I følge meg...
Ti album eg har høyrt mykje på det siste året. Dei fleste artistane har eg høyrt mykje på tidlegare, men her er også eit par-tre nykomlingar i "favorittartist-hylla" mi.
1) Crowder - Neon Steeple
Tidlegare frontfigur i David Crowder Band gav ut sitt første soloprosjekt, og både lydbilde og songtekstar er i nær slekt med det eg har høyrt frå før. Altså: Bra musikk!
Favorittsong: This I know
2) Disciple - Attack
Dette er eit band eg har høyrt veldig lite på før, men som eg har fått augene opp for dette året. Hardtslåande rock, og svært gode tekstar. Nokre av dei kunne gått rett inn i salmeboka!
Favorittsong: Unbroken
3) Guardian - Almost home
Storhetstida til dette bandet var på midten av 90-talet, altså i mi eiga ungdomstid. Med album som Swing Swang Swung og Buzz slo dei seg opp då, men etter mi meining er dei like gode fortsatt.
Favorittsong: Little things
4) Kings Kaleidoscope - Becoming who we are
Dette bandet er ein nykomling, i alle fall for min del. Det er ganske spennande instrumentering, og flotte songar!
Favorittsong: Felix culpa
5) Lecrae - Anomaly
Ein gamal og god kjenning. Rap på sitt beste. Punktum.
Favorittsong: Give in
6) Needtobreathe - Rivers in the wasteland
Flott sørstatsrock, med fengande melodiar og gode tekstar.
Favorittsong: Rise again
7) Newsboys - Hallelujah for the cross
Newsboys har holdt på sidan 80-talet, og er no på sin tredje vokalist. Og det er ingen ringare enn Michael Tait (tidlegare DC Talk)! Denne plata er nyskapande, sjølv om songane er gamle. Klassiske kristne perler har her blitt ikledd Newsboys sine klede, og resultatet er ei melodiøs og vakker salmeplate, med litt utradisjonelle arrangement.
Favorittsong: His eye is on the sparrow
8) Peter Furler Band - Sun and shield
Tidlegare vokalist i Newsboys, Peter Furler, har sett saman eit nytt band, og debutplata er fengande og meir typisk Newsboys enn Newsboys sjølv...
Favorittsong: Jeshua
9) Remedy Drive - Commodity
Eg hadde ikkje høyrt om bandet før i haust, då dei spelte på KRIK cup & konsert på Vikeså. Eg likar godt bodskapen i denne siste plata deira, som er ei plate mot slaveri og menneskehandel.
Favorittsong: Take cover
Bilete frå konserten på Vikeså her.
10) Thousand Foot Krutch - Oxygen: Inhale
Siste album på lista er frå det canadiske bandet TFK. Høyrt det før, likt det før, likar også denne. Hardrock, med livsnære og trusstyrkande tekstar.
Favorittsong: Born this way
I tillegg til desse har eg sjølvsagt høyrt på annan musikk i året som gjekk. På mange plater er det kanskje ein eller to songar som festar seg ekstra godt, og som eg høyrer meir på enn dei andre. Her er ei liste med dei ti beste songane frå denne type album:
1) MercyMe: Flawless
2) Ellie Holcomb: I place my hope
3) House of heroes: Hide
4) Tenth Avenue North: For those who can't speak
5) Steve Taylor & the Perfect Foil: A life preserved
6) Darrell Mansfield: I am not alone
7) Casting Crowns: You are the only one
8) Mxpx: Let it happen
9) Nine Lashes: Lights we burn
10) Sanctus Real: Head in the fight
Desse ti songane, saman med favorittsongane mine frå dei ti albuma, kan høyrast på denne spotify-lista. Kanskje finn du noko du likar, også?
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar