lørdag 19. august 2017

Alle mine vegar




alle mine vegar, Gud
går på kryss og tvers
gjennom atlaset – først hit
sidan tilbake;
aldri finn hjartet mitt ro
langs denne reiseruta
dei kallar livet

for alle mine vegar, Gud
fører meg aldri heilt fram
dit eg ynskjer å vere
og aldri heilt attende
der eg ynskjer å vende tilbake
- alltid er det noko som stengjer,
noko som held meg att

og eg veit at desse murane strekk seg
gjennom mitt indre landskap,
for eg har sjølv sett dei opp – dei fleste
men eg veit ikkje korleis
dei kan byggjast ned att, Gud

så no stoppar eg her, akkurat her
midt i vegen, midt i verda, midt i livet
og opnar nevane, slepp alt eg ber på;

tek av meg skoa, her
i audmjuk erkjenning av mine feilslåtte val
og opnar hjartet, Gud
så du kan bere meg resten av vegen
i riktig retning – heilt fram




Matt 23, 37:  Jerusalem, Jerusalem, du som slår i hel profetane og steinar dei som er sende til deg! Kor ofte ville eg ikkje samla borna dine som ei høne samlar kyllingane under vengene sine. Men de ville ikkje.
 

1 kommentar:

  1. Takk!
    Fint å lese, - jeg kjenner meg igjen
    i diktet.

    Og jeg kjenner igjen Gud
    som ER
    uansett.

    En velsignet uke
    til Deg og Dine
    fordi
    Gud er med på veien

    SvarSlett