lørdag 13. juni 2015

Tablå



1
det er eit sørgjeleg syn
eit tragisk bilde;

eg høyrer lyden av slipte knivar
og lammet, i midten – eit offer

rundt står det vanlege menneske,
groteske i alt sitt uvit




2
det er eit skremmande syn
eit svartmalt bilde;

eg ser blodet på marka, og smerta
som eit andelaust klynk i mørket

rundt står det vanlege menneske,
tafatte i all sin udåd




3
det er eit mektig syn
eit hittil ukjent tablå;

eit lam fell tungt mot jorda,
ei løve stig fram i morgongryet

rundt står det vanlege menneske;
gjennom døden gjekk vegen til livet




Joh 1, 36: Då såg han Jesus koma gåande og sa: «Sjå, der er Guds lam!»

lørdag 6. juni 2015

Stråle for


det er ein veg gjennom natta
i terreng ingen menneske kjenner

du går på kne, ber om lys,
medan Ordet fell over stien 

her er vegen, seier eg
og vinkar deg inn i lyset




Salme 67, 2-3: 
Gud vere oss nådig og velsigne oss,
          Gud la sitt andlet lysa for oss!
 
Då skal din veg bli kjend på jorda,
          di frelse mellom alle folkeslag.

søndag 31. mai 2015

Nytt syn







I same stunda jubla han i Den Heilage Ande og sa: «Eg lovar deg, Far, Herre over himmel og jord, fordi du har løynt dette for vise og vituge, men openberra det for umyndige. Ja, Far, for dette var din gode vilje.

Luk 10, 21 
 

mandag 25. mai 2015

Kor det er

Sanneleg, sanneleg, eg seier dykk: Den som trur, har evig liv. (Joh 6, 47)



det er ikkje i svevet
det er ikkje i fallet

det er ikkje i distansen
eller djupet

det er ikkje i tredimensjonale linjer
eller i tida som renn i timeglaset

det er ikkje i mengda
heller ikkje i mangelen

det er ikkje i kysset
det er ikkje i slaget

det er ikkje på vegen
opp eller ned, fram eller tilbake

det er ikkje på kontoen din
det er ikkje i lomma, eller i auga

det er ikkje ein gong
i ditt eige hjarte, eller i din eigen tanke –

det ligg fast, som grunnfast
i noko utanfor alt dette

og du, du kan rette ut handa,
la det sildre gjennom livet ditt

om du vil
 

søndag 24. mai 2015

Dobbeltsyn



eg har to sett auge,
to sett tankar:

eitt som filtrerar lyset
etter dei elektromagnetiske lovene

eitt som filtrerar verda
gjennom ord som ikkje er mine

to auge, som ikkje overlappar
men ser alt som frå ulike dimensjonar –

tankane svevar i sine eigne baner,
er bundne til verda – som ved gravitasjon

og så er det dei andre, dei framande
som er mine på eit sterkare plan:

dei som bryt med alt som er mitt,
og krev sanning, krev nåde, krev truskap

krev å få fargeleggje verda
med godleik frå Guds eige hjarte –





Då vil eg be Far min, og han skal gje dykk ein annan talsmann, og han skal vera hos dykk alltid: Sanningsanden, som verda ikkje kan ta imot. For verda ser han ikkje og kjenner han ikkje. Men de kjenner han, for han bur hos dykk og skal vera i dykk.
Joh 14, 16-17 

 

lørdag 23. mai 2015

Likevektslova



det er samanhengen eg held fram,
den usvikelege logikken;

at det som renn inn
er det same som kjem ut -

at det du fyller oppi glaset
er det du får å drikke,

at orda du puttar i øyret
seinare kjem ut frå munnen

at det gode du gjer i verda
er det du har fylt i hjartet  




Joh 7, 37-38: Siste dagen i høgtida, den store festdagen, stod Jesus fram og ropa: «Den som tørstar, skal koma til meg og drikka. Den som trur på meg, frå hans indre skal det, som Skrifta seier, renna elvar med levande vatn.»