Simon Peter, du frimodige, du impulsive fiskar
frå ein landsby nord i landet, usvikeleg ivrig,
usvikeleg først, der det er
noko som skjer
også først inn i grava, den første som våga seg inn i det mørke
inn i dødens kammer,
der din venn hadde vore, der din venn var blitt lagt vekk
for å sakte forgå
medan tida sine store tannhjul sakte ville snurre
og drive deg, og oss andre, med seg
rundt ein miniatyrkarusell i sakte fart
Så sakte, at vi ville stivna i våre rørsler
og gått inn i æva som saltstøtter, utan håp, utan liv, utan glede--
Du var først, om ikkje raskast, dine vener var gjerne sterkare
Dine vener var gjerne tryggare, sikrare
meir stabile i sin iver
meir stabile i sin måte å nærme seg Meisteren på
Rolige, nølande, truande
kanskje meir fatta i sin omgang med det guddommelege
Likevel var du først
Du var den som vart valt, utpeikt, som sjølve klippa
Sjølve grunnsteinen under kyrkja, Kristi eigen kropp
Du, den urolege, skjelvande, sviktande…
Du, som impulsivt viste glede, impulsivt falt på kne, impulsivt ville
bygge dine luftslott der meisteren viste deg det heilage. Du, som impulsivt
snudde ryggen til alt du hadde fylt og trudde på og bygde livet på, i redsel
for ditt eige liv. Du som impulsivt gjekk ut og grein dine sorgsvarte tårer, då
du forstod kva du hadde gjort
Du, som er så lik – dei fleste av oss
På deg ville han bygge si kyrkje
Det er ein slag logikk i det også; den store kyrkja,
bygd på gyngande grunn
Kven, med sin beste fornuft
ville bygge sitt liv
på den usikre grunnen, under,
der kyrkja står?
Du, mest av alle, forstod at trua treng eit ankerfeste – utanfor deg
sjølv
At trua aldri kan basere seg på deg
Du er klippa
og eg ser deg som ein ven, eit forbilde
ein som gjorde det eg aldri ville tort å gjere sjølv
(kanskje?)
og gjorde det av heile ditt hjarte
Viste ein veg for oss ustabile
Klippa, som kan rase ut når som helst
og får meg til å gripe fast i noko betre, noko sterkare:
Han du søkte då du sprang
og såg tannhjula sakte stoppe sin vandring mot æva, stoppe
og skifte retning, tida som plutseleg endra karakter
og verda som skifta sine fargar
frå grått til fargerike nyansar
får svart til lys og glede
frå redsel og gråt og smerte
til håp--
For grava var tom, og du visste
trass dine eigne ustabile tankar, dine impulsive og kortvarige idear:
Dette er noko evig, noko sikkert og stabilt,
det sikre du kan klynge deg til
når livet rasar mot deg og dreg deg med i sine akselererande malstraumar
bort
frå den sikre vegen
Ved grava såg du
erkjente du
visste du
at frå no av
ville livet aldri meir bli som før
Du er klippa
men ikkje den sterke
no kunne du, som eg,
klynge deg til korset
- ikkje av frykt, men av ei veksande glede
og ei visse
om at det held
trass alt…
utrolig flott!
SvarSlett