden. Hans einaste forbrytelse er å tru på Jesus. Han lever i eit land som er strengt muslimsk, og viser ei mykje betre haldning til sine medmennesker når han fordømmer denne type koranbrenning (VL: Dødsdømt pastor refser koranbrenning)

Over alt i verda finn vi kristne menneske, og dei fleste veit at den beste måten å leve på er å respektere sine naboar, og la seg forme av Jesu ord i Bibelen. Jesus gjekk i si tid i rette med den religiøse eliten i Israel. Han gjorde det ved å gå til sakens kjerne: peike på problema i deira tru og utfordre dei på heimebane. Og eit viktig poeng: Begge partar, både Jesus og dei skriftlærde, høyrde til den same religionen og var godt kjent i dei same skriftene. Jesus brente ikkje farisearane sine skriftrullar. Han leste frå dei, og viste den rette vegen i ord og handling.

Ut frå dette har eg eit godt råd til Terry Jones og andre som fryktar annleis truande eller trur at bokbrenning fører til noko godt: Slutt å brenne koranen, begynn heller å lese i Bibelen og leve etter den!

torsdag 10. mai 2012

Nr. 24 er død

Gunnar Sønsteby, landets til no høgast dekorerte borgar, er død. For slike som meg, som er glad i historie og har lest uttallige bøker om 2. verdskrigen, er Sønsteby ein sjølvskriven helt. Sjølv om det ikkje er så unaturleg at menn på over nitti år dør, er det likevel vemodig.

Eg har lest ein del om store militære slag, og det som fascinerar meg mest er psykologien som ligg bak. Kva tenkjer leiarane, kva slag haldningar viser dei og kva for ein ideologi fylgjer dei? Krigspsykologien er mykje meir spennande enn sjølve kamphandlingane (i alle fall etter mi meining). I den samanhengen er Gunnar Sønsteby ein spennande mann, for det motet og handlekrafta han viste medan det storma rundt han, er imponerande. Han sykla altså rundt i gatene og planla aksjonar og tiltak for å svekke okkupasjonsmakta, samtidig som han lenge klarte å halde identiteten sin skjult. Tyskarane må ha slått i veggen av frustrasjon ganske mange gongar over denne "usynlege" motstandaren.

Sjølv om han er ein dekorert helt, og har vunne seg eit stort namn, verka han aldri blasert eller overlegen. I dei intervjua og reportasjane eg har sett han, har han vore roleg og jordnær, og med glimt i auget. Det står også respekt av den store innsatsen for å undervise og fortelje om 2. verdskrigen, og kampen for demokrati og mot fascisme.

For nokre år sidan vart han fotografert av fotograf Morten Krogvold. Det resulterte i blant anna dette stilige bildet:

 

Slik er det eg vil hugse han. Eit vakent blikk og ei rank haldning. Nazistane klarte ikkje å knekke han, og han stod oppreist heile livet.

Kvil i fred, Gunnar Sønsteby!

onsdag 9. mai 2012

Pila peikar mot sofaen

Akkurat no er eg sint og skuffa - kanskje aller mest skuffa. Eg sit i bilen på veg til jobb, høyrer på nyhendene og nyt at det er tørre vegar og glimt av sol rundt meg. Rett før eg parkerar bilen, kan nyhendelesaren opplyse at KrF avlyser kampen mot homofilt ekteskap, ja rett og slett hiv seg med i den same karusellen som dei fleste andre partia har sitte på i nokre år no.

Dermed står eg tilbake temmeleg partilaus. Eg har i mange år støtta opp om KrF, ganske enkelt fordi det er det partiet som er nærast mine politiske verdiar og ståstad. Dei har vore skuffande tafatte i abortspørsmålet, og slett ikkje vore den opposisjonen eg ynskte. Det som derimot har vore bra, er ein familiepolitikk der omsynet til småbarnsfamiliar og valfridom har vore framtredande.

Av den grunn har eg støtta opp om partiet, og til og med vore medlem ein periode.

I dag gir dei altså endå eit viktig etisk prinsipp på båten. No er det ingen seriøse politiske parti som står for tradisjonelle familieverdiar eller kjempar for bibelsk etikk i det norske politiske landskapet.

Det er stor fare for at eg sit i ein sofa ved neste val, og det er utruleg synd. Eg er glad i demokratiet, og meiner at det å stemme ved val er viktig, både for å halde systemet ved like, men også for å kunne delta i samfunnsdebatten.

Akkurat det trur eg at eg fortsatt kjem til å gjere, men eg nektar å stemme på vérhanar.

tirsdag 8. mai 2012

Conn Iggulden om Djengis Khan

Ein av dei verkeleg store forteljarane eg kjenner til, og som eg oppdaga ved eit reint tilfelle for eit par år sidan, er britiske Conn Iggulden.

Boka "Ulven fra steppene" var med i Foreningen les! sin txt-aksjon, og dermed hamna boka på leselista mi. Ein av dei store fordelane ved å vere norsklærar, har eg oppdaga, er at eg har verdas beste unnskyldning til å halde meg oppdatert på ungdomsbøker! No er ikkje "Ulven fra steppene" først og fremst ei ungdomsbok, sjølv om den heilt klart vil fenge ein del i den aldersgruppa også.

Boka tek for seg barndomen til guten Temüdsjin, som ettertida hugsar som den store Djengis Khan. Ein hard og vanskeleg oppvekst, midt blant stammar som kriga med kvarandre, la grunnlaget for personlegdomen til den store erobraren. Boka er svært spennande, og tok ikkje lange tida å lese ut. Ikkje fordi den er spesielt kort, men fordi den er spennande!

I bok nummer to, "Buens mestere", kan vi lese om korleis Djengis Khan klarte å samle alle dei ulike mongolske stammane til ein, og korleis dei etter samlinga vart ein enorm trussel for det nord-kinesiske riket Xia, og etterkvart for keisaren i Kina. Det er store slag, og ein leiar som veit å utnytte folket sine overlegne krigerske evner.

Djengis er fylt av mot og handlekraft, men også av ein grusom og hard vilje til å styre. Det er lite nåde å finne for motstandarane, og lite omtanke for dei erobra folkegruppene. Blant anna brukar han 3000 krigsfangar som levande skjold i møte med den store hæren frå den kinesiske hovudstaden. Det er heller ikkje særleg lystig å lese om beleiringa av den same hovudstaden. Ein millionby som plutseleg vert avskåren frå all handel med omverda, og som i tillegg har tømt alle matlager då dei sende hæren ut mot Djengis Khan... Det er grusome scener, men khanen viser ein ukueleg jernvilje. Til slutt knekker han byen.

Etter sigeren i Nord-Kina, set Djengis Khan augene vestover. Han har blitt provosert av folkegrupper i det noverande Afghanistan, Kazakstan og sør-Russland. Han tek med heile folket vestover, og banar seg veg mot dei store byane, blant anna Samarkand. Undervegs vert han møtt av ein enorm hær, leia av ein sultan. Nok ein gong kjem mongolane sine dyktige krigarar til sin rett. Dette kan ein lese om i den tredje boka, "Knokler i sanden". Dette er også den siste boka som handlar om Djengis Khan.

Den fjerde boka heiter "Et rike av sølv", og her er det Djengis sin son Ogledai som sit med makta. Mongolane befestar si stilling som stormakt, og utvider grensene kraftig vestover. Den gylne horde, som ekspansjonsstyrkane til mongolane vart kalla, flytta seg vestover mot Moskva, Kiev og etterkvart kom dei heilt til Budapest i Ungarn. Her møter dei ein enorm hær, men knuser den i eit taktisk slag. Vegen mot resten av Europa ligg open, men så vert hæren tvungen til å gjere vendereis... Det er svært sjeldan at Europa har stått ovanfor ein slik enorm trussel, og fare for total kollaps av det beståande. Hadde dei lukkast, kan det hende vi hadde snakka mongolsk eller kinesisk i Noreg i dag. I grunn ein ganske merkeleg tanke.

Før eg las desse bøkene visste eg svært lite om Djengis Khan og folket hans, men no, etter å ha lest denne fantastiske, episke historia, sit eg igjen med mykje meir enn berre historisk kunnskap. Eg føler nesten at eg var der, med i felttoget, med i gerane og på steppene, med i dei store slaga, med i rådsmøta der ein verkeleg forstod kor dyktig og mektig leiar Djengis Khan var. Ein djup respekt for det krigerske folket har vakse fram i meg, og ei glede over at det finst slike fantastiske skribentar som Conn Iggulden, som klarar å levandegjere historia på ein slik måte. Eg anbefalar alle som er pittelitt historieinteresserte, eller interesserte i episk historisk dikting, å fordjupe seg i dette emnet. Grusome bøker, men svært lærerike!

No gler eg meg til femte og siste bok, som tek for seg livet til Djengis Khan sitt barnebarn, Kublai Khan, vert oversett til norsk!

mandag 7. mai 2012

Apropos dyrevern

Dialog i bilen i ettermiddag:
Jens: "Oi, eit dyr!"
Etterfulgt av raske rørsler og eit triumferande utrop: "Eg fanga den, eg!"
Mamma: "Du må vere forsiktig med det, då!"
Jens: "Jada. Eg skal berre sjå på det med forstørrelsesglaset når vi kjem heim."

Stille i om lag eitt minutt.

Jens: "Oi, eg trur han døde..."

onsdag 2. mai 2012

Skapt til fridom

Då skaparen skapte
den første tordivel
Eit ord fekk han med på vegen:
Du er fødd til fridom,
til arbeid og slit
og leik mellom grasstrå og mold


Då skaparen skapte
av molda ein maur
Han høyrde ei stemme så mild:
Lat ingen få stenge
den vegen du går
For fridom er gåva frå meg


Då skaparen skapte
eit menneskebarn
Eit bod i hans hjarte han la:
Insekt og småkryp
i fred må få gå
De er skapte til fridom, alle


Då son min fann denne billa i går, var begeistringa stor. Så fine fargar! Han putta den oppi ein plastboks, og sykla ivrig iveg opp til bestekameraten for å vise fram funnet. Dessverre var bestevennen vekke, så han kom litt slukøyra tilbake. Han ynskte å ha den i boksen heilt til kameraten fekk sjå den, men vi forklarte at det ikkje ville gå så bra. Det var altfor varmt der, pluss at billa ikkje ville like seg noko særleg. Difor bestemte vi oss for at vi heller skulle ta eit bilde av den, slik at vi kunne vise kameraten bildet! Som tenkt så gjort, og billa fekk fridomen tilbake.

Det er ikkje så enkelt for små born å forstå verdien av biller og andre insekt. Dei er artige å fange, og fine å sjå på, men forståinga for at dei også har rett til å leve i fridom er ofte mager. Heller ikkje mauren vert respektert, og i iveren etter å fange dei vert dei ganske så ofte klemt ihel.

Vi prøver å lære ungane våre å respektere insekta sin rett til liv. Det er ikkje slik at vi har rett til å drepe dei, berre fordi vi er så mykje større og har makt til å gjere det! Eit spørsmål vi då gjerne stiller, er: "Kven var det som skapte denne billa?" Det veit dei godt, det er Gud. "Og kvifor trur du han skapte den? For at vi skulle drepe den?" Svaret er nei... "Trur du Gud er glad i billene?" Svaret er ja, det er Han nok. Dermed forstår dei at det ikkje er så lurt å drepe dei.

At fuglar, flaggermus, edderkoppar og andre rovdyr fangar og et insekt i millionvis kvar dag, er ei lekse som får komme seinare... Respekten for livet må lærast, og skal dei få respekt for alle mennesketypar og alle dyr og alle andre skapningar i Guds natur, må vi begynne tidleg. Eg ynskjer ikkje at mine born skal bli av den typen vaksne som meiner at visse former for liv er det heilt ok å drepe (og no tenkjer eg ikkje på jakt eller slakt for matauk, eg snakkar om dreping for moro skuld, eller fordi ein meiner det er rett ut frå forvridde etiske tenkemåtar).

Eg håpar ikkje nokon av borna mine vert soldatar, mordarar, abortlegar eller følelseskalde i møte med liding.

Difor startar eg med innprentinga alt no: "Gud har skapt oss alle til fridom"

tirsdag 1. mai 2012

Mine 1.mai-parolar

Det er slett ikkje alle parolar i eit 1.mai-tog eg ville gått under. For eksempel parolar mot Israel, eller slagord som reduserer menneskeverdet eller fremjer krav som bryt ned i staden for å byggje opp samfunnet.

Her er tre parolar eg kunne gått under. Den første trur eg nok at dei fleste på venstresida i politikken også kan slutte seg til, i større eller mindre grad...


Den andre ville nok hatt noko lågare oppslutning, er eg redd, sjølv om det er denne eg aller aller helst ville gått bak. Det er nemleg den viktigaste!


Og så ei som kanskje hadde fått noko større oppslutning:


Det var nokon slagord eg kunne stilt meg bak. Viss eg skulle gått i 1.mai-tog, då.