Splitter ny bok frå Helga Flatland! Endå ein gong har ho gjort det ho er aller best til: Personlege refleksjonar og innsiktsfulle studiar i menneskeleg åtferd, gjennom ei forteljing som er delt mellom ulike synsvinklar.
Utgangspunktet for forteljinga er dei tre søskena Liv, Ellen og Håkon, som er på familieferie i Italia for å feire faren sin 70-årsdag. Sjølv om dei alle tre er vaksne, den eldste 40 og den yngste 30, opplever dei alle saman ei dramatisk endring i liva sine då foreldrene annonserer at dei vil skiljast.
Sidan synsvinkelen skiftar mellom dei tre søskena, får vi innsikt i kva dei ulike tenkjer om både seg sjølv, sin eigen situasjon og dei andre familiemedlemene. Dermed vert vi godt kjent med alle tre, og vi, som lesarar, får innsikt i både mistydingar og ting som heilt medvite vert skjult for dei andre.
Språket er lett, og innhaldet innsiktsfullt. Det er ein imponerande prestasjon å klare å skrive ei heil bok med utgangspunkt i ein heilt vanleg familiesituasjon, og attpåtil klare å gjere forteljinga interessant!
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar