I Noreg begynner vekstsesongen når temperaturen passerer 5 varmegrader. Då startar fotosyntesen og alle prosessane som skal til for at plantane skal produsere den naudsynte næringa til å vekse.
Når temperaturen aukar, skyt veksten skikkeleg fart. Rørslene i lufta er som ein katalysator for plantespirane. Når rørslene aukar, aukar også spireevna! Med nødvendig tilførsel av vatn, og tilstrekkeleg med sollys, så kan vi, etter den noko golde vinteren, no nyte alle fargane i naturen, og sjå kor plantane endrar heile geografien rundt oss.
Slik er det også når vi les i Bibelen. Å lese er om lag det same som å auke temperaturen i vårt indre jordsmonn. Meir kunnskap, meir innsikt, i Guds ord er ein katalysator for vekst.
Men det er ikkje det å lese i Bibelen som er vårt kristne liv. Det berre utgangspunktet. Vi treng Guds nåde (regnet) og den Heilage Ande (lyset) som kan forvandle det vi les til næring for trua vår, og dermed skape vekst. Vårt kristne liv er livet saman med Jesus, og vekstsesongen startar i det vi opnar Bibelen og tek til oss av Guds varme...
Lesetips: Ta med deg bibelen ut i hagen/skogen/stranda/fjellet, set deg ned og ta til deg av næringa der, samtidig som du nyter naturen Gud har skapt! Då er det vekst både rundt deg, og inni deg!
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar