mold møter mold
der føtene rører bakken;
molekyl mot molekyl
eg står stødig, eg
er eit menneske
skapt, ja forma av molda –
mold møter ånd
der hjartet vert lyfta av Gud
mørker vik for lyset
og auga mine, desse
vindauga inn i universet
retter eg mot krossen
der svik møter nåde
når alt mitt vert lyfta fram
og lyfta bort
så går eg på molda
frå støv til støv, men ikkje aleine
langs vegen Jesus la for megLuk 9, 23-26: Så sa han til dei alle: «Vil nokon følgja etter meg, må han seia nei til seg sjølv og dag for dag ta krossen sin opp og følgja meg. For den som vil berga livet sitt, skal mista det. Men den som mistar livet sitt for mi skuld, skal berga det. Kva gagnar det eit menneske om det vinn heile verda, men mistar seg sjølv og går til grunne? For den som skjemmest ved meg og orda mine, han skal Menneskesonen skjemmast ved når han kjem i sin og sin Fars og dei heilage englars herlegdom.