torsdag 30. juni 2011

Peace on earth

Her er ein kjempefin song, og ein tankevekkjar, av Todd Agnew. Den heiter då altså "Peace on earth". Og er det ikkje det vi alle ynskjer oss?

As long as we say prayers for our children
That we do not pray for others
There won't be...
And as long as we take offerings for those in need
To appease our guilt over our greed
There won't be...

There won't be peace on earth
There won't be peace on earth
There won't be peace on earth
There won't be, there won't be
Won't be peace

When a Chinese girl and a Haitian boy
And an American child all share the same toys
There might be, there might be...
When the TV brings a tear to our eyes
And it's not a movie, but news of a hungry child across the world
There might be...

There might be peace on earth
There might be peace on earth
There might be peace on earth
There might be, there might be
Might be peace

When I look at the world and see...

(Rap:)
We got a problem
We're seeing the surfaces too often
Whether race or religion
It makes no difference
The blood paid penance
Forgiven the death sentence
No lines no more, no rich, no poor

No Jew, no Greek, no slave, no free
When I look at you and see someone just like me
There might be, there might be...

When the Lord of all is the Lord of each
And I love you like He loves me
There might be...
No, there will be

Her er songen frå youtube. På same videoen ligg det også fleire songar av Todd Agnew ("Don't say a word", "Funny" og "War inside") Dei er frå plata "Better questions". Værsågod, enjoy!

onsdag 29. juni 2011

Nåde

"Og vår Herres nåde har vore overstrøymande rik og gjeve meg tru og kjærleik i Kristus Jesus" (1 Tim 1, 14)


Nåde betyr "gratis", og er noko Gud deler ut til alle som ber han om det. Det er så utruleg mange bibelvers og sitat frå Bibelen, der Guds løfter om nåde og tilgjeving til angrande syndarar vert framheva! Gud er nådens Gud.

Og når Gud gir nåde, gir han den "overstrøymande". Eg ser for meg at eg rekk fram eit glas og spør om nokre dråpar vatn, og Gud fyller det fullt, ja så mykje at det renner over. Eg får ikkje berre dei dråpane eg ber om, eg får utruleg mykje meir enn eg treng (Og det kan eg love, når det gjeld nåde og tilgjeving, treng eg MYKJE)

Saman med Guds nåde, gir han også tru og kjærleik. Trua er ikkje noko vi menneske kan prestere sjølv. Det er ikkje så mange molekyl i kroppen vår som strekker seg mot Gud av eige initiativ, og hjernen vår eig verken kunnskap eller fantasi nok til å kunne tru på den levande Gud og hans enorme offer av eiga kraft. Nei, trua er noko som Gud gir, eit frø som han sår i oss når vi høyrer hans ord. Trua er ei gåve.

Og kjærleik. Det vakraste ordet av alle ord, med eit innhald som alle menneske treng. Gud er kjærleik, og kan gje oss alle av sin eigen kjærleik. Den kjærleiken som held ut alt og toler alt og aldri gøymer på noko vondt. (1 Kor 13). Ein kjærleik som kan snu det andre kinnet til sine fiendar, og aldri misunner andre. Dette kan ikkje vere menneskeleg kjærleik, den vil alltid innehalde egoisme og sjølvhevding, og uansett kor mykje ein prøver, vil ein aldri kunne klare å vise kjærleik med eit reint og heilt hjarte. Nei, dette er Guds kjærleik, som han kan gje til oss i Kristus Jesus. Han skapar noko heilt nytt i oss, gjer oss meir lik seg sjølv.

Så lenge eg lever, vil eg måtte leve med desse to naturane. Min menneskelege natur, med alle sine feil, og det nye som Gud har skapt i meg. Nåde, tru og kjærleik gitt i Kristus Jesus.

Overstrøymande, så mykje at eg ikkje kan fatte det.

tirsdag 28. juni 2011

Heilt gratis tips

Det er svært prisverdig at så mange ynskjer å hjelpe befolkninga på Gaza (Sjølv om det er usemje om kor stor krisa på Gaza eigentleg er (VL, 6.mai), i tillegg til at dei meir eller mindre inkompetente styresmaktene på Gaza ikkje set ALL energien sin inn på å gjere det betre for sine eigne.)

I desse dagar ligg det båtar i Hellas og ventar på siglingsløyve. Ombord er det naudhjelp til Gazastripa, og menneske som ynskjer å hjelpe dei som lever der. Problemet deira er at Hellas ikkje vil gje dei siglingsløyve. Det er det eine. Det andre er at det er ein ganske så effektiv sjøblokade rundt Gazastripa. Israelsk marine patruljerar farvatna, og med tanke på alle smuglingsforsøka av våpen frå Iran inn til Gaza, er jo dette svært forståeleg.

Vi kan jo også ha i bakhovudet den heller mislukka aksjonen i fjor, der fleire aktivistar vart drepne i det dei begynte å bruke vald mot israelske soldatar som borda skipa.

Med dette som bakgrunn, vil eg herved, heilt gratis, gje eit par tips til alle dei som ynskjer å hjelpe dei naudlidande på Gaza:

1) Sigl til Egypt, last varene inn i lastebilar der og køyr dei inn i Gaza via Sinai. Her er grensa open, og det er nok langt lettare å få løyve til å frakte varene denne vegen. (Sjå blå pil på kartet)


2) Følg den raude pila, luftvegen. I og med at Israel ikkje har stengt grensene til Gaza for matvarer og anna naudhjelp, kan de fly varene til Tel Aviv, laste dei i lastebilar der og køyre dei inn i Gaza. Dette er kanskje hakket vanskelegare enn alternativ 1, sidan Israel har noko strengare grensekontroll (Utan at eg dermed seier at Egypt slepp inn alt og alle, det har eg ikkje grunnlag for å hevde). Uansett er det mykje enklare enn å bryte ei militær sjøblokade.

Kvar dag går det svært mange lastebillast med varer inn til Gazastripa via Israel. Dei vert sjølvsagt kontrollerte, det ville eg også gjort viss eg skulle slept ein lastebil inn til eit område som stadig skyt etter meg med rakettar. Rein logikk, rett og slett.

Ei ulempe er det sjølvsagt å gjere det på denne måten, det må eg jo innrømme: Ein går glipp av all omtale i pressa, for kven gidd vel skrive om ei heilt ordinær vareleveranse med lastebil, blotta for dramatikk og handlingar som kan setje Israel i eit dårleg lys? Ikkje dei fleste norske aviser, i alle fall.

søndag 26. juni 2011

American dream

Som ei lita forlenging av gårdagens refleksjon om trugsmål mot kristen tru, kom eg på to songar som handlar om det same. To amerikanske artistar/grupper som tek for seg den "amerikanske draumen"; suksess, rikdom, makt; "The selfmade man". Dei stiller dette idealet opp mot det å fylgje Jesu ord.

Først ein av mine favorittartistar, Todd Agnew. Songen "My Jesus" handlar om å ville leve likt som Jesus. Her er eit utdrag frå songen: (Klikk på bildet viss du vil høyre songen på youtube)

I want to be like my Jesus!

Not a posterchild for American prosperity, but like my Jesus
You see I'm tired of living for success and popularity
I want to be like my Jesus but I'm not sure what that means to be like You JesusKobling
Cause You said to live like You, love like You but then You died for me
Can I be like You Jesus?

I want to be like you Jesus!

Den andre songen samanliknar Jesu anonyme fødsel i Jerusalem, med kor fjernt mange i Amerika lever frå Jesus i dag. Eit utdrag frå songen:

Casting Crowns: While you were sleeping

Jerusalem, what you have missed while you were sleeping
The Savior of the world is dying on your cross today
Jerusalem, you will go down in history
As a city with no room for its King
While you were sleeping
While you were sleeping

United States of America
Looks like another silent night
As we're sung to sleep by philosophies
That save the trees and kill the children
And while we're lying in the dark
There's a shout heard 'cross the eastern sky
For the Bridegroom has returned
And has carried His bride away in the night

America, what will we miss while we are sleeping
Will Jesus come again
And leave us slumbering where we lay
America, will we go down in history
As a nation with no room for its King
Will we be sleeping
Will we be sleeping

United States of America
Looks like another silent night

Desse to kritiserar den amerikanske draumen. Kva er den norske draumen? Bil, hytte, hus, pengar, arbeid, sydentur, sofakos og deilig middag? Sikkert ikkje så langt frå den amerikanske...

