fredag 23. mars 2012

Profesjonalitet og sjølvbeherskelse

Av og til er det litt vanskeleg å vere lærar. No tenkjer eg ikkje først og fremst på dei utfordringane som ligg i sjølve jobben, for dei er jo der, sjølvsagt. Nei, eg tenkjer på dei gongane eg så gjerne har lyst til å opne munnen og seie akkurat kva eg meiner, samtidig som eg veit at det ikkje er så lurt. Ja, det er tvert om svært ulurt.

Ei av hindringane som ligg der som ein taus mur, er erkjenninga av at eg ikkje har lov å forkynne for ungdommane. Som kristen har eg mitt syn på verda, mitt verdisyn og deler den kristne verda sitt syn på kva som er rett og galt. Eg er, sjølvsagt, medviten på at eg ikkje kan dytte mi tru og mitt verdsbilde på ungdommane. Og det er noko eg eigentleg meiner er heilt ok, så lenge eg har fridom til å formidle den kristne trua på fritida mi. I grunn er eg glad for denne "nøytralitetsregelen" i skulen, for den gjer meg trygg på at lærarar med ei anna tru enn meg, som muslimar eller humanetikarar, heller ikkje vil dytte sitt verdsbilde og si tru på mine born når dei ein gong byrjar på skulen. (Og no snakkar eg ikkje om dei humanistiske og kristne tradisjonane som er ein del av kulturen vår, og som også er ein del av skulekvardagen. Dei sidene skal elevane sjølvsagt få kjenne til, dei må vite kor dei kjem frå og kva som høyrer til kulturen vår).

Grunnen til at eg tenkjer på dette nett i dag, har sin grunn i ein heilt konkret situasjon på skulen i dag, der eg var veldig frista til å stille nokre kritiske spørsmål. Samtidig visste eg at det ikkje var min arena eller min tur til å skape debatt.

Vi hadde besøk ifrå ei som har vore ledsager på Vestbreidda for Kirkenes verdensråd. Ho besøkte klassane på skulen vår, og fortalte om palestinarane sin situasjon. Dette er eit viktig tema, og noko som elevane våre bør få god innsikt i. Ho hadde også med seg fine bilder, og presenterte ein del av dei utfordringane menneska som lever ved grensa til Israel kan ha. Blant anna fortalte ho historia til bonden som bur i ein landsby like innanfor den mykje omtala "muren", og som eigde 7 mål med drivhus der han dyrka tomatar, og desse drivhusa stod på utsida av muren. Kvardagen er slett ikkje enkel.

Innlegget var lærerrikt og opplysande i forhold til dei palestinske problema. Også Israel sine utfordringar med sjølvmordsbombarar og rakettangrep frå Gasa vert omtala, så besøket vårt var meir balansert enn mange av dei reportasjane vi får presentert i dei tabloide media.

Så går vi mot slutten av forelesinga, og det er tid for ein spørsmålsrunde. Elevane er veldig opptekne av dei israelske soldatane og deira rolle i det heile, og kven som har våpen, kven som kastar stein og kven som vert fengsla. Også spørsmål om umotiverte drap, soldatar som slepp straff for drap og om tortur i israelske fengsel vert tekne opp. Spørsmåla er greie, men svara som vert gjevne er noko ubalanserte og einsidige, og på slutten trur eg elevane sit att med eit bilde av israelske soldatar som nærast lovlause våpengalningar, som kan skyte kven dei vil utan å bli straffa for det.


Timen går mot slutten, og det er verken tid eller anledning for meg til å stille kritiske spørsmål til denne framstillinga. Dessverre. For eg trur det hadde vore naudsynt. Elevane fekk eit veldig godt bilde av palestinarane sin situasjon, men at Israel er eit velfungerande demokrati, med grundig opplæring av soldatane sine og ein etikk som i alle fall i utgangspunktet skal følgje dei internasjonale reglane for soldatar. Sjølvsagt er det svikt også i IDF, som i dei fleste andre hærar. Og kanskje fleire enn i andre hærar, for spørsmålet om frykt hos soldatane vert nesten ikkje berørt. At soldatane er unge, frå 18 år og litt eldre, og får ansvar for å halde kontroll over eit område der sjølvmordsbombarar tidlegare har teke seg inn til Israel, kan ikkje vere lett. Også soldatane lever i frykt, og dei får sine instruksar frå leiarane sine, som igjen får instruksar frå høgare hald. Til sjuande og sist er det altså eit politisk spørsmål, og eit spørsmål om frykt.

Israel er eit lite land, og konfliktene er store og kompliserte. Personleg trur eg ikkje det kan bli fred der før partane snakkar saman på likefot og stiller med blanke kort. At det skal skje med det første, verkar lite sannsynleg, sjølv om vi er mange som ber og håpar på at valdsspiralen skal slutte, og at både israelarar og palestinarar kan leve fredelege og verdige liv.

Og nøkkelen til det heile, trur eg nett no ligg hos dei palestinske styresmaktene. All den tid borna på skulane lærer å hate jødar, og all den tid styresmaktene ikkje anerkjenner Israel og stoppar sjølvmordsbombing og rakettangrep, trur eg ikkje frykta som pregar demokratiet Israel vil sleppe taket. Dermed sit dei i saksa begge gruppene.


Alt dette burde vore sagt etter forelesninga i dag. Men eg kunne ikkje, og som pedagog kan eg seie at det hadde ikkje blitt nokon bra slutt på timen. No sit i alle fall elevane igjen med eit godt bilde av dei palestinske grensebøndene sin situasjon. Så får eg prøve å nyansere bildet seinare, når anledningen byr seg.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar