torsdag 9. juni 2011

What was I supposed to be

Dette innlegget er skrive med tårer i augene, og ei smerte i hjartet mitt som eg ikkje veit å setje ord på. Heilt tilfeldig kom eg over denne musikkvideoen på youtube:




Som ein del av den hovudsakleg tause massen, som stilltiande lar udåd etter udåd finne stad, blir eg livredd når eg høyrer songar som denne. Historia kjem til å dømme oss nord og ned, det er eg sikker på, men det er ikkje det eg fryktar. Eg fryktar den dommen Gud vil setje over handlingane våre, både dei aktive og dei passive. Å så useieleg frykteleg den dommen kjem til å vere.

Men mest av alt får eg ei enorm skuldkjensle, for kvart vesle barn som må stille spørsmålet i songtittelen når dei møter Gud så altfor tidleg, og for kvar unge eller uforbereidde mor, som ikkje får støtte og hjelp til å ta vare på barnet sitt.

Gud, frels oss, vi veit ikkje kva vi gjer.

søndag 5. juni 2011

Kyrkja og seksualitet

For alle oss som har handla i ein daglegvarebutikk dei siste dagane, har det vore uungåeleg å legge merke til eit usmakleg sex-stunt i domkyrkja i Oslo. Organisasjonen "Fuck for forest" ynskte å sette fokus på kyrkja sitt forhold til seksualitet. Det var også ei slags støtteerklæring til avgåtte sokneprest Einar Gelius. (Edit: Kommentar frå Eyvind Skeie)

Dagbladet siterer ein av aktørane på følgjande måte: "Kirka har og begår fremdeles et stort overgrep mot dem som praktiserer seksualiteten og bruker naturen. Kirka har i en årrekke fratatt oss det som er det naturligeste i verden: kjærlighet og sex." For det første vitnar dette om stor kunnskapsløyse. På kva måte er det kyrkja tek frå "oss" kjærleik og sex?

For det første: Dei som ikkje ynskjer å ha noko med kyrkja å gjere, slepp å forhalde seg til den i det heile. Ein kan melde seg ut, la vere å bruke kyrkjerommet og elles distansere seg mykje ein ynskjer. Det er ikkje religionstvang i Noreg, det er religionsfridom. Med andre ord: Kyrkja kan ikkje, og vil sjølvsagt heller ikkje, ta verken kjærleik eller sex frå nokon som helst som ikkje vil ha noko med kyrkja å gjere.

Spørsmålet om det å bli fråteken kjærleik og sex, må då gjelde dei som ynskjer å vere i kyrkja, og lar kyrkja si lære vere autoritet i liva sine. Kven er desse menneska? Jo, må ikkje det vere dei kristne, dei som er døypte i kyrkja og ynskjer å leve liva sine nær Jesus? Det er jo desse menneska kyrkja si lære er aktuell og viktig for.

Eg er ein av desse menneska som høyrer til i kyrkja. Eg ynskjer å la den bibelske læra vere autoritet i livet mitt. For meg er det difor viktig å vite kva kyrkja lærer om seksualitet og kjærleik, og la kyrkja si lære vere autoritet i livet mitt. (Av naturlege årsakar må eg i det vidare sjå vekk frå den liberale delen av kyrkja, sidan dei på mange felt vik frå det som er kyrkja si klassiske lære) Kva er det så kyrkja lærer om seksualitet?

For det fyrste lærer vi at det er Gud som har skapt seksualiteten og kjærleiken. Seksualiteten er difor ikkje av det vonde, tvert om. Det er noko godt, noko gudgitt. Seksualiteten er ein naturleg del av det å vere menneske, og Gud la denne eigenskapen ned i menneska heilt frå skapinga av.

I opphavet, slik Gud skapte oss, hadde vi eit naturleg forhold til eigen og andre sine kroppar. Dette kan vi lese om i skapingsfortellingane i Bibelen. Gud skapte oss nakne, og ingen skamma seg over det eller følte det var unaturleg. Det å skamme seg over kroppen kom som eit resultat av syndefallet. I det vi vende oss vekk frå Gud, oppdaga vi at vi var nakne. Vi begynte å dekke oss til, og skjule oss for kvarandre.

Vidare kan vi lese at Gud laga klede til menneska. Han forstod kva for ein situasjon dei var i, og at dei ynskte å skjule seg. Han måtte jage dei ut av Edens hage, ut av det paradiset dei hadde levd i. Likevel forlot han dei ikkje. Menneska snudde seg vekk frå Gud, men Gud har aldri snudd seg vekk frå oss!

Gud gav dei altså klede, slik at dei skulle sleppe å skamme seg. Frå då av har det å vere kledd og tildekt vore ein naturleg del av den menneskelege seksualiteten. Å vere nakent er sårbart, det er skummelt. Kun ovanfor den som står ein aller nærast tør ein vise sitt sanne eg fullt og heilt.

Gud innstifta ekteskapet som ei ramme for seksualiteten, slik at den skulle kunne utfolde seg i trygge omgjevnader.

Kyrkja sin etikk er i dag forma mykje ut frå skapingsfortellingane, men også ut frå det Jesus lærte om rett liv, og dei læresetningane vi kan lese om temaet ulike stadar i brevlitteraturen. Oppsummert er kyrkja si lære (tradisjonelt) slik:
1) Ekteskapet mellom mann og kvinne er ramma for utfalding av seksualiteten.
2) Seksualiteten er ei positiv gåve frå Gud.
3) Seksualitet som vert misbrukt er eit brot på Guds heilage bod. Det vil seie å krenkje sin eigen og andre menneske sin seksualitet.

At organisasjonen "Fuck for forest" også trekk inn kjærleiken, og seier kyrkja tek frå oss denne, grensar nesten til det komiske. Er det ikkje nettopp kjærleiken som er sjølve nøkkelen til å forstå kristendommen? Guds offer, Jesus som døyr for menneska si skuld, er den største kjærleikserklæringa eg veit om. Jesus seier også at det største bodet av alle høyres slik ut: "Du skal elska Herren din Gud av heile ditt hjarte og av heile di sjel og av alt ditt vit.' Dette er det største og første bodet. Men det andre er like stort: ' Du skal elska nesten din som deg sjølv.' På desse to boda kviler heile lova og profetane." (Matt 22, 37-40)

Kjærleik er det ordet som best kan skildre Gud, og best kan skildre det forholdet han ynskjer at vi mennesker skal ha til kvarandre. Å krenkje andre menneske sine heilage rom er ikkje eit uttrykk for kjærleik. Det er tvert om eit uttrykk for forakt, og, i dette tilfellet, kunnskapsløyse.

Den som ikkje elskar, har aldri kjent Gud, for Gud er kjærleik. (1 Joh 4, 8)

søndag 29. mai 2011

Oppstoda og vitenskap

For mange er læra om oppstoda den største støytesteinen i møte med kristendommen. All menneskeleg erfaring seier oss at døden er irreversibel. Er ein død, så er alt liv borte. Så kjem kristendommen og hevdar det er mogeleg å stå opp att etter at ein er død! Ulogisk, ut frå all vitskapleg tenking.

Likevel er dette hovudpunktet i kristendommen. Viss ikkje Jesus har stått opp att frå døden, er all kristendom bortkasta, og vi som kallar oss kristne, dei største tåpene av alle. Slik er det vel mange ser på oss også, fordi ein ikkje reknar med oppstoda.

Spørsmålet blir difor: Kan oppstoda verkeleg ha skjedd? Kan Jesus ha stått opp att, trass i det umoglege i ein slik påstand? Eg kom over ein kronikk i Aftenposten i dag, der professor Janne Haaland Matlary reflekterer rundt akkurat dette spørsmålet. Her presenterer ho svært kloke tankar rundt spørsmålet, og set ord på ein del av dei tankane eg sjølv har kring dette spørsmålet.

Hovudsakleg meinar eg oppstoda er svært mogeleg, trass i at ein ikkje kan bevise den vitskapleg. Eg føreset trua på ein allmektig og skapande Gud, som har forma jorda og tilført alle naturlovene. Eg trur det var Gud som skapte gravitasjonskreftene, at det var Gud som sette fotosyntesen i gong, at det var Gud som bygde saman atomstrukturar, molekylstrukturar og cellestrukturar. Eg trur Gud bygde heile universet frå grunnen av, tilførte det orden og lovmessigheit, og konstruerte eit samspel så komplisert at det umogleg kan vere tilfeldig.

Gud har altså den heile og totale kunnskapen om universet, sidan han har laga det. Han veit kva som er utanfor vårt univers. Han veit kva som finst inni kvarkane i atoma. Han veit kvifor alle ting vert dregne mot kvarandre ved gravitasjon. Han har svaret på alle dei vitskaplege spørsmåla som vi endå ikkje har løyst. Han veit til og med svara på alle dei spørsmåla som endå ikkje er stilte! Eg trur Gud er ein meisterbyggjar, ein organisator av dei sjeldne (faktisk eineståande!). Og eg er utruleg glad for at han ikkje skreiv ei bok som han kalla "Slik fungerer alle naturlovene", slik at vi fekk fasitsvara opp i handa. I staden skapte han oss med ein ufatteleg komplisert hjerne, med evner til logisk tenking og forsking, og ei trong til å finne ut av verda. Takk, Gud, for at du skapte evna til å tenkje!

Denne Gud, med den fulle oversikten, skulle det ikkje kunne vere mogleg at han kjenner til lover som vi ikkje ein gong har tenkt på? Skulle det ikkje vere mogleg for han å vinne over døden, han som kjenner alt og veit alt? Eg trur Gud er mykje større enn alle våre tankar, same kor kloke dei skulle vere. For Gud er det inga sak å gå ut av dødsriket, og komme tilbake med ein herleggjort og forvandla kropp.

For våre hjernar er oppstoda umogleg. Vil det seie at den er umogleg for Gud?

lørdag 28. mai 2011

Det som er bra

Gårsdagens innlegg vart eit einaste langt sukk. I dag tenkte eg at eg skulle snu flisa, og sjå på alle dei positive sidene ved kyrkja og kristenliv i Noreg. Eg kan sjølvsagt ikkje nemne alt, det er jo så mykje bra som skjer. Nok ein gong må eg ta utgangspunkt i eigne erfaringar og kunnskapar. Eg veit sjølvsagt lite om det andre opplever.

Eg vil begynne med bibelskulane. Bildøy, Grimstad, Acta, Fjellhaug, Fjelltun, Fjellheim osv. Det er så mange gode skular med dyktige og fokuserte lærarar. Sjølv kjenner eg best til bibelskulen på Bildøy utanfor Bergen. Dyktige lærarar som gjorde alt dei kunne for å gje oss unge håpefulle god innsikt i Bibelen og trua. Eit uvurderleg år, og slik opplever nok mange det.

Vidare har vi mange vidaregåande skular med kristent verdigrunnlag og ein stab som ynskjer å formidle kristenlivet til elevane. Mange ungdommar får på desse internatskulane møte andre truande ungdommar i eit trygt miljø. Her får ein regelmessig påfylling for trua. Viss ein vil. (Mange meinar dette er getto-skular, men om lag halvparten av dei som går på skulane er ikkje-truande. Det vil seie at fordelinga truande/ikkje-truande er annleis enn i samfunnet elles, men elles er det mykje likt.)

Så har vi mange misjonsorganisasjonar, som driv arbeid blant både barn, unge og vaksne, og som sender ut misjonærar til andre kulturar. Her driv dei både humanitært og forkynnande arbeid. Eksempel på dette er NLM, Normisjon, Misjonsalliansen, IMF. Sistnemnte sender ikkje ut misjonærar, men driv eit stort og viktig arbeid for blant anna barn og ungdom på mange leirstadar og lokallag.

Av andre organisasjonar, kan eg nemne KRIK, Søndagsskulen og NKSS (Laget).

Frelsesarmeen er eit kyrkjesamfunn med tydeleg profil, og eit utstrakt hjelpearbeid blant dei svakaste i samfunnet.

Norea radio og eit tital lokalradioar over heile landet, som kvar dag formidlar Guds ord inn i heimane.

Alle dei frivillige som gir av tida si til leirar, barnelag og foreningar, ungdomsklubbar og møter.

Alle trufaste besteforeldre og foreldre som kvar dag foldar hendene sine i bøn for born, borneborn og andre, og som dagleg deler Guds ord med borna sine.

Alle prestar som viser sjelesørgerisk omsorg for gamle og sjuke, som kvar søndag leiar kyrkjelyden i gudtenesta, og som døyper borna og deler ut brød og vin ved nattverdbordet.

Alle dei som kvar morgon ynskjer å ta sitt kors opp og fylgje Jesus, alle dei som ynskjer å dele trua si med andre. Alle dei som kvar kveld ber om nåde for dagens feiltrinn.

Alle dei som forsøker å elske sine medmenneske slik Jesus gjer.

Alle dei som elskar Jesus.

fredag 27. mai 2011

Trist utvikling

Det er leit å sjå korleis teologien utviklar seg i Den norske Kyrkja. Sakte men sikkert skjer det ei bortgliding frå Bibelen som fundament og rettesnor, og sakte (men likevel i skremmande tempo) skjer det ei haldningsendring. Mitt inntrykk er at fokus i dag er meir på det å vere ein sjelesørgerisk og seremonell institusjon. I mange kyrkjer (i alle fall i dei fleste kyrkjene eg har vore i) er det det eg kallar "blodfattig" undervisning. Vi som kallar oss kristne og ynskjer å leve etter Jesu lære, får sjeldan mykje matnyttig i gudstenestene i kyrkja. Kanskje er det berre eg som opplever det slik? Eg veit ikkje.

Eg veit i alle fall at hadde det ikkje vore for bibelgruppa mi, møtene på bedehuset, eigne studier og bibelcamping om sommaren, så hadde eg slite med å halde fokus på Jesus. Akkurat det syns eg likevel er vanskeleg, men eg får dessverre lite hjelp i gudstenesta!

Ein logisk grunn til utviklinga, er at staten styrer mange av dei viktigaste ansetjingane i kyrkja. Biskopane, for eksempel, er det jo regjeringa som set inn. At dei har andeleg vekst og bibeltruskap i fokus når dei vel personar til biskopar, er eg svært i tvil om.

Ein annan grunn er utdanningsinstitusjonane som gir prestane opplæring. Desse er svært ofte liberale og lite fokuserte på bibeltruskap. Det ferskaste eksempelet på dette kunne eg lese i denne artikkelen i Vårt Land i dag. Trist. (Edit: Her kan du lese intervju med Rolf Kjøde, generalsekretær i Normisjon, om hans syn på denne saka)

No kan det hende det sit svært mange rundt om i landet som kjenner det er oppbyggeleg og trusstyrkande å delta i gudstenesta. Eg håpar i alle fall det er mange bibeltru prestar der ute, som ynskjer å gje kyrkjelyden noko meir matnyttig enn svada, liberal teologi og vissvass (jada, eg veit eg brukte tre synonyme ord, men eg ynskte å understreke poenget).

Og så håpar eg stat og kyrkje skil lag så fort som mogeleg. Det er på høg tid at kyrkja får styre i eige hus. Vil ein miste mange medlemer då? Absolutt. Er dette negativt? Kanskje økonomisk, men ganske sikkert ikkje andeleg. Det er på høg tid at kristne i Noreg får skikkeleg opplæring i bibelske sanningar, og får delta på gudstenester som fører oss nærare Jesus og hans vilje med liva våre.

Ei oppfordring: Les i bibelen! Finn ut kva som står, og prøv presten sine ord mot det som står der. Berre dei som talar i samsvar med Bibelen, er verdt å låne øyre til.

onsdag 25. mai 2011

Crucified with Christ

As I look back on what I thought was living
I'm amazed at the price I choose to pay
And to think I ignored what really mattered
Cause I thought the sacrifice would be too great
But when I finally reached the point of giving in
I found the cross was calling even then
And even though it took dying to survive
I've never felt so much alive.

Chorus

For I am crucified with Christ and yet I live
Not I but Christ that lives within me
His Cross will never ask for more than I can give
For its not my strength but His
There's no greater sacrifice
For I am crucified with Christ and yet I live

As I hear the Savior call for daily dying
I will bow beneath the weight of Calvary
Let my hands surrender to His piercing purpose
That holds be to the cross but sets me free
I will glory in the power of the cross
The things I thought were gain I count as loss
And with His suffering I identify
And by His resurrection power I am alive

Chorus

Bridge

And I will offer all I have
So that His cross is not in vain
For I found to live is Christ
And to die is truly gain


(Phillips, Craig & Dean)


Her er songen framført (frå youtube):

tirsdag 24. mai 2011

Statsstøtte som våpen

Eit NLM-arrangement har kansellert avtalen med artist Maria Merete Trøen, etter at dei fann ut at ho skal synge årets "Pridelåt" på Skeive dagar. Dette er i seg sjølv ei ganske logisk avgjerd, sidan Skeive dagar og det dei står for bryt kraftig med dei etiske normene i NLM. Dei står for to så ulike syn på homofilt samliv, at dei ikkje kan foreinast.

Leiar for LLH er raskt ute og seier at dette bør få konsekvensar for statsstøtten til NLM. Grunngjevinga er at NLM er "intolerante" og står for andre verdiar enn det regjeringa gjer. I seg sjølv er jo dette ein ganske hårreisande påstand. Skal alle som står for andre verdiar enn dei regjeringa har, miste statsstøtta? Vil det då seie at viss for eksempel Krf skulle komme til makta, så bør dei stoppe statsstøtta til LLH? Nei, det blir jo heilt vanvittige tilstandar i norsk politikk viss det å vere på same linje er avgjerande for å få statsstøtte.

Tilsvarande kan ein jo tenkje seg at LLH kan havne i same situasjon som NLM er i no. Kva om for eksempel ein av hovudartistane under Skeive dagar gjekk ut i avisene nokre dagar i førevegen og hevda at alle homofile lever i synd og burde blitt blitt behandla, slik at dei endra legning. Kva ville LLH-leiinga gjort då? Ville denne artisten fortsatt blitt godt motteken under arrangementet deira? I så fall, er det ganske inkonsekvent politikk, sidan LLH sjølve kjempar mot slike haldningar.

Er LLH "intolerante" viss dei då avlyser avtalen? Nei, eg trur ikkje det. Dei fylgjer berre si eiga linje. Eg ser det som sjølvsagt at LLH gjer avtalar med personar og artistar som står på deira eiga linje. Akkurat slik NLM gjer det.

Toleranse er eit vanskeleg omgrep, som mange misbrukar. Det er ikkje intolerant å kansellere avtalar med artistar som bryt med eins eige verdigrunnlag. Det er konsekvent.

Toleranse handlar om å tolerere at vi er ulike, har ulike meiningar og haldningar. Eg tolererer LLH sitt arbeid. Dei er ein del av norsk organisasjonsliv, og har full rett til statsstøtte. Så lenge dei fylgjer spelereglane i samfunnet, har dei rett til eksistens og drive med sine aktivitetar. Eg er likevel ikkje einig med dei. Eg står for andre verdiar og etiske normer. Kan LLH tolerere det?

Er det plass til oss verdikonservative i det norske samfunnet? Kan vi bli tolererte? Kan dei som meinar andre ting enn NLM, likevel akseptere at dei får statstøtte til sitt arbeid. Eller er vi blitt eit samfunn som faktisk er intolerant, i den tydinga at alle må meine det same som dei som styrer for å kunne få støtte?