Korleis kan vi som kristne leve likt Jesus i Norge i dag? Ei utfordring.

lørdag 25. juni 2011

Trugsmål mot kristendomen

Ein pitteliten, og svært enkel, analyse av opplysningar i denne artikkelen frå avisa Vårt Land. Her er det presentert ein del tal frå Lausanne-konferansen i Cape Town i oktober i fjor. Ei spørjeundersøking viser at det er fleire evangelikale leiarar som meinar sekularisering er eit trugsmål mot kristendomen, enn islam.

Dette er ikkje akkurat sjokkerande opplysningar. Islam er ein religion som skil seg klart ut frå kristendomen. Ulik etikk, ulike dogmer og svært ulik teologi. Det går altså ei svært skarp linje mellom islam og kristendom, og den linja er svært lett å sjå. Trass i at enkelte, frå tid til anna, hevdar at kristne og muslimar trur på same Gud og er to religionar som like godt kunne slått seg saman, er det vel få som har problem med å skilje. Slike "same Gud"-påstandar kjem nok frå menneske som ikkje kjenner så godt til verken kristen eller islamsk teologi.

Sekulariseringa er ein litt meir ullen "fiende". Den er ikkje så lett å sette fingeren på, og kan snike seg inn, gradvis, i kristne familiar og kyrkjelydar.

Kan ein kristen køyre ein dyr bil? Ja. Kan ein kristen sjå på tv? Ja. Kan ein kristen gå på kino, restaurant, fest? Ja. Kan ein kristen lese romanar? Ja, sjølvsagt. Kan ein kristen... ? Svaret er ja. Ein kristen kan gjere det meste. Når det gjeld verdslege gjeremål, er eg altså ganske så fri som kristen. Sjølvsagt skal eg ikkje gjere ting som strid mot Guds bod, som å stele, drepe eller drive hor. Og sjølvsagt skal eg ikkje gjere ting som fører andre vekk frå Jesus.

Og då er vi ved sakens kjerne, for er det ok at eg som kristen lever heilt lik som mine ikkje-kristne vener? Skal det ikkje vere ein forskjell? Jo, meinar eg. Ikkje fordi at det bør vere ein forskjell for forskjellen si skuld, men fordi eg som kristen er kalla til eit annleis liv.

Det er så lett å flyte med straumen. Vi i vesten lever i rike kulturar, vi kan unne oss både det eine og det andre. Det er så mykje enklare å gjere som alle dei andre. Det er så mykje lettare å berre lukke augene for dei mest utfordrande bibelorda, og leve slik eg har sjansen til å leve, som rik nordmann født i verdas rikaste land med verdas kanskje beste velferdsordningar.

Å skulle leve eit annleis og utfordrande disippelliv i Noreg er ikke lett. Det er lett å ikkje bli muslim. Konklusjon: sekularismen er ein mykje større trussel enn islam.


Trugsmål mot kristendommen (mi liste):
1) Kristne som ikkje les i Bibelen
2) Kristne som ikkje ber
3) Kristne som ikkje deltek aktivt i eigen kyrkjelyd
4) Kristne som aller helst vil leve slik som alle andre lever. Eg las for ei tid tilbake ein artikkel i ei avis eller eit blad, om ein palestinsk muslim som hadde blitt kristen. Han levde eit svært vanskeleg liv, og familien vart stadig utsett for trugsmål og hærverk, og det var vanskeleg å få jobb. Han sa noko tankevekkande, som traff meg som eit knyttneveslag: "For oss er det å bli forfulgt det normale. Viss nokon ikkje vert forfulgt, må vi stille spørsmål ved om dei verkeleg er kristne" (Fritt sitert, eg hugsar ikkje den nøyaktige ordlyden) Blir eg forfulgt? Nei. Opplever eg motgang i nærmiljøet mitt? Nei. Kanskje lever eg ikkje radikalt nok. Kanskje.

Kva gagnar det eit menneske om det vinn heile verda, men taper si sjel? (Mark 8, 36)

fredag 24. juni 2011

Eia var eg der

Det er ikkje så mange veker til Skjærgårds går av stabelen på Risøya, og i år som så mange år før skulle eg verkeleg ynskje eg kunne reise dit. Grunnane i år er mange: Ole Børud, Rudi Myntevik, Leeland, Newworldson, Paul Colman, Downhere og ikkje minst gode gamle Petra! I år er det den opprinnelege Petra-besetninga som kjem, dei som spelte saman på starten av 80-talet. Eg har ikkje noko forhold til Greg X Volz som vokalist, for meg er det John Schlitt som er den verkelege vokalen. Petra vart oppløyst i 2005, men no har altså gamlegutta funne saman att. Det hadde sikkert vore litt av ei oppleving å høyre!

Her er nokre klipp frå Youtube, så kan den som vil samanlikne.

Først ein av mine favorittsongar, "We need Jesus" frå plata med same namn:



Ein annan song, frå plata "Jekyll & Hyde". Den heiter "Life as we know it", og er ein litt hardare rockesong.




Så ein liten videosnutt frå ein konsert tidleg på 80-talet. Her er det Greg X Volz som er vokalist:



Og til slutt ein promovideo frå dagens Classic Petra. Det er altså dei same som i klippet over, berre 25 år seinare!



Ja,ja, eg kjem meg ikkje til Risøya. Heldigvis har eg CDar eg kan lytte på! Ikkje ei heilt fullgod erstatning, men likevel...

torsdag 23. juni 2011

Bannebok

Cappelen Damm gir ut ei bok som tek for seg ulike bannord. Den vert lansert som «en komplett guide til banning for språkinteresserte i alle aldre» (Vårt Land), men er laga for ungdom.

Eg har ikkje sett eller lest boka, så eg skal ikkje uttale meg om innhaldet, men meir om sjølve ideen. Bannord relaterer seg ofte til religiøse termer, seksuelle tema eller andre meir eller mindre tabubelagte sider ved menneskelivet. Dei vert ofte brukt i negative samanhengar, og byggjer sjeldan opp språket til brukaren. Dei etiske utfordringane med ei slik bok er difor store.

Spørsmålet vert då: treng vi eigentleg ei banneordbok? Vil ikkje dei fleste barn og unge komme borti bannorda uansett? Og vil ei slik bok forvanske jobben for oss vaksne som skal lære dei unge skikkeleg språkbruk?

Kanskje kan boka vere positiv. Kanskje kan dei unge lære kva orda dei seier eigentleg tyder. Nokon kan då bli meir forsiktige med å bruke orda, eller kunnskapen kan inspirere til kreativ språktenking.

Som norsklærar prøver eg å lære elevane å bruke språket kreativt, og helst unngå bannord. Bannord er "språksøppel", og ord som vert brukt når ein ikkje klarar å komme på noko meir kreativt. Eg utfordrar difor elevane til å prøve å bytte ut bannorda med meir velformulerte vendingar.

Akkurat temaet banning er det stor usemje om, også blant norsklærarar. Det er sikkert mange som er ueinige med meg i at bannord ikkje bør vere med i tekstar. Det er også mange forfattarar som er ueinige i dette, så det er ikkje så enkelt å seie til elevane at dei ikkje skal skrive bannord. "Men, det var då bannord i den og den teksten av den og den forfattaren! Kvifor kan ikkje vi bruke det då?" Godt spørsmål...

