midt i mitt strev
mitt arbeid,
i mine puslete forsøk
på å bygge, reparere
lage meg ein veg
gjennom livet
midt i mine planar
mine håplause prosjekt,
overdimensjonerte
draumar om lukke
og noko – noko
eg ikkje klarar å definere
noko som er større enn meg –
kanskje
midt i min redsel
for å ikkje strekke til,
i mine netter fylt med gråt
og tvers over alle mine kart,
dei eg har teikna og endra
gjennom dagar og år
på denne jorda
midt i livet mitt
som ei monstrøs steinblokk
deisande i bakken like ved,
kviskrar du dette eine ordet
eg har lengta etter
utan å vite:
Kom!
Matt 11, 28: Kom til meg, alle de som slit og har tungt å bera; eg vil gje dykk kvile!
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar