1) Sonen: Du er ein gamal tosk, ein
idiot! Eg kan ikkje forstå at eg nokon gong har snakka til deg! Eg hatar deg!
Faren: Men, guten min…
Sonen: Eg er ikkje guten din lenger, og du er ikkje faren min. Du
er død for meg, høyrer du: Død!
2) Sonen: No er eg fri, og lommene er
fulle av pengar. Dette er fantastisk bra!
3) Det var ein gong ein ung mann som reiste
langt heimanfrå, til ein framand by. Alt er stort, alt er flott, alt er nytt.
(Tek på solbriller) Han lever livet og arrangerer flotte festar for alle venene
– og han er ven med alle! Alle diggar han!
4) Ven 1: Hei du … mannen! Kan du ikkje kjøpe ein bil
til meg!
Sonen: Klart det! Kva slag bil vil du ha?
Ven 1: Eg kunne tenkje meg ein Porsche.
Sonen: Ok, her er pengar. For dette får du ein Porsche og vel så det!
Ven 1: Stilig, mann.
5) Og mannen lever det glade livet, kvar
einaste dag. Livet er ein fest. Han har pengar, han har vener.
6) Ven 2: Hei du … mannen! Dei solbrillene er stygge!
Sonen: Å? Er dei ikkje fine?
Ven 2: Nei, dei er heilt ute. Sjå her, prøv desse!
Sonen: Dei var tøffe! Så stilig eg vart no!
Ven 2: Du kan få dei, viss du kjøper eit hus til meg.
Sonen: Høyres rimeleg ut det. Kva slag hus vil du ha?
Ven 2: Eg kunne tenkje meg ein villa.
Sonen: Ok, her er pengar. Kjøp deg ein villa. På vestkanten.
Ven 2: (Snur og går, mumlar…) Oi, det var mange pengar.
7
7) Og mannen fortset det glade livet,
kvar einaste dag. Livet er eit party frå morgon til kveld. Og han har vener som
verkeleg bryr seg om han.
8) Ven 3: Hei, du … mannen! Den sveisen
din ser ikkje ut!
Sonen: Å? Kva er gale?
Ven 3: Men sjå på deg. Du ser ut som du kjem frå 2013. Her, ta på denne
hua her. Den er skikkeleg pop i år.
Sonen (tek på hua): Joda, den var god den. Ser eg stilig ut no?
Ven 3: Heilt topp! Du kan få den, viss du kjøper ein båt til meg.
Sonen: Kva slag båt vil du ha?
Ven 3: Ein som går superraskt!
Sonen: Ok, her er pengar. Kjøp deg ein båt!
Ven 3 (snur seg og går, mumlar): Ja ja, får vel kanskje hundre hestar for
dette.
9) Og mannen likar livet sitt, han likar
venene sine, og dei likar han. Livet er ein fest, heile våren. Det er flust av
damer som gjerne vil bli sett saman med han.
10)
Sonen:
Hei du, flotte dama! Kom!
(Selfie)
Sonen: Dette skal eg leggje ut på facebook og instagram! Det kjem til å
få tusen likes, det er eg sikker på!
11)
Livet
er ein fest. Livet er heilt topp. Heilt til han ein dag får eit brev frå
banken:
(… mumlar….) Kontoen er tom …. Overtrekt … renter og rentes rente ….
Inkasso …. Konkurs … alt må tilbake før helga … sperre alle kontoar … uønskt
som kunde …
12)
Livet
er plutseleg ikkje ein fest lenger. Det er ikkje ein gong eit nachspiel. Det er
dagen derpå, det er morgonen etter, med hovudverk, kvalme og anger. Livet er
ikkje lenger fylt med fest og fargar. Det er grått, det er trist.
Kjøleskapet
er tomt.
Klesskapet
er tomt.
Han må selje det vesle han har, for å
få seg litt mat.
Til slutt har han ingenting tilbake. Han
finn seg ein ledig benk under ei bru i byen. Av og til finn han halvtomme
brusflasker i søppeldunkane – dei bruker han til å sløkke tørsten. Av og til er
han raskare enn endene når dei får brødbitar. Med smulane kveler han den verste
svolten. Av og til sit han på gatehjørna og tiggar, men alle går forbi. Til og
med dei gamle venene. Dei går over på andre sida av gata, ser i alle andre
retningar. Dei blir kvalme av å sjå på den fillete lasaronen som sit der og tiggar.
“Som man reder, så ligger man”, og hasta la vista gamle ørn.
13)
Ein
dag kjem mannen plutseleg på noko: Ein stad, langt borte, har han ein far. Ein
han skjelte ut og rømte frå for lenge sidan. Ein stad er det ein heim han
kjenner. Kanskje kunne han gå tilbake?
Nei, han slår det frå seg. Aldri om han kan komme tilbake til faren,
etter det han sa då han reiste.
Tidene går. Sommar vert haust. Mannen
frys, han er svolten. Det
er berre eit beinrangel igjen, og folk har slutta å mate endene. Til slutt
reiser han seg. Bestemmer seg. Han vil reise heim, til far.
Sonen: Far har jo ein garasje.
Kanskje kan eg få sove der. Og ete restane etter middagane. Og lage meg klede
av dei gamle slitte lakena som eg veit ligg der i ein pose. Ja, slik må det
bli.
Og sonen går
heim.
14)
Legg
merke til faren no. Sjå godt på han som har stått i døra og speida etter sonen
kvar einaste dag sidan han for. Sjå på han som lengtar etter at sonen skal kome
heim.
Står han og ventar på at sonen skal kome tilbake til
huset?
Ventar han på at sonen skal falle på kne og be om
unnskyldning?
Står han og gleder seg til å kunne
avvise denne egoistiske guten som kalla
han så mange stygge ting då han drog?
Nei, sjå på han. Allereie medan sonen
er langt borte, går han han i møte. Armane er opne, smilet vert breiare dess
nærare sonen kjem.
15)
Faren
omfamnar sonen sin. Endeleg er han tilbake!
16)
Dette
er ei av Jesus sine kjente historier frå Bibelen. Han fortalte den ikkje til
læresveinane sine, dei som pleidde å følgje etter han. Han fortalte den til dei
religiøse leiarane og dei som var skeptiske til han. Dei kunne ikkje forstå
kvifor Jesus alltid omgav seg med dei svake, dei som alle visste var syndarar,
dei upopulære tollarane, heilt vanlege fiskarar og andre frå fattige kår.
Med denne historia fortalte han dei noko svært viktig og fundamentalt om
Gud.
17)
Gud
er ein far som står med utstrekte hender. Han ventar. På deg. Han ventar på at
DU skal kome til han. Mange trur at det første du møter når du kjem til Gud, er
verdas lengste peikefinger: “Fy fy, du har gjort dette og dette, du er ein
dårleg person, du må forandre deg, du må bli liten, eit null, eit ingenting.
Då, kanskje, skal eg bry meg om deg”
Nei, Gud er slik Jesus fortel
at Gud er. Han burde jo vite det, sidan han er Gud sjølv. Og dette er noko eg
har erfart sjølv i livet mitt. Eg gjer mange ting som går på tvers av det Jesus
seier i Bibelen, og Gud burde kryssa armane og rista på hovudet og snudd ryggen
til meg. Men gong på gong har eg opplevd at han tek imot meg med opne armar,
gir meg tilgjeving og ein ny sjanse. Gang på gang.
Og slik er Gud i forhold til deg
også. Han ventar på deg – med opne armar.