Eg held likevel fast på mitt synspunkt, at banning er språksøppel. Ofte forsvarar forfattarar (og elevar) bruken av bannord med at dei vil gje ei realistisk skildring av eit bestemt miljø, der banning er naturleg i bruk. Slike miljø finst då så absolutt, men er dei gode språkeksempel for ungdom? Skal ein forsvare banning, berre fordi enkelte miljø brukar orda flittig? Vert det ikkje då berre meir og meir banning?

Og kan ein redusere bruken av dårleg språk, ved å gje ut ei bok som handlar om nettopp dårleg språk?

Eg stiller meg difor avventande, og ein smule skeptisk, til den nye banneboka.

onsdag 22. juni 2011

humanisme og humanetikk

"Humanismen skaper mindre mening," hevdar den britiske filosofen og humanisten Julian Baggini i ein artikkel i Vårt Land i dag. Han hevdar at religionane er i betre stand til å skape fellesskap og meining i tilværet.

I humanismen, som har som hovudprinsipp at mennesket er alle tings mål, det vil seie at mennesket står i sentrum, er det vanskelegare å samle menneska om eit høgare mål. Dei høgare måla finst nemleg ikkje. No er det lett å blande saman humanisme og humanetikk, det skjer stadig vekk. Humanismen er ein tenkjemåte som også mange religiøse menneske har slutta seg til. Den mest kjende kristne humanisten er vel Søren Kirkegaard, kjent som "far" til den kristne eksistensialismen. Humanisme kan vi rekne som ein filosofisk tenkjemåte, eller ein måte å orientere seg i den materielle verda på. Vitskap, filosofi og etikk er område som kan vurderast ut frå ein humanistisk tenkjemåte. Denne tenkjemåten kan også ta mykje, svært mykje, av æra for utarbeidinga av menneskerettane slik dei er nedfelt i dei ulike konvensjonane i dag.

Humanetikken er meir eit livssyn. Humanetikarar forheld seg til humanetikken om lag på same måte som ein kristen forheld seg til kristendommen: Tenkjemåtar, etiske levereglar og "dogmer" er nært knytt opp til eit humanetisk livssyn. Humanetikken tek som regel utgangspunkt i humanismen, men forheld seg til denne filosofiske retningen på ein heilt annan måte enn ein kristen ville gjort. Der ein kristen brukar humanismen som ein metode for å forstå og diskutere forhold mellom menneske og korleis eit samfunn fungerar, vil ein humanetikar ofte seie at humanismen kan seie noko om korleis heile verda fungerer.

Eit eksempel: Både kristne og humanetikarar er interesserte i vitenskap, og i det å forklare korleis verda heng saman. Dei vitenskaplege teoriane er i utgangspunktet dynamiske: Dei er gyldige så lenge dei ikkje vert motbevist. Det er for eksempel ikkje særleg stor usemje i vitenskaplege miljø om korleis tyngdekrafta verkar. Alle ting vert dregne mot kvarandre, og sidan jorda er såpass mykje større enn dei tinga som er på overflata, vil den kunne dra desse til seg. Tyngdekraftlova er altså nærast ei vedteken sanning. Likevel kan ein ikkje seie at den er ei bastant og endeleg forklaring på kvifor vi ikkje dett av jorda. Lova er ein modell som passar svært godt med dei observasjonane som er gjort, og per i dag er det altså stor semje om at lova er allmenngyldig. Likevel kan det skje at ein kjem over eit fenomen eller ein gjenstand som oppfører seg annleis, og som ikkje passar inn i lova i det heile. Då må ein plutseleg begynne å revurdere det ein visste tidlegare, og kanskje må lova endrast?

Dette prinsippet ved vitskapleg tenkjing er svært viktig. Utan dette prinsippet hadde ikkje vitenskapen komt noko særleg vidare! Dei lovene og forklaringane vi kjenner i dag, er dei siste utgåvene av formuleringar gjort av menneske som har vore nysgjerrige, gjort eksperiment og samanlikna med tidlegare og samtidige kjelder. Ein veit ingenting om observasjonar gjort i framtida, og lovene må endrast viss det er naudsynt. På den måten utviklar legevitenskapen seg stadig, vi veit stadig meir om verdsrommet og vi kan forklare stadig meir av korleis verda heng saman.

Nokre vitskaplege påstandar eller hypoteser vert hyppig misbrukt, og omtala som endelege sanningar. For eksempel er det merkeleg mange lærebøker som set teorien om "the big bang" som ei endeleg forklaring på korleis universet vart til. Ein nemner av og til den bibelske skapingsforteljinga, men då gjerne sett opp som ein kuriøs opplysning. Også teorien om makroevolusjon vert sett opp som ei endeleg sanning. No nemner eg desse to emnene, sidan dei har vore mykje omtala og diskuterte. Det finst mange andre teoriar som vert omtala som sanningar også.

Ein humanetikar kan hevde at Gud ikkje finst, fordi han ikkje kan bevisast vitskapleg. Eit ateistisk livssyn vert svært ofte forfekta. Viss ein går nærare inn på ateisten og stiller spørsmål ved den ateistiske trua, og personen er villig til å forhalde seg til ein korrekt vitskapleg tenkjemåte, vil det som regel vise seg at han slett ikkje er ateist, men heller agnostikar. Gud kan ikkje bevisast, men han kan heller ikkje motbevisast. Dermed endar ein opp med eit "veit ikkje".

Humanetisk tru utelukkar Gud frå kvardagslivet, og avviser også tanken om at mennesket er evige vesen eller at vi står til ansvar for nokon utanfor oss sjølv. Mennesket kjem i sentrum, på alle felt i livet, også på det religiøse plan. Mennesket er alle tings mål, og eit menneske sin verdi kan kun bestemmast ut frå seg sjølv. Dermed har ein ikkje eit overordna perspektiv på livet, og to humanetikarar har ikkje meir felles enn at dei avviser det som ikkje kan observerast. Livet varer frå vogge til grav, og det er kun det som er mellom desse to "portane" som tel. Dermed har det lite å seie, i alle fall i teorien, om korleis andre menneske lever sine liv. Det viktige er at ein fyller sitt eige liv med positivt innhald. Det som er positivt for ein sjølv.

I den førnemnte artikkelen skriv journalisten om humanisme, men meinar nok eigentleg humanetikken, sidan humanismen i utgangspunktet er ikkje-religiøs.

Filosofen Paggini har skrive mange bøker om ulike tema, og han gjer det på ein måte som er lett for oss "menige" å fylgje.

Ei bok eg stadig kjem tilbake til, når eg treng noko å bryne hjernen på, er boka "Grisen som ville bli spist". Her er det 100 i utgangspunktet vanlege situasjonar, som vert sett i eit noko større og meir logisk perspektiv av Julian Baggini.

Som kristen har eg ei mykje vidare verdsforståing enn det vitenskapen og humanistisk filosofi kan gje meg. Utan at vitenskap og filosofi vert noko mindre interessant av den grunn, snarare tvert om! Gud har då gitt oss både nysgjerrigheit og ein hjerne til å tenkje med, og dei bør vi bruke så godt som vi kan!

søndag 19. juni 2011

Ei påminning

Her er ei lita påminning, frå Paulus sitt brev til Romarane (8, 1-3):

Så finst det no inga fordømming for dei som er i Kristus Jesus. For Andens lov, som gjev liv, har i Kristus Jesus gjort deg fri frå lova til synda og døden. Det som var umogleg for lova, fordi ho stod maktlaus på grunn av vårt kjøt og blod, det gjorde Gud. Han sende sin eigen Son som syndoffer, i same kjøt og blod som syndige menneske, og heldt dom over synda i oss.

Det er inga fordømming for den som er i Kristus Jesus! Han har sjølv kjøpt oss fri, synda og døden har ikkje lenger noko krav på oss. Det høyrest nesten for godt ut til å vere sant, men slik står det i Guds ord!

Viss ikkje dette skulle vere ein god nok grunn til å glede seg, så veit ikkje eg.

søndag 12. juni 2011

Ta vare på barna

Barneombodet oppfordrar på Twitter (i følgje ein reportasje i Vårt Land) kristne til å danne front mot ein menighet som oppfordra til rising av born.

Eg håpar verkeleg denne fronten kjem, for rising av born er så ukristeleg som det går an å få det. Eg veit det var vanleg tidlegare, også blant kristne, men no er det heldigvis både forbudt ved lov og allment underkjent som oppsedingsmetode.

Barna er det beste vi har. Ofte omtalar vi dei som "framtida vår". Dei er slett ikkje framtida, dei er notida vår. Borna er ikkje uferdige og umodne menneske, som jobbar seg fram mot det store målet: å bli vaksen. Borna har eigenverdi, dei har like stor del i samfunnet vårt som vi vaksne. Ja, dei må rettleiast og lærast opp. Men det må gjerast med kjærleik.

Jesus sa: "La dei små barn komme til meg..." Han tok dei på fanget og velsigna dei. Ville Jesus nokon gong ha risa eit barn? Trur ikkje det, nei.

Barneombodet etterlyser ein front, og eg stiller meg på geledd. Ta vare på barna!

torsdag 9. juni 2011

What was I supposed to be

Dette innlegget er skrive med tårer i augene, og ei smerte i hjartet mitt som eg ikkje veit å setje ord på. Heilt tilfeldig kom eg over denne musikkvideoen på youtube:




Som ein del av den hovudsakleg tause massen, som stilltiande lar udåd etter udåd finne stad, blir eg livredd når eg høyrer songar som denne. Historia kjem til å dømme oss nord og ned, det er eg sikker på, men det er ikkje det eg fryktar. Eg fryktar den dommen Gud vil setje over handlingane våre, både dei aktive og dei passive. Å så useieleg frykteleg den dommen kjem til å vere.

Men mest av alt får eg ei enorm skuldkjensle, for kvart vesle barn som må stille spørsmålet i songtittelen når dei møter Gud så altfor tidleg, og for kvar unge eller uforbereidde mor, som ikkje får støtte og hjelp til å ta vare på barnet sitt.

Gud, frels oss, vi veit ikkje kva vi gjer.

søndag 5. juni 2011

Kyrkja og seksualitet

For alle oss som har handla i ein daglegvarebutikk dei siste dagane, har det vore uungåeleg å legge merke til eit usmakleg sex-stunt i domkyrkja i Oslo. Organisasjonen "Fuck for forest" ynskte å sette fokus på kyrkja sitt forhold til seksualitet. Det var også ei slags støtteerklæring til avgåtte sokneprest Einar Gelius. (Edit: Kommentar frå Eyvind Skeie)

Dagbladet siterer ein av aktørane på følgjande måte: "Kirka har og begår fremdeles et stort overgrep mot dem som praktiserer seksualiteten og bruker naturen. Kirka har i en årrekke fratatt oss det som er det naturligeste i verden: kjærlighet og sex." For det første vitnar dette om stor kunnskapsløyse. På kva måte er det kyrkja tek frå "oss" kjærleik og sex?

For det første: Dei som ikkje ynskjer å ha noko med kyrkja å gjere, slepp å forhalde seg til den i det heile. Ein kan melde seg ut, la vere å bruke kyrkjerommet og elles distansere seg mykje ein ynskjer. Det er ikkje religionstvang i Noreg, det er religionsfridom. Med andre ord: Kyrkja kan ikkje, og vil sjølvsagt heller ikkje, ta verken kjærleik eller sex frå nokon som helst som ikkje vil ha noko med kyrkja å gjere.

Spørsmålet om det å bli fråteken kjærleik og sex, må då gjelde dei som ynskjer å vere i kyrkja, og lar kyrkja si lære vere autoritet i liva sine. Kven er desse menneska? Jo, må ikkje det vere dei kristne, dei som er døypte i kyrkja og ynskjer å leve liva sine nær Jesus? Det er jo desse menneska kyrkja si lære er aktuell og viktig for.

Eg er ein av desse menneska som høyrer til i kyrkja. Eg ynskjer å la den bibelske læra vere autoritet i livet mitt. For meg er det difor viktig å vite kva kyrkja lærer om seksualitet og kjærleik, og la kyrkja si lære vere autoritet i livet mitt. (Av naturlege årsakar må eg i det vidare sjå vekk frå den liberale delen av kyrkja, sidan dei på mange felt vik frå det som er kyrkja si klassiske lære) Kva er det så kyrkja lærer om seksualitet?

For det fyrste lærer vi at det er Gud som har skapt seksualiteten og kjærleiken. Seksualiteten er difor ikkje av det vonde, tvert om. Det er noko godt, noko gudgitt. Seksualiteten er ein naturleg del av det å vere menneske, og Gud la denne eigenskapen ned i menneska heilt frå skapinga av.

I opphavet, slik Gud skapte oss, hadde vi eit naturleg forhold til eigen og andre sine kroppar. Dette kan vi lese om i skapingsfortellingane i Bibelen. Gud skapte oss nakne, og ingen skamma seg over det eller følte det var unaturleg. Det å skamme seg over kroppen kom som eit resultat av syndefallet. I det vi vende oss vekk frå Gud, oppdaga vi at vi var nakne. Vi begynte å dekke oss til, og skjule oss for kvarandre.

Vidare kan vi lese at Gud laga klede til menneska. Han forstod kva for ein situasjon dei var i, og at dei ynskte å skjule seg. Han måtte jage dei ut av Edens hage, ut av det paradiset dei hadde levd i. Likevel forlot han dei ikkje. Menneska snudde seg vekk frå Gud, men Gud har aldri snudd seg vekk frå oss!

Gud gav dei altså klede, slik at dei skulle sleppe å skamme seg. Frå då av har det å vere kledd og tildekt vore ein naturleg del av den menneskelege seksualiteten. Å vere nakent er sårbart, det er skummelt. Kun ovanfor den som står ein aller nærast tør ein vise sitt sanne eg fullt og heilt.

Gud innstifta ekteskapet som ei ramme for seksualiteten, slik at den skulle kunne utfolde seg i trygge omgjevnader.

Kyrkja sin etikk er i dag forma mykje ut frå skapingsfortellingane, men også ut frå det Jesus lærte om rett liv, og dei læresetningane vi kan lese om temaet ulike stadar i brevlitteraturen. Oppsummert er kyrkja si lære (tradisjonelt) slik:
1) Ekteskapet mellom mann og kvinne er ramma for utfalding av seksualiteten.
2) Seksualiteten er ei positiv gåve frå Gud.
3) Seksualitet som vert misbrukt er eit brot på Guds heilage bod. Det vil seie å krenkje sin eigen og andre menneske sin seksualitet.

At organisasjonen "Fuck for forest" også trekk inn kjærleiken, og seier kyrkja tek frå oss denne, grensar nesten til det komiske. Er det ikkje nettopp kjærleiken som er sjølve nøkkelen til å forstå kristendommen? Guds offer, Jesus som døyr for menneska si skuld, er den største kjærleikserklæringa eg veit om. Jesus seier også at det største bodet av alle høyres slik ut: "Du skal elska Herren din Gud av heile ditt hjarte og av heile di sjel og av alt ditt vit.' Dette er det største og første bodet. Men det andre er like stort: ' Du skal elska nesten din som deg sjølv.' På desse to boda kviler heile lova og profetane." (Matt 22, 37-40)

Kjærleik er det ordet som best kan skildre Gud, og best kan skildre det forholdet han ynskjer at vi mennesker skal ha til kvarandre. Å krenkje andre menneske sine heilage rom er ikkje eit uttrykk for kjærleik. Det er tvert om eit uttrykk for forakt, og, i dette tilfellet, kunnskapsløyse.

Den som ikkje elskar, har aldri kjent Gud, for Gud er kjærleik. (1 Joh 4, 8)