mandag 11. juni 2012

Svolten

Det er svolten
som driv oss fram

Det er svolten
som skaper hunger
etter noko meir

Det er svolten
som dyttar og pressar
Tvingar oss
mot stadig større mål

Det er svolten
som er drivkrafta
bak ynskjet om
å lukkast
Om å utrette noko

Det er svolten
som er motoren i maskineriet

Så kva kan vi utrette
her vi sit
Stappmette i polstra lenestolar
og fri tilgang til
alt?


(Illustrasjonsbilde henta her)

1 kommentar:

  1. Dette var treffande... Og heilt sant!! Me har det for godt...

    SvarSlett