
Og så får vi dette rett i fjeset. Doping. Juks. Ein mann utan skruplar, som vil vinne for ein kvar pris. No betalar han den høgste prisen av dei alle, for kven er det som er imponert over Lance Armstrong no? Kven ser på han som ein sykkelhelt?
Eg undrar meg på kva han kan ha tenkt då han stod på toppen av sigerspallen og mottok hyllest frå folkehavet og millionar av tv-sjåarar verda over. Kjente han glede? Kunne han juble (på ekte) og feire og tru at han var verdas beste syklist (slik resten av oss trudde)? Eg undrar meg på... Skal tru om ikkje sigeren hadde ein litt vond bismak, og om samvitet stakk i han somme tider.

Men kva med dei som ikkje vert tekne? Dei som sit med ein ferdig vurdert stil mellom hendene, eller ein prøve med god karakter, og veit, inst inne i seg sjølv, at denne karakteren er ikkje fortent. Den er juks og bedrag. Kan dei glede seg over karakteren? Kan dei gå glade heim frå skulen og stolt vise fram stilen heime og seie: Sjå, eg fekk det til!
Eg trur slike sigrar har ein vond ettersmak. Av syre.
(Bilete frå www.dollarperhead.com og www.wikipedia.org)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar