Den menneskelege hjernen er ganske innfløkt. Det
finst nesten ingen grenser for kva vi kan lære oss, viss vi berre vil og er
interesserte nok.
Ulempa er at det finst ein del avgrensingar i
forhold til kunnskap, og ein del forhold vi alltid er nøydde til å ha i
bakhovudet når vi lærer noko nytt. For det første er ikkje all kunnskap
tilgjengeleg for oss. Vi kan for eksempel sjå deler av historia, men vi kan
aldri danne oss eit heilt korrekt bilde av kva som faktisk skjedde. Det er for
eksempel heilt umogleg å kartleggje alle detaljar ved det som hendte i 2. verdskrigen, endå så mange bøker det er
skrive om emnet. Grunnen til at dette er ein umogleg jobb, er ganske enkel: Det
er heilt umogleg å få oversikt over alle dei kontaktar, samtalar, turar og val eitt menneske har gjort i løpet av
livet sitt. Og om ein likevel ville ta seg tid til å kartleggje dette eine
mennesket fullstendig, har ein likevel berre kartlagt eitt menneske. Då
gjenstår endå millionar av andre… Av den grunn får vi berre oversikt over dei
største hendingane, og dei viktigaste.
Den andre avgrensinga vi må ta omsyn til, er vår
eigen bakgrunn. I alt vi tenkjer og gjer, har vi vår eiga historie som referanseramme.
Mine tankar og mine minner vil alltid spele på lag med det nye eg lærer, så av
den grunn vil to menneske aldri kunne sjå og vurdere verda heilt på same måten.
Vi tolkar ulikt, og vi oppfattar hendingar ulikt.
Den tredje avgrensinga, som eg ynskjer å stoppe
litt lenger ved, handlar om den menneskelege evna til å førestille seg ting og
bygge opp konstruksjonar som måtte mangle i dei inntrykka ein får inn utanfrå.
Hjernen vår er ganske enkelt skapt slik at den ynskjer å oppleve ein samanheng i verda. Krimforfattarar er
ekspertar på å utnytte denne evna hos oss menneske. Dei lar det for eksempel
dukke opp ein død person, og veit at vi som lesarar med det same tenkjer: Kven
har drepe han? Korleis skjedde det? Kvifor
skjedde det? For alt har nemleg ein grunn, i alle ting er der ein
årsak-verknad-samanheng. I følgje hjernen vår. Når vi les vidare i
kriminalboka, mistenkjer vi sjølvsagt personen som er unnvikande, skulande og
med tvilsam fortid… Og så lar vi oss overraske, kvar gong, når vi oppdagar at
det var den plettfrie, uskuldige og gråtande som likevel hadde gjort det.
På same måten er det konspirasjonsteoriar stadig
har dukka opp, og stadig dukkar opp, i ulike fora. Og vi bit på, for det verkar
så logisk. For eksempel myta om den beksvarte middelalderen, der folk gjekk
rundt med mørke klede og sure ansikt, og vart trykt ned i søla av kyrkja og
kongen, så det i løpet av fire hundre år knapt kunne høyrast ein lått eller
sjåast eit smil i heile Europa… Heilt til opplysningstida og naturvitskapen kom
og redda folk ut av mørket og fekk smilet tilbake til Europa. Endeleg var det
meining i tilværet att!
Det var nok ikkje heilt slik, vil eg tru.
Ein annan samanheng vi menneske ofte er redde for,
er samanhengen mellom ord og handling. For nokre år sidan, i eit talkshow på
fjernsynet (som eg dessverre har gløymt namnet på), var det ein som snakka om
akkurat denne redsla. Han gav eksempel på korleis vi kan teste irrasjonell
frykt: Vi kan for eksempel seie høgt ut i rommet: Eg ynskjer at bestefaren din døyr av
slag i dag! Dei fleste av oss vil vegre oss for å seie det. Ikkje berre fordi
det er ein fæl ting å seie, men fordi vi er genuint redde for at ved å seie
det, vil vi auke sannsynet for at det faktisk skjer!
På same måte er vi redd for draumar der familiemedlemer
dør. Tenk om det skjer på ekte! Og så
går vi rundt og er ekstra redde for at akkurat det vi har drøymt skal skje.
Ein som har drøymt ein slik merkeleg draum,
er journalist Ivar Fjeld, som nyleg har
gitt ut bok om terroren på Utøya. I boka grunngir han terroren mot øya med
blant anna AUF sin politiske ståstad i midtaustenkonflikta, og ei auka “islamisering”
av det politiske miljøet på øya.
Denne boka kjem ut ein del månadar etter at ein
høgreekstrem terrorist, som sjølv gjekk rundt med vrangførestillingar om Europa
og verda, er dømt og sett bak lås og slå. Terroristen handla ut frå eit
vrengebilde om islam si rolle i Europa, og innleia sin eigen “heilage krig”.
Det er sjølvsagt ikkje tilfeldig at han ynskte å ramme AUF, sidan dei, i hans
hovud, fører ein politikk som går imot alt det han står for sjølv. Likevel kan
ikkje AUF klandrast i saka. Dei tenkjer politikk, i eit demokratisk og fritt
land der vi ynskjer innspel frå alle politiske leirar.
Dei kan ikkje klandrast meir enn eg kan klandrast viss
bestefaren din døyr av slag i dag, sjølv om eg sa ynskjet høgt. For korleis kan mine
ord, sagt ein heilt annan stad i landet, framprovosere eit slag?
Det er irrasjonell frykt, og ein samanheng som
slett ikkje finst.
(Bildekjelder: bt.no, dagbladet.no og toptenreviews.com)