torsdag 17. november 2011

Kva er "kristent"?

Eg las eit svært interessant lesarinnlegg i avisa Dagen i går. Under overskrifta "Kan "kristent" være kristent uansett?", og temaunderskrift: "Forførelser", tek skribenten opp eit forsåvidt aktuelt tema. Kan alle ting kallast "kristne", berre det er kristne som utfører handlinga? Dette spørsmålet er interessant, særleg med tanke på at vi som kristne fortsatt er syndige menneske, som vert slitt mellom det å følgje Guds vilje, og det å følgje vår eigen. Han lanserer ord som "kristenporno" og "kristenfyll", to ord eg ikkje har problem med å seie meg einig i høyres feil ut. Gud har skapt sex, og Gud har skapt vin, men misbruket og perverteringa av desse to godene, er det menneska som står for.

Skribenten reagerer også på ordet "kristen hardrock". Viss ein skal vere veldig pirkete språkleg, så er eg einig i at det vert feil. Ein mann og ei kvinne kan vere kristen, altså ein etterfølgjar av Kristus. Hardrock som musikksjanger kan på den måten ikkje vere "kristen", sidan det er meir eit abstrakt omgrep som ikkje akkurat kan følgje etter Kristus.

Viss vi derimot ser på ordet slik det er meint av dei som brukar det til dagleg, vert stoda ei anna. Når ein seier "kristen hardrock", er innhaldet på same nivå som ordet "kristne teltmøter". Eit teltmøte kan ikkje vere kristent, men det vert formidla eit bodskap om Kristus der, som menneske kan høyre og bli etterfølgjarar av Kristus. På same måten er det med "kristen musikk". Den er ikkje kristen, men formidlar eit bodskap om Kristus. Dermed kan eg som kristent menneske, lytte til musikken og lære meir om Kristus og korleis eg bør leve som menneske (Viss tekstforfattaren er bibeltru og skriv ærleg om livet og sant om Kristus, vel å merke)

Så langt las eg artikkelen utan andre innvendingar enn dei eg har skrive, og eg trur ikkje skribenten, ut frå det han skriv vidare, ville vore så veldig ueinig i meg i denne refleksjonen, i og med at han insinuerar at det faktisk finst ting av høgare kvalitet som faktisk kan kallast kristent. Likevel dett eg av på starten av andre avsnitt, der skribenten presterar å skrive: "Hard rock kommer ikke fra Gud, det må vel alle være enige i." Korleis veit han det? Og kva er det ved hardrock som gjer at det ikkje kan vere frå Gud?

Eg har ein mistanke om at svaret er enkelt: Viser og country (mine forslag) er frå Gud, fordi skribenten likar det. Hardrock og disco er ikkje frå Gud, fordi skribenten ikkje likar det. For kva er det elles som gjer ein musikksjanger meir verdifull enn ein annan?

Sjølv lyttar eg nok meir til vanleg rock enn til hardrock, sjølv om eg ikkje har nokon ting i mot å høyre ein litt hardare song innimellom. Og den hardrocken eg då høyrer på, er som regel laga av kristne menneske, som ynskjer å formidle eit bodskap om Gud gjennom musikken sin.

Spørsmålet er ikkje kva for sjanger musikken er i, spørsmålet er kva som vert formidla gjennom songen. Eg har høyrt ein del viser og temmeleg rolege songar, der innhaldet er direkte misvisande ut frå Bibelen, og slett ikkje oppbyggeleg for meg som kristen å lytte til. Og eg har høyrt viser som har gitt meg bodskap direkte frå bibelens Gud, og som har bygd meg opp som kristen. Det same gjeld med dei fleste sjangrar, med unntak av dei aller hardaste, som Metal og slikt. Og det er ikkje fordi eg trur musikkstilen i seg sjølv er av det onde, men fordi eg ikkje likar sjangeren. Det finst sikkert musikk i dei hardaste sjangrane som formidlar gode bodskap om Gud. Det er igrunn heilt sikkert, for eg har sjølv lese ein del oppbyggelege "Metallsongar".

Lesarinnlegget handla i botn og grunn om å ikkje skikke seg lik denne verda. Der er eg einig med forfattaren. Som kristne skal vi leve annleis liv, liv som harmonerar med Guds vilje. Akkurat det er knallvanskeleg, ja beint fram umogleg. Desto viktigare er det å ikkje fylle seg med det som leier vekk frå Gud, men med det som leier til Gud. På det feltet er musikken viktig for meg, og eg har lytta til så utruleg mange oppbyggelege pop-, rock-, country-, vise-, hardrock-, disco-, blues-, hiphop-, gospel-, lovsang- og jazzsongar, at eg berre fnyser av dei som meiner at enkelte musikksjangrar er av det onde.

Dessutan trudde eg eigentleg at denne debatten døydde i 1989 eller deromkring? Den burde i alle fall gjort det.

Til slutt ein song med ein svært utfordrande tekst til oss som er kristne. Og sidan dette innlegget til dels handlar om hardrock, så... (Og så vil eg gjerne høyre det viss nokon meinar at det er noko ukristeleg ved denne songen. Om du ikkje likar musikken, er det ei heilt anna sak.)

4 kommentarer:

  1. Herleg!
    Eg fyller på: Kristne basehopparar, kristne avisbod, kristne dansarar, kristne lærarar, kristne fotballspelarar, kristne lastebilsjåførar, kristne soldatar, kristne langrennsløparar...

    Verda er FULL av KRISTNE menneske som gjennom ulike ROLLER kan spre EVANGELIET gjennom den DEI ER. Og som difor når ULIKE grupper MENNESKE!!

    Eg trudde me etterkvart hadde fått med oss at ikkje alle vert nådd gjennom tidlegare afrikamisjonærar og kristenkøntri...

    SvarSlett
  2. Amen til det!

    Så lenge fokus er rett, og innhaldet bibelsk, bønene retta mot Gud og hjartet villig til å lytte til Guds stemme, så spelar det ikkje så stor rolle kva type kanal ein sender bodskapet på!

    SvarSlett
  3. Det er framleis mange som trur Gud har same musikksmak som dei, dvs. country og gamle salmar. Hadde dei sjekka historia til mange av desse melodiane ville dei tagna, for folk som William Booth (Frelsesarmeen) tok ganske enkelt dåtidas drikkeviser, senkte tempoet og bytte ut teksten. Det same gjeld mange av salmane våre. "Kven kan seia ut den gleda," t.d. Spel den fort, so høyrer du at det eigentleg er dansemusikk. Eller "Ren og rettferdig" eller "Ingen vinner frem til den evige ro."

    Om du får høyra den musikken utan statskyrkja sitt triste og trauste vis kan du nyta både fantastisk folkemusikk og andelege tekstar som faktisk tyder noko, i motsetnad til nyare "Du troner på vår lovsang" og "Strømmer av regn" og slikt tåkeprat utan handgripeleg meining.

    Eg heiter forresten Morten og gjekk i klassen over deg på Sygna.

    SvarSlett
  4. Hei Morten! Med litt hjelp (årboka frå 1996...) så hugsar eg deg att, ja. Kjekt at du kommenterer her, og eg er einig i det du skriv (bortsett frå at eg er glad i kyrkjemusikk, og ikkje tykkjer den er så veldig trist. Det kjem an på organisten!) Mange av songane eg har høyrt og vore med og synge på bedehuset opp gjennom åra, går i valsetakt, og som du seier er bakgrunnen for mange av melodiane ikkje akkurat kyrkjeleg. Og det er nettopp det som er poenget mitt: musikk i seg sjølv er ikkje kristeleg eller ukristeleg. Det er bruken og innhaldet som avgjer bodskapen som vert formidla.

    Og tåkeprat er eg ikkje særleg for, eg likar det som er handgripeleg og jordnært, og eg likar det som grip tak i livserfaringane mine og "ristar" meg litt. Gir meg nye perspektiv og nye tankar. Og det kan gjerne vere djupe tekstar, som eg kan tolke og bruke litt meir tid på.

    Eg kikka litt på bloggen din, og likar skrivestilen din. Særleg likte eg bryllaupsdiktet som du posta 6. august. Bra!

    SvarSlett