mandag 23. mai 2011

Opp med handa...

...alle som var pittelitt nervøse rett før klokka 18 på laurdag... (Ref: artikkel i Vårt Land)

Eg held mi fint nede, av to gode grunnar:

1) Ingen veit dagen eller timen når Jesus kjem att. Det har Jesus sjølv sagt, og då er det ganske meiningslaust å skulle drive med tvilsom matematikk og ville gjetningar. Ein kan like godt innfinne seg med situasjonen slik den er: Vi vil aldri kunne vite. (Matt 24, 36:
Men den dagen og timen kjenner ingen, ikkje englane i himmelen og heller ikkje Sonen, berre Far.)

2) Som kristen er eg slett ikkje redd for "dommedag". Kvifor skulle eg vere det? Jesus har allereie døydd for mine synder, han har vaska meg rein i sitt blod og gitt meg arverett til Himmelriket. Hadde eg stått aleine hadde eg nok vore livredd. Heldigvis står eg ikkje aleine, Jesus dekkjer meg. Eg stoler på dei løftene han har gitt i Bibelen (t.d: den vesle bibel: "
... for at kvar den som trur på han, ikkje skal gå fortapt, men ha evig liv")

Det er ikkje dumt å ha fokus på Jesu gjenkomst, slett ikkje. Som kristne skal vi leve i forventning, og glede oss til denne dagen. Vi må også vere vitner for han, og vise flest mogleg kor viktig det er å vere klar når Jesus kjem att.

For Jesus kjem att. Vi veit berre ikkje når.

søndag 22. mai 2011

Prest eller ikkje prest, det er spørsmålet

I dag skal ein mykje omtala prest halde avskjedstale i Vålerenga kirke i Oslo. Etter mange kontroversar og uttalar på tvers av kyrkja si linje, vart han i fjor haust sagt opp. Eg skal ikkje hive meg inn i den debatten. Eit anna spørsmål opptek meg mykje meir enn denne enkeltsaka: Kva vil det seie å vere prest?

Å vere ansatt som prest i den norske kyrkja skulle i utgangspunktet kvalifisere til å kunne kalle seg prest. Men kva om ein ikkje lever opp til den oppgåva ein har som prest? Er ein då prest lenger? Det er ikkje så enkelt å seie opp ein ansatt i ein organisasjon. Det skal vere mykje feil før ein går til det steget.


I den kristne kyrkja, og no tenkjer eg ikkje på Den Norske Kyrkja eller andre organisasjonar, er tydinga "prest" ei anna enn den meir snevre definisjonen "leiar for ein kyrkjelyd". I følgje Bibelen er alle kristne prestar (Sjå for eksempel Op 5, 10). Vi har alle, som Jesu etterfylgjarar, eit kall til å vere prestar for vår Gud. Liva våre skal vere vitne for han, og kvar dag ei gudsteneste til ære for Gud. Ein person som forfalskar Bibelen, talar mot Guds ord, fornektar Jesus og hans offer eller leier menneske vill, kan ikkje vere prest (Utan at eg no set meg som dommar over førnemnde prest, og seier at han har gjort dette. Eg kjenner ikkje godt nok til hans virke til å kunne uttale meg om det, eg veit berre det eg har høyrt i media).

Å vere prest er altså ei stillingsuavhengig teneste, knytt til det å vere etterfylgjar av Jesus. Det handlar ikkje om å vere hyrde for ein kyrkjelyd eller leie ei samling i ei kyrkje. I utgangspunktet. Heldigvis er det mange av dei ordinerte prestane som også er prestar på ekte, og prøver å leve etter Jesu lære.

Eit litt anna perspektiv: Eg kan i grunn ikkje forstå at personar som ikkje trur at Bibelen er Guds ord, eller ynskjer å leve som prestar for Gud, skulle ha noko interesse av å vere prestar i ei kristen kyrkje?

Til slutt eit dikt (ein song) som eg meinar fortel litt om den kristne, almenne prestetenesta:

Kvardagskristen vil eg vera
Syn for segn det krev Guds ord

Samklang mellom liv og læra

Det er himmelsong på jord

Som den djupe fjord kan greia

Spegla himlen høg og blå
Skal ein kvardagskristen spreia

Festglans kring det kvardagsgrå


Kvardagskristen, døypt til yrke

Fødd til kjærleik, skapt av Gud

Vigslar heim og hall til kyrkje

Kjøkenkrå og handelsbu

Mynt og vara får Guds stempel
Fals og fusk på døri må

Altarljoset i Guds tempel

Festglans gjev det kvardagsgrå


Sjå, der kjem ein sjuk og fattig

Der kjem ein som spør om råd

Der ein sviken, der ein hatig

- Her er nok for offerdåd!
Lokka smilen gjennom tåra

Så me himmelsk glans får sjå

Trengsla kring oss får forklåra
Festglans i det kvardagsgrå


Kvardagskristen vil eg vera
Syn for segn det krev Guds ord
Samklang mellom liv og læra

Det er himmelsong på jord

Og når så min kvardagsbunad

Skal for himlen skiftast om

Strålar bjart kring livsens kruna

Festglans i Guds herlegdom


(Dikt av Matias Orheim, 1916)

fredag 20. mai 2011

Ny grunnlov i Ungarn

I går kunne vi lese ei gladmelding i avisa Dagen. Ved nyttår trer nemleg ei ny grunnlov i kraft i Ungarn, og denne grunnlova slår fast at menneskelivet skal beskyttast "frå unnfanginga av". For oss som er glade i barn, var dette ei svært god nyhende. I Ungarn går dei yngste av oss ei litt tryggare tid i møte, der beskyttelsen av menneskelivet altså skal gjelde heilt frå livet startar.

Eg meinar: Det skulle då også berre mangle! ALLE menneske skulle hatt krav på vern frå unnfanginga av. Eg er glad på ungarske babyar sine vegne, samtidig som eg veit at vegen fram til rettsvern for dei minste barna i dei fleste andre europeiske land dessverre er lang. Menneskevern og respekt for Guds skaparmakt er ikkje av dei dydane som står høgast i kurs i vår "moderne" verd. I staden bevegar vi oss stadig nærare eit sorteringssamfunn (Ja, altså, sorteringssamfunn har vi allereie, men det vert stadig meir hjarterått ovanfor dei svakaste av oss. Jfr. for eksempel debatten om endå tidlegare ultralyd. Kva skal det vere godt for, om ikkje for å kunne sortere vekk "uynskte barn" endå tidlegare og meir effektivt?)

I Sverige mistar helsepersonell no reservasjonsretten ved fosterdrap. Eit lyspunkt, om enn aldri så svakt, er det at ein biskop reagerar negativt på avgjerda (sjå denne artikkelen frå Vårt Land) Det er flott at det kjem protestar, men kva hjelper det i den store samanhengen?

Slike lover er til å grine av, og eg gjer det også. Neste gong vemodet kjem over meg, skal eg prøve å finne litt trøyst i Ungarn si lovgjevande forsamling, som vågar å gå mot straumen, og den svenske biskopen og andre som i det minste hevar stemma i protest når utviklinga går feil veg. Og så vil eg be for alle dei små babyane som lever i livsfare utan rettsvern. Og så vil eg be om at eg må våge å kjempe for menneskeverdet, uansett kva dei politisk korrekte og akk så kortsynte menneska seier.

fredag 13. mai 2011

Abraham


Ein far og ein son
på Moriafjellet
Aleine med elden
og veden og kniven
Eit offer, eit mord
Å Abraham
Korleis kan du gjere dette?

Ein far og ein son
på Moriafjellet
Aleine med elden
og blodet og korset
Eit offer, eit mord
Å Abraham
Gud ofrar son sin - for deg!


(Bilete: Jan Lievens - Abraham og Isak)

tirsdag 3. mai 2011

Drap med bismak

Det er mildt sagt ingen hemmelighet at USA har spora opp og drepe Osama Bin Laden. I ein stille og roleg landsby i Pakistan, blant menneske som ikkje ante at han var der, heldt han seg i skjul, heilt fram til natt til i går. Nyheita var nok kjærkomen for dei amerikanske generalane, og kanskje særleg for president Obama. Ei fjør i hatten, og kanskje nokre fleire veljarar til haustens presidantval?

Eg forstår godt at mange er letta over at Bin Laden er eliminert. Han var hjernen bak det forferdelege angrepet på World Trade Center i New York i 2001, og har vore ein jaga mann sidan den gong. Likevel er det med undring og vemod eg ser reportasjar frå USA, der menneske jublar og feirar drapet på terroristen.

No støttar eg slett ikkje terrorisme. Ikkje det spor. Eg meinar tvert om at vald og våpenbruk er av det vonde, og bør begrensast så sant som råd er. Då tvillingtårna i New York rasa, gjekk det ei sjokkbølge gjennom den vestlege verda. Samtidig kunne vi sjå tv-bilder frå Damaskus og Jordan og Afghanistan, der menneske jubla og feira. Over to tusen menneske vart drepne, og så såg nokon det som ein grunn til å feire? Det heile var ei ganske bisarr oppleving.

Ikkje mindre er det like bisarrt å sjå menneske i den vestlege del av verda, min del av verda, gå ut i gatene og feire at ein mann er blitt drepen. Dei to gatene, gata i Damaskus og gata i New York, smeltar saman, og eg registrerar nok ein gong at det er visst ikkje så stor skilnad på oss menneske, trass alt. Det eine folket er ikkje betre enn det andre.

Eit anna perspektiv som også må takast med, og som er meir alvorleg enn det at folk jublar, er det at her har dei drepe ein mann som ikkje vart kjent med Jesus. Dei tok frå mennesket alle sjansar til å møte tilgjeving og rensing for synd. Alle sjansar til å bli født på ny og bli kjent med Gud er no over. Mannen var terrorist, sant og visst, men var han mindre elska av Gud av den grunn? Hadde Gud gitt han opp? Eg trur ikkje det. Har vi andre då nokon rett til å ta livet hans, og ta frå han alle sjansar til å omvende seg?

Eg trur Jesus grein då Osama Bin Laden vart skoten. Nok ei tapt sjel.

mandag 18. april 2011

Instruksjonsboka

(Ei likning om liberal teologi)

Lengst inne i ein fjordarm, i ei lita og grisgrendt bygd, var det ein gong eit koseleg lite samfunn med jordbrukarar. Dei hadde fått jorda av kongen i den store byen, og hadde dyrka opp den marka dei kunne få tak i på den vesle plassen. I utgangspunktet visste dei ikkje korleis jordbruk skulle drivast, men kongen sendte frå tid til anna agronomar og andre fagpersonar inn til dei, heilt til dei hadde lært. Ein gong kom han til og med sjølv og besøkte dei, og lærte dei lure måtar å pløye jorda på. Alt det som fagpersonane og kongen sjølv kunne fortelje om drift av jorda, skreiv dei ulike bøndene ned etter kvart. Til slutt vart dei einige om å samle alle dei gode råda og instruksjonane i ei eiga bok, slik at alle kunne få del i all kunnskapen. Som tenkt, så gjort. Til slutt sat alle gardane med kvar si instruksjonsbok, og kunne kikke i den når dei trengte gode råd eller friske opp att gamal kunnskap.

Åra gjekk, og generasjon etter generasjon fortsatte å drive gardane i den vesle bygda. Sønene og døtrene lærte faget av sine foreldre, og instruksjonsbøkene gjekk i arv. Dermed vart kunnskapen og erfaringane ført vidare frå slekt til slekt.

Hundreåra gjekk, og folk levde arbeidsomme, strevsame og lukkelege liv på dei ulike gardane. Så ein dag var det ein av sønene som skulle ta over ein gard, som stilte seg svært tvilande til den kunnskapen han hadde fått lære, og til det han kunne lese i instruksjonsboka. Det er så lenge sidan boka er skriven, tenkte han, korleis kan eg vite at det som står der er den luraste måten å drive jordbruk på? No veit vi jo så mykje meir enn det dei visste då, det kan då umogeleg vere aktuelt lenger? Og korleis kan vi i det heile vite at alt er råd frå kongen, kan det ikkje like godt vere ideear bøndene på den tida kom på sjølve? Den unge mannen gøymde boka vekk i eit skap, og begynte å drive gården ut frå det han tykte måtte vere mest fornuftig. Han fekk også andre med på dei same tankane, så etterkvart var det mange bønder som gjekk nye vegar og begynte å eksperimentere med framgangsmåtane.

Ein meinte at det måtte då vere mykje lurare å så ut kornet før ein pløygde, ein annan sa at det var då slett ikkje sikkert at ein trengte så i det heile. Tredjemann tykte synd på oksane og hestane, så han slepte dei fri, og begynte sjølv å dra plogen. Fjerdemann tykte det var mykje kjekkare å ha fest og leve gode dagar, enn å sveitte og streve på åkeren. Dette såg naboane, og fulgte hans eksempel. Dei hadde ein vidunderleg fri og lukkeleg vår. Sommaren var deilig, med hagefestar og badeturar og konkurransar og bryllup og så mykje moro at dei heilt gløymte av heile jordbruket. Hausten var den mest avslappa dei nokon gong hadde hatt. Instruksjonsbøkene støva ned, saman med ubrukte rekneskapsbøker og ubrukt såkorn. Folket var lukkeleg, og meinte at dette måtte då vere ein mykje betre måte å leve livet på, enn den strevsomme og livskuande måten som kunne lesast i instruksjonsbøkene. Livet var endeleg godt å leve!

Så kom vinteren. Dei store kornsekkane begynte å bli slunkne, potetbingene stod ufyllte og stabbura var like tomme som då dei vart bygde. Plutseleg var det ikkje nokon grunn til å feire, og familie etter familie såg seg nøydde til å forlate gård og grunn og søke lukka ein annan stad. Til slutt låg bygda der brakk og stille. Husa stod tomme tilbake, og instruksjonsbøkene var det ingen som hugsa å ta med.

mandag 29. november 2010

Credo

Eg trur på Gud Fader, den allmektige, som skapte himmel og jord.
Eg trur på ein kjærleg og tilgjevande Gud, som bur i det høge og heilage, og hos alle nedbrutte syndarar som ropar på han. Eg trur på ein Gud som høyrer, både klagerop og stille bøner. Eg trur på ein Gud som ser og bryr seg om alle menneske. Eg trur på ein Gud som har eit hjartelag så stort at vi aldri kan fatte det. Eg trur på ein Gud som elskar meg så høgt at han var villig til å nedverdige seg og bli menneske.
.
Eg trur på Jesus Kristus, Guds einborne son, vår Herre, som vart avla ved Den Heilage Ande, fødd av Maria møy, vaks opp som menneske blant menneske, levde eit syndfritt og heilagt liv, viste oss den rette måten å leve på. Eg trur på Messias, min frelsar, som vart pint under Pontius Pilatus, vart krossfest, døydde og vart gravlagd, fór ned til dødsriket, stod opp frå dei døde tredje dagen, fór opp til himmelen, sit ved høgre handa åt Gud, den allmektige Fader, går i forbøn for alle sine barn og har eit hjarte som lengtar etter samfunn og kommunikasjon med alle menneske. Eg trur Jesus er den einaste sanne vegen til Gud, den einaste døra inn til himmelriket, ei sanning alle menneske må få høyre. Eg trur på ein allmektig Herre, som skal koma att og døma levande og døde. Alle menneske skal då bøye kne og erkjenne at Kristus er Herre til evig tid.
. .
Eg trur på Den Heilage Ande, ei heilag, allmenn kyrkje, eit samfunn av dei heilage, forlating for syndene, oppstoda av lekamen og evig liv. Eg trur Bibelen er rettesnor for livet og eit lys på vegen mot Himmelen.
.
Dette er mi tru, mitt credo.