Det var ei profetkvinne der, Anna, dotter til Fanuel, av Asjer-stammen. Ho var langt oppi åra. I ungdomen var ho gift i sju år,og sidan hadde ho vore enkje; ho var no åttifire år. Ho var aldri borte frå tempelet, men tente Gud i faste og bøn natt og dag.I denne stunda kom ho fram og lova Gud, og ho fortalde om barnet til alle som venta på fridom for Jerusalem.
Luk 2, 36 - 38
Vi stille det er mørke dører og tause gongar fjella røper aldri det dei veit hava er tause vi stille i landet duvar roleg, flyt på vinden gjennom mørke dører, tenner ein flamme, om aldri så svak lyfter stemmene i tause gongar eit stille ekko let seg høyre og lyden spreier seg utanfor vår kontroll vi er dei stille i landet men kan ikkje teie -
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar