Nett lik snø
er mennesket
som dalar så stille
og mjukt,
er barnet som pludrar
Og dekkjer verda
med lys og glede
Lik snøen som ligg der
vert prega av tida
får farge og form
etter verda,
vert menneskelivet
smidd og forma
i tida si nådelause
esse
Lik snøen som smeltar
vert delt opp,
renn vekk,
er enden for mennesket
Vi smuldrar opp
og vert gløymte
Men molekyla forsvinn
ikkje
og Han som skapte snøen
og mennesket
gløymer aldri
Fint!
SvarSlettTakk!
SvarSlettNydelig skrevet. Du er god med ord - som treffer! Takk :) og god helg videre til deg!
SvarSlett