søndag 30. oktober 2016

Sonen som var heime



Den eldste sonen var ute på marka. Då han gjekk heimover og nærma seg garden, høyrde han spel og dans. Han ropa på ein av karane og spurde kva som stod på. ‘Bror din er komen’, svara han, ‘og far din har slakta gjøkalven fordi han fekk han velberga heim att.’ Då vart han sint og ville ikkje gå inn. Far hans kom ut og prøvde å overtala han. Men han svara attende: ‘No har eg tent deg i alle år og aldri sett meg opp mot dine bod. Men meg har du ikkje gjeve så mykje som eit kje, så eg kunne halda fest saman med venene mine. Men når han kjem heim, denne son din som har sløst bort pengane dine i lag med horer, då slaktar du gjøkalven for han!’ Då sa far hans: ‘Du er alltid hos meg, barnet mitt, og alt mitt er ditt. Men no må vi halda fest og vera glade. For denne bror din var død og har vorte levande, han var bortkomen og er attfunnen.’»

Luk 15, 25-32

«Denne son din»… Det er nesten som eg høyrer forakta i stemma, og ser sinnet som lyser i auga. Den heimeverande sonen er ofte nemnt som ein parentes på slutten av forteljinga. Hovudpersonen sjølv, den bortkomne sonen, tek som regel alt fokuset, og det er lett å juble med når han kjem heim att og faren omfamnar han. Tenk, han som sette livet sitt over styr får kome heim att! Og ikkje berre det; han vert møtt med opne armar og ei storslått feiring. Og det skulle berre mangle, tenkjer eg – han er då son i huset og faren er glad i han! Men…

Det er slett ikkje sjølvsagt å bli teken imot på denne måten. Faren kunne avvist han, eller aller nådigast sett han til å gjete buskapen eller vere tenar i huset. Det har han all rett til, for sonen har allereie fått det han hadde krav på som son, og det har han sløst vekk kvar rubbel og bit av. Det mest rettferdige ville difor vere ei låg stilling og ein avmålt far. Ein far utan tiltru til at denne unge mannen kan vere noko anna enn ei byrde. Men…

Eg kjenner historia, og eg kjenner Han historia skal peike på. Forteljinga om den bortkomne sonen har i stor grad forma mitt Gudsbilde; Gud er min far som tek imot meg med opne armar, og viser meg nåde i staden for det eg har fortent.

Kva då med den heimeverande sonen? Parentesen mot slutten av forteljinga? Han som kjem inn frå marka og vert sint når han ser kor jublande nådig faren er? Det er også meg. Det er den delen av meg som tvilar på om Gud er glad i meg. Den delen som kviskrar til hjartet mitt: Du må gjere meir, du er ikkje god nok, Han er glad i alle andre, men du er ikkje verdig hans kjærleik. Det er den delen av meg som nærast nektar å godta den utrulege nåden Gud møter oss som kjem til Han med. Det verkar for utruleg. For enkelt.

Og det er den delen av meg som stiller spørsmål ved andre si tru; Kan han vere kristen, han som tenkjer slik og slik? Kan ho høyre Jesus til, ho som forfektar dette eller hitt synspunktet, eller gjer slik og slik? På den måten tek eg på meg ei dommarkappe som aldri var tiltenkt meg.

Kva burde då den heimeverande sonen gjere? Han burde gå inn til festen og juble saman med dei andre. Han burde ta imot broren med opne armar og glede seg over den tilgjevande faren. Han burde vite at ein annan dag er det han sjølv som treng dei same opne armane.



(Helgetankar i Suldalsposten, 26.10.16)

søndag 23. oktober 2016

Vakenatt




me gjekk rundt
som i søvne
kika vaktsamt rundt
alle hjørne
leitte etter spor
av han som eigde orda
vi levde for og pusta i

ein dag kjem han att
og me lyttar etter lyden
av ein kvist som knekk
eller ei dør som vert opna
og ein som stig inn;
lyden av mjuke steg
over ein doggvåt plen

så vak med meg
min ven
set deg her ved sida mi
og la oss halde kvarandre
vakne
det er ikkje tid for å sove no
er det like før
han kjem



Matt 24, 42
Så vak då! For de veit ikkje kva dag Herren dykkar kjem.

fredag 30. september 2016

Bøker lest: September 2016

Skuleåret er godt i gong, og eg kjenner at tida til å lese vert stadig knappare etter kvart som stilbunkane tikkar inn... Denne månaden hamna fire bøker på leselista mi:

1) Amos Oz: Judas

Amos Oz er ein av mine favorittforfattarar. Han formidlar djupe og kloke tankar på ein lågmælt og jordnær måte, og det er lite som er tilgjort med rollefigurane i bøkene hans. Denne kjensla av å lese om ekte menneske, og den vakre måten å skildre dei på, pregar også den nyaste boka; Judas.

Studenten Shmuel Ash vert tvungen til å avslutte studia, og søker ein stille og tilbaketrekt jobb som samtalepartner for den gamle mannen Gershom Wald. I huset han hamnar i bur også enka Atalja, som Shmuel straks forelskar seg i.

Boka dreier seg rundt den bibelske personen Judas, som Shmuel meiner er misforstått gjennom heile kyrkjehistoria. Parallelt med hans tolkingar, får vi god kjennskap til politikken som låg bak opprettinga av staten Israel. Handlinga i boka er lagt til hausten 1959, og vekslar fint mellom politikk, religion og kjærleik. Ei vakker bok ein kan bli litt klokare av å lese!


2) Bernard Cornwell: Warriors of the storm

Ein annan av mine favorittforfattarar, Bernard Cornwell, gav tidlegare i år ut bok nummer 9 i serien "The Saxon Tales". I serien fyljer vi helten Uhtred of Bebbanburg i kampen hans for å vinne tilbake borga som gjennom generasjonar har tilhøyrt familien hans. Samtidig får vi godt innblikk i korleis England vart samla til eitt rike, og forfattaren let helten vere i spissen for det meste som finst av action i desse viktige åra i Englands historie.

I "Warriors of the storm" kjem ein stor hær av vikingar over havet frå England, og beleirar byen der Æthelflaed, herskerinna over Mercia (vestre, sentrale delar av England) held til. Uhtred må bruke all sin militære kløkt for å prøve å bekjempe hæren, men når han får vite at dottera er truga på livet i Irland, får han plutseleg andre prioriteringar. Prestane er som vanleg ute etter å sverte den hedenske hærføraren, men Æthelflaed har ikkje så mange andre å stole på...

Her er det spenning, militære knep og heltemot frå første til siste side! Det er heller ikkje eit minus at forfattaren lar helten framvise ein god dose ironisk humor.

3) David Levithan: En annen dag

For nokre år sidan gav Levithan ut boka "Hver dag", som skildrar livet til ein person som vaknar opp i ein ny kropp kvar dag. Ikkje to dagar er han på same staden, og han må stadig tilpasse seg nye situasjonar. Denne personen kallar seg sjølv for A. Så skjer det at han forelskar seg i Rhiannon, og ein indre og ytre kamp for å kunne vere nær henne vert sett i gong.

I denne nye boka, "En annen dag", fortel Levithan den same kjærleikshistoria, men denne gongen frå Rhiannon sin synsvinkel. Og dette er verkeleg ei bok verdt å lese! Den tek opp viktige spørsmål, som: Kvifor vel nokon å bli verande i destruktive forhold? Kan ein lausrive nokon sin personlegdom frå korleis dei ser ut? Kor stor rolle spelar kjønn inn på personlegdomen?

Sjølv om vi som har lese "Hver dag" veit korleis boka vil ende, er Rhiannon sin indre kamp ein heilt annan enn A sin, og derfor er dette ei heilt annan type bok. Levithan har funne ein god måte å diskutere store spørsmål knytta til seksualitet, identitet og korleis vi møter andre menneske!


4) Andrea Bræin Hovig: Vanessa Svartmo

Vanessa har havna i ei samtalegruppe for ungdomar som ikkje har det så lett på skulen. Under leiing av den mildt sagt eksentriske sosiallæraren Brit Jørstad Moen (BJM), får dei fire ungdomane utfordringar som skal bringe dei ut av det dårlege mønsteret dei er komne inn i. Spørsmålet er om det hjelper...

For Vanessa sin del er livet vanskeleg på heimebane. Etter at veslebroren døydde og foreldrene skilte lag, har ho og mora flytta fleire gongar, og mora sin psykiske tilstand går opp og ned i periodar. I det boka startar er mora inne i ein svært langvarig dårleg periode, der ho for det meste berre ligg på sofaen. Vanessa byrjar å skrive dagbok, for å finne ein plass ho kan dele kjenslene sine. Utanfor leiligheita heime er ho nemleg vennelaus, og har problem med sosiale forhold.

Så hamnar ho altså i gruppa til BJM, og dei vert dregne med på både kafé, telttur og teater, og det byrjar å skje ting i livet til Vanessa. Spørsmålet er berre om det er til det betre...

Ei svært morsom og samtidig svært sår bok om det å ikkje passe inn. Språket i boka er dessverre prega av mykje bannord.


torsdag 1. september 2016

Bøker lest: August 2016

August har vore ein veldig variert lesemånad. Berre sjå på leselista:

1) Steve Turner: Johnny Cash

Eg må innrømme at eg har eit noko ambivalent forhold til countrymusikk. Det kan vere ok i små dosar, men det er nok ikkje den sjangeren eg har lytta mest til. Johnny Cash er likevel i ein klasse for seg her, og då særleg dei siste platene han gav ut (American-platene). Desse lyttar eg til med ujamne mellomrom. Også songen "Man in Black" likar eg godt, då bodskapen om solidaritet med dei som lir appellerar til meg.

Biografien om Johnny Cash gir oss eit godt innblikk i livet hans, med både oppturar og nedturar. Alt frå konsertar saman med Elvis på 50-talet, platesuksessar, platefloppar og amfetaminavhengighet. Parallelt med livshistoria, vert dei viktigaste songane presentert. På den måten får vi vite litt om korleis dei vart til.

Boka vil nok vere mest interessant for dei som har eit forhold til Johnny Cash og musikken hans frå før.
 

 2) Anna Gavalda: Livet, til det betre

Ei rykande fersk bok frå forfattaren av boka "Saman er vi mindre aleine". Også denne nye boka teiknar nære og gode portrett av menneske i ulike livssituasjonar, og den same hjartevarmen pregar forteljingane.

Boka består av tre separate delar, og fortel om tre ulike personar som står framfor viktige val i livet. Mathilde er ganske rotlaus, og lei av å dele hybel med dei kontrollerande veninnene. Ein dag forelskar ho seg i ein mann ho møter, og som ho har nesten ingen opplysningar om. Ho set igong jakta på lukka.

Yann lever i eit ulukkeleg samliv. Ein samtale med nabofamilien, som lever heilt annleis enn han sjølv, set tinga i perspektiv. Han finn ut at han må ta grep om eige liv.

Den siste historia handlar om Billie, og det var denne forteljinga som fascinerte meg mest. Historia er fortalt i retrospektiv, og vi fylgjer Billie gjennom ein heller ulukkeleg og fattigslig barndom, korleis ho finn lukka, mister den igjen og hamnar i store vanskar langt ute i villmarka. Slutten er overraskande og fin.

Eit stort minus med boka er den grove språkbruken. Den passar ikkje heilt til dei vakre skildringane av menneska sitt kvardagsstrev.

3) Agnes Ravatn: Fugletribunalet

Hovudpersonen Allis må trekkje seg tilbake frå rampelyset, og søkjer jobb som gartnar på ein avsidesliggjande gard. Arbeidsgivaren er stille og mystiske Sigurd Bagge. Det vert eit merkeleg liv saman på den vesle garden, og dei har store vanskar med å forstå kvarandre. Allis vert likevel fascinert av Sigurd, men skuggar av både skuld og skam frå fortida innhentar dei.

Dette er ei stillferdig og godt fortalt historie, med godt språk og gode skildringar. Det er lett å sjå for seg det som skjer og leve seg inn i stemninga. Slutten var, om ikkje overraskande, så i alle fall annleis enn eg hadde sett for meg.




4) Arto Paasilinna: Verdens beste bygd

Boka vart gitt ut i Finland i 1992, men er først no blitt oversett til norsk. Og på mange måtar passar det i grunn mykje betre å lese boka no! Dette er nemleg ei bok som tek for seg framtidsvisjonar. Historia startar i 1992, og handlinga går vidare inn i det nye tusenåret og fleire tiår vidare. I dag har vi sjansen til å samanlikne Paasilinna sine framtidsvisjonar med kva som faktisk har skjedd!

Boka startar med at ein gamal kyrkjebrennar kjem med eit noko spesielt ynskje på dødsleiet. Han ynskjer å opprette ein stiftelse, og den viktigaste oppgåva til stiftelsen skal vere å byggje ei storslått kyrkje! Barnebarnet Eemeli tek på seg jobben, og den nye kyrkja lokkar til seg mange slag menneske. Eit lite samfunn veks fram, avsondra frå resten av verda, som er i ferd med å gå under i verdskrig og kollaps. Likevel har Eemeli nok å stri med lokalt også. Det viser seg at det er ikkje berre berre å setje opp ei kyrkje i øydemarka...

Dette er ei artig bok, og ei godt fortalt historie. Den har eit rikt persongalleri, og mange finurlege løysingar på alle slag utfordringar som plutseleg dukkar opp. Det er absolutt verdt å ta seg ein tur "tilbake til framtida" i Paasilinna sitt univers!

5) Jan Tore Noreng: #alfahann

#alfahann er ei heilt ny ungdomsbok, og tek opp tema som kroppsbilde, kjærleik og sjalusi. Ikkje minst handlar den om kva kunstige kjemikaliar, som anabole stereoidar, kan gjere med hjernen til ein sjølvbevisst, ung gut.

Torstein er kjekk og populær, og er saman med den jenta dei andre gutane ser på som uoppnåeleg. Likevel, når du er på toppen, får du også betre fart nedover...

Hovudpersonen er, som dei fleste tenåringar, meir sjølvbevisst enn merksam på andre sine indre liv. Når kjærasten gjer det slutt, og han samtidig, midt i kjærleikssorga, får tilbod om anabole steroidar på treningssenteret, byrjar han å flytte seg over i ei parallell forståing av verkelegheita. Som lesar ser vi kor dette er på veg, noko Torstein sjølv slett ikkje får med seg.

Ei godt fortalt historie, og eit fascinerande blikk inn i ei verd der dopingen rotar til den sunne fornufta.
 

6) Hanne Sigbjørnsen: Tegnehanne

Til dei som har fulgt Tegnehanne på bloggen hennar eller i Aftenposten, og ledd seg skakke inn i hennar univers: Denne boka er eit funn! Dei beste historiene frå nettet, i tillegg til nokre nye, i kjent sjølvironisk og festleg stil.

Til dei som ikkje har lest Tegnehanne før: Du har gått glipp av noko stort. Heldigvis kan det rettast på, for no kan du finne Tegnehanne også i bokform.

Ja, denne boka har eg humra og kosa meg gjennom, og eg kjem til å lese den igjen!



7) Nabeel Qureshi: Søkte Allah, fant Jesus

Nabeel vaks opp i eit trygt, muslimsk miljø i England og Virginia. I boka fortel han om oppveksten, og det lyser gjennom at han ser tilbake på oppveksten med glede og at han hadde det godt. Som ung student, tidleg på 2000-talet, vart han bestekompis med David Wood. Wood var ein medviten kristen, og dei to kameratane hadde mange samtalar og diskusjonar om religiøse tema. Dei utfordra kvarandre, og dukka på kvar sin kant inn i både si eiga tru, og den andre si tru. Både Bibelen og Koranen vart lagt under lupa, og dei gjekk ikkje av vegen for å drøfte vanskelege tema.

For Qureshi sin del, begynte trua å vakle i møte med den historiske Jesus. Historieforskninga var på kollisjonskurs med det han som muslim hadde lært om Jesus, og det eine spørsmålet førte det andre med seg. Til slutt måtte han ta det vanskelege steget å bryte med sin eigen familie og si gamle tru.

Boka går grundig inn i Qureshi sin veg frå islam til trua på Jesus. Språket er lett, og den biografiske stilen gjer at det er lett å fylgje med i forteljinga. Sjølv om boka kan seiast å ha "teologisk tyngde", vert den aldri "tung".

Personleg fekk eg auka forståing for grunnlaget i den islamske trua og korleis denne på mange områder skil seg fundamentalt frå kristendomen. Det er også nyttig å vite om kor vanskeleg det er for muslimar å bekjenne trua på Jesus.

 8) Liv Marit Weberg: Det er heldigvis ingen som trenger meg

Dette er bok nummer to om den sosialt dysfunksjonelle protagonisten, som strevar med å finne sin veg i livet. Ho finn ut at det å ha kjæreste er bra, men slett ikkje nok for å ha eit godt liv. Ho bestemmer seg derfor for å prøve noko nytt, og melder seg på eit kurs i sjølvutvikling...

Boka har lun og god humor, prega av hovudpersonen sitt pessimistiske syn på seg sjølv, sine evner, medmenneska, livet - ja, stort sett alt, og korleis ho med brutal sjølvironi prøver å finne ut kva ho skal gjere med livet og kven som eigentleg har bruk for henne.

Og kor endar ho opp? Den som leser får se!



9) Turid Høvin: Det periodiske system; Metallene synger

Med utgangspunkt i det periodiske systemet (naturfaglæraren kunne sjølvsagt ikkje gå forbi denne boka...) skriv Høvin eksperimentelle dikt om verda, menneska, tru, vitskap og kjærleik. Ho tek i bruk mange omgrep frå vitskapen, og blandar på denne måten eit symboltungt, lyrisk språk med fagspråk. Slik eg ser det, har det blitt ei fin blanding av spennande dikt, og måten ho brukar orda på opnar for eigne tolkingar. For eksempel dette diktet her:

vi trekkes mot hverandre øynene lyser, drømmende ahesjon
gir jernet flyktighetens egenskaper

rust

avkjølt råjern kan støpes - la jernet kjølne
la sanseligheten støpes
i de ildfaste former


10) James Frey/Nils Johnson-Shelton: Himmelnøkkelen 

Dette er bok nummer to i Endgame-trilogien, og det store spelet om verdas ende fortset. Det er ni spelarar att, og det neste målet i spelet er å finne himmelnøkkelen. Ikkje alle spelarar er like opptekne av dette, og både konfliktar og alliansar mellom spelarar driv forteljinga vidare i høgt tempo.

Fleire av spelarane finn ut at heile spelet kan stoppast og verda bli redda frå katastrofe. Problemet er berre at då må dei øydeleggje himmelnøkkelen, og himmelnøkkelen er ei to år gamal jente...

Dermed kjem det endå tyngre moralske vurderingar inn i bildet, og boka får ein ekstra, nervepirrande dimensjon. Vil nokon av spelarane synke så djupt at dei klarar å ta livet av eit uskuldig barn?

Forteljinga er proppfull av action og spenning, både på det indre og det ytre planet!


11) Asbjørn Rydland: Fredlaus

Femte og siste bok i serien om drakeguten Koll. Faren er død, og Koll sjølv er på rømmen. Ingen vil verte straffa om dei tek livet av han. Likevel kan han ikkje gje opp kampen mot mystiske Araynys. Ho er heilt tydeleg ute etter noko stort og farleg, og det er tydeleg at det har noko med den ukjente skatten i drakehola å gjere.

Koll har ein nærast håplaus kamp framfor seg, men nektar å sitje stille og sjå på at landsbyen hans går under.

Rydland har med historia om drakeguten laga eit fantasirikt univers, der kampen mellom det gode og det onde ikkje berre er av det reint fysiske slaget, men også på det politiske og moralske planet er der konfliktar, og det er slett ikkje sikkert at det er dei "gode" som til slutt trekk det lengste strået. Unge lesarar har her rett og slett fått ein helt som strevar med moralske kvaler og som vågar å stille spørsmål ved sin eigen rett til å avgjere kva som er gode handlingar.

Serien passar for ungdom som er glad i fantasy-forteljingar og actionfylte heltedrama.


søndag 21. august 2016

Om oppstoda av kroppen


Lenge var det eit viktig spørsmål innan vitskapen om universet var ein konstant storleik, eller om det var i endring. Som kjent meiner kristne, ut frå skapingssoga i Bibelen, at universet har ei byrjing, og at jordkloden over tid gjekk frå å vere aude og tom til å bli fylt med liv.

Då teorien om Big Bang vart sett fram på 1800-talet, var det nok ikkje dei kristne som var mest bekymra. Sjølvsagt kan eg som kristen ikkje gå med på ideen om at det heile er tilfeldig, og at utviklinga av liv er flaks og tilfeldige, heldige hendingar. Men med Big Bang-teorien bevega vitskapen seg eit hakk nærare kristen tenking om universet.

På same måte har vitskapen gjort også andre delar av det kristne verdsbiletet lettare å forstå. Dette gjeld, i alle fall for min del, også tanken om at vi menneske ein dag skal bli reiste opp att frå døden – ikkje berre sjeleleg, men også at kroppen skal bli fornya. I trusvedkjenninga seier vi i den tredje artikkelen: “Eg trur på … oppstoda av lekamen, og evig liv”. Ei konkret og fysisk oppstode frå døden er altså ein del av den kristne trua.

Eg har ikkje konkrete eksempel, men reint logisk er det lett å sjå for seg at akkurat dette punktet kan ha valda ein del truande både tankemessige utfordringar og bekymringar. Ein vanleg skikk i kristendomen er å gravleggje dei døde. Ein blir lagt i vigsla jord, og “av jorda skal du igjen oppstå”.  Her på vestlandet var det mange som omkom på havet, og mange av dei drukna vart aldri funne att. Det er rimeleg å anta at tanken på at avdøde slektningar ikkje får liggje i vigsla jord, har vore problematisk for nokon.

I kyrkja i Balestrand, der eg  vaks opp, er der eit stort bilde på veggen. Dette bildet studerte eg mange gongar opp gjennom oppveksten, og eg hugsar det endå rimeleg godt, sjølv om det er mange år sidan sist eg såg det. Hovudmotivet er ein mann med attlatne auge, omgjeven av eit bølgjande hav på alle kantar. Under bildet står eit kort bibelsitat: “Og havet gav att dei døde som var i det…” Bildet gjorde sterkt inntrykk på meg som barn, og det var på same tid både skremmande og fascinerande. For innbyggjarane i eit landskap der sjøen kunne ta liv, var nok dette eit viktig bibelvers.

Men så kan ein spørje: Kva om kroppen vert delt opp? Kva om ein mister ein fot, og blir gravlagt utan denne. Vil ein då stå opp med berre eit bein? Vil dei som døyr gamle, vere gamle når dei står opp att også? Og kva om kroppen vert øydelagt – til dømes brent – og spreidd for alle vindar? Vil Gud “finne att” alle delane?

Dei siste hundre åra har forskinga på vev og celler, molekyl og atom, proton og elektron, gitt oss eit anna og meir komplekst bilde av korleis verda er bygd opp. Darwin visste ingenting om oppbygginga av celler og den fininnstilte motorikken i celleorgana – og langt mindre visste han om DNA og korleis DNA styrer alle prosessar i kroppen. Han visste heller ikkje noko om dei utruleg avanserte prosessane som går føre seg i cella når DNA skal kopierast og nye protein bli sett i produksjon. Mange gongar skulle eg ynskje at han fekk vite om alt dette, for eg trur mange av teoriane han sette fram – og som ein del tek for god fisk i dag – hadde sett noko annleis ut med djupare kjennskap til desse tinga.

Kunnskap om DNA og celleprosessane påverkar også mitt syn på dette med oppstoda frå døden.

Eg trur ikkje det er så viktig kva som skjer med kroppen etter at ein er død. Dei cellene som vert lagt i jorda, eller forsvinn i havet eller vert brent i krematoriet, består av lånte molekyl, og har lite å seie for den oppstadne kroppen. Det er særleg kunnskapen om korleis alle stoffa i naturen går i krinslaup som ligg til grunn for ein slik påstand.

For eksempel veit vi at cellene i kroppen vert bytta ut når dei er utslitne. Gamle celler dør, går i oppløysing og forlet kroppen, samtidig som nye celler vert danna heile vegen. Eg har lest at i løpet av ein periode på 7 år, vert alle celler i kroppen bytta ut. For min del, som er 37 år gamal, vil det seie at eg no er i gang med min “sjette kropp”… Alle cellene mine har altså blitt bytta ut seks gonger. Dei atoma eg bestod av då eg var 20 år gamal, er no alle saman ein annan stad på jorda. Nokre er nok bundne opp i plantar, nokre flyt kanskje rundt i havet ein stad og nokre er kanskje til og med ein del av andre menneske.

På same måten vert alle atoma i ein kropp som dør på ein eller annan måte frigjort, og brukt om att i andre levande vekstar. Sopp, bakteriar, mark og andre organismar som lever i jorda, sørgjer for at stoffa vert frigjorte og tilgjengelege for andre vekstar og organismar. Ut frå dette må ein kunne konkludere med at den samansetninga av atom ein tilfeldigvis består av i det ein dør, ikkje kan ha noko å seie for kroppen som skal reisast opp att. Kroppen kan nemlig bli bygd opp av kva for atom som helst – så lenge det er rette typen og rette mengda av kvart slag!

Eg trur nøkkelen til oppstoda ligg i DNA-et. Ikkje slik å forstå at dei DNA-trådane eg går rundt og ber på i dag, vil ende på nokon annan måte enn resten av kroppen. Eg trur det er slik som med ei kokebok: Du kan brenne boka, men den som laga oppskriftene har dei fortsatt i hovudet, og kan, viss vedkommande vil, lage ei ny kokebok med dei same oppskriftene i. Viss vi då går ut frå at den som laga oppskriftene har god hukommelse.

Trua mi er retta mot ein allmektig Gud – ein som har skapt universet, og bygd saman alle dei ulike DNA-kombinasjonane vi ser vandre rundt på jorda i dag, i går og i alle framtid. Eg trur at oppskrifta til mitt DNA er godt gøymt på ein sikker stad: At Gud ber oppskrifta til kroppen min med seg i hjartet, og at denne oppskrifta vert henta fram på den siste dagen. Når Gud skal kalle alle menneske fram for trona, vil han byggje saman alle kroppane ut frå den enkelte sin unike DNA-profil, og då spelar det ikkje nokon rolle kor den gamle kroppen hamna til slutt. Gud vil nok finne dei råstoffa han treng.

onsdag 27. juli 2016

Bøker lest: Juni og juli 2016

Det er særleg ungdomsbøkene som har sett sitt preg på lesinga mi i sommar, i tillegg til ein koloss av ei debutbok som eg brukte nesten heile juli på å lese... Her er leselista mi for juni og juli:

 1) Levi Henriksen: Så lenge himmelen er over jorda

Hovudpersonen Ruben skal snart dø, og har berre eitt stort mål: Å bli saman med Alona og reise til Danmark saman med henne. Boka er ei rørande og fin forteljing om det å våge å setje draumar ut i livet medan ein kan. Med på reisa får vi ein god del refleksjon og filosofi om det å leve, å våge å vise kjærleik, ærlegdom og mot.

Ei fin historie!








2) James Frey/Nils Johnson-Shelton: Kallet (Endgame bok 1)

Dette er ein actionfylt dystopi (a la Hunger Games) iblanda ein god dose magi (a la Strandberg og Elfgren sin 'Sirkelen'-trilogi).

All den tida menneska har levd på jorda, har ein del utvalgt slekter (sjølvsagt i løyndom) valt ut og trent 'spelarar'. Kvar av slektene har til ei kvar tid hatt ein 'spelar', som må vere mellom 13 og 19 år, tilgjengeleg. Når ein er blitt for gamal, kjem ein ny og tek over. Dette er ungdomar som lever doble liv: Eit vanleg, der dei møter vener på skulen, og eit skjult, der dei trenar og vert lært opp til omsynslause mordarar. Alle slektene held spelarar klare og ventar på det store spelet - Endgame.

I boka vert spelarane samla, og spelet som skal avgjere framtida til heile jordas befolkning vert sett i gong. Her er det kvar spelar for seg. Likevel vert det inngått alliansar, og etter kvart oppdagar dei at ikkje alt vert slik dei hadde trudd på førehand...

Boka blandar psykologi, teknologi og magi til ei svært spennande forteljing, og er starten på ein trilogi.

 3) Guro Hoftun Gjestad: Ord på S

'Ord på S' er ei alvorstung bok, og det gjennomgripande temaet er sorg. Mora til Sun flytta ut av landet alt då ho var lita, og saknet etter henne har alltid vore til stades. Etter dette har Sun og faren, samt bestemora i nabohuset, halde saman, .

Så ein dag dett faren ned frå den høge heisekranen han jobbar i, og Sun står på bar bakke. Sorga over faren, lengten etter mora og alle tankane som kjem og går i hovudet til ein tenåring fører forteljinga framover.

På toppen av det heile vert Sun forelska - midt i sorga.

Sjølv om tema i boka er sorg og sakn, gir forelskinga og Sun si naturlege ungdommmelege forvirring nok pusterom til at boka vert grei å lese!

 4) Jon Ewo: 1992

Tenk om... Sovjetunionen aldri trakk seg ut av Norge etter 2. verdskrigen, men i staden oppretta ein sosialistisk stat? Dette er bakteppet for boka 1992. Det er to år sidan Sovjetunionen gjekk i oppløysing, og det norske samfunnet er i ein post-kommunistisk tilstand. Overvakingspolitiet har fortsatt eit hardt grep om landet, og det foregår mykje som personar høgt oppe i systemet ynskjer å halde hemmeleg.

Hovudpersonane Irina og Karl må frakte eit hemmeleg dokument frå Narvik til hovudstaden, Stavanger. Etter seg har dei Anders Jedde, leiaren for det hemmelege politiet, som har alt å tape om dokumenta kjem fram. Det er ikkje godt å vite kven som er ven eller fiende, og kven ein verkeleg kan stole på langs vegen.

Dette er tredje boka i Norge-trilogien, og ei spennande forteljing!


5) Ingeborg Arvola: Ryktet

Skumring-serien inneheld lettleste ungdomsbøker med mykje handling. Slik er det også her. Her er mykje ytre spenning, men i denne boka skjer det også ein del på det indre planet.

Ryktet går om at Nika har stelt kjæresten til Anette K, og Anette K planlegg hemn. Kvardagen til Nika vert svært vanskeleg, der ho har mobbinga og truslane frå Anette K på den eine sida, og redsla for at storebroren skal få vite om kva som skjer på den andre. For storebroren kan vere valdeleg. Svært valdeleg. Kven veit kva som vil skje viss han får greie på at ho vert plaga?

Ei spennande og lettlest forteljing!




6) Sigbjørn Mostue: I morgen er alt mørkt - Brages historie + Marlens historie

Sigbjørn Mostue sin nye dystopi-serie har blitt svært populær blant unge lesarar, og det er lett å forstå kvifor. Dette er mørkt, spennande og uforutsigbart! Ingenting er gitt på førehand, og ingen av personane i bøkene er trygge.

Ein ny pandemisk sjukdom, med ukjent smittekjelde, forvandlar vanlege menneske til sinte og livsfarlege drapsmaskiner. Kven som helst kan bli smitta, kven som helst av dei du møter kan vere smitta. I tillegg finst det menneske som veit å utnytte seg av dei generelle kaostilstandane. Her er det berre ein ting å gjere: Komme seg unna! Men er det mogleg?

7) Anders Totland: Engel i snøen

Handlinga i boka foregår på kreftavdelinga på eit sjukehus. Hovudpersonen vert kjent med andre barn på avdelinga. Somme av dei får reise heim att, andre døyr. Sjølv vert han stadig svakare, men ynskjer å skjule det for faren.

Dette er rett og slett ei vakker bok om sjukdom og død. Språket er poetisk og lett, og mykje kan, og må, lesast mellom linjene.








7) Astrid Lindgren: Alle vi barna i bakkebygrenda

Dette har vore høgtlesingsbok for jentene nokre veker i sommar, og Lindgren sine forteljingar fenger! Alle påfunna til dei seks venene i Bakkebygrenda er god underhaldning.












8) Sverre Knudsen: Aaron hevn

Oppfølgjaren til 'Aaarons maskin' fortset med same intensitet og spenning, og universet Knudsen har skapt i bøkene er svært fascinerande!

I framtidssamfunnet, der den geniale oppfinnaren Julian Liberman sine maskiner vert misbrukt av styresmaktene, vert menneska heldt i eit jerngrep. Alt som tel for det store selskapet som styrer er å tene pengar, og dei går ikkje av vegen for verken terror, krig eller overvaking for å få viljen sin gjennom.

Aaron si mor ligg i koma, og Aaron held ein heller låg profil. Men når faren hans vert offer for selskapet sitt kyniske spel, legg han ut på ei reise for å stoppe leiarane, få mora tilbake og samtidig få sin rettferdige hevn.

Dette er ei godt komponert forteljinga, og bok nummer to i trilogien om Aaron.

9) Sally Gardner: Markspist måne

Dette er ei lettlest og lett tilgjengeleg forteljing, men det tek likevel lang tid før ein får oversikt over kva det eigentleg er som skjer. Hovudpersonen Standish bur i eit totalitært og utbomba samfunn, og styresmaktene undertrykker alle som ikkje innordnar seg.

Standish og kameraten Hector finn ut ting om regimet dei ikkje skulle visst, og er i ferd med å avsløre århundrets bløff. Spørsmålet er berre korleis dei skal klare å stoppe myndighetene?

Hovudpersonen har dysleksi, og klarer ikkje å lære så mykje som dei andre i klassen. Lærarane reknar han som dum, men er han eigentleg så dum som dei vil ha det til?

Ein original og fantasifull dystopi!


10) Garth Risk Hallberg: En by i brann

Dette er Hallberg sin debutroman, og med sine 940 sider er det litt av ein koloss.

Utgangspunktet er "the New York blackout" 13. juli 1977. Vi fyljer ei rekke personar i tida før denne hendinga. Boka startar med eit mordforsøk, og gradvis vert det avslørt kva som skjedde, kven som var innblanda og kvifor dette skjedde.

Det er eit rikt persongalleri i boka, og gjennom forteljinga, som hoppar att og fram i tid, vert historia pusla saman som eit puslespel. For eksempel kan den same hendinga bli fortalt fleire gonger på ulike stader i boka, men frå ulike personar sine synsvinklar. Dermed får vi eit stadig meir komplett bilde av kva som eigentleg skjedde. Og stadig, gjennom historia, tenkte eg: Å ja, var det slik det var...!

Det er ei storslått forteljing Hallberg har gitt oss her, og passar for alle som likar mysterier, psykologiske skildringar og ikkje er redd for tjukke bøker...