eg har to sett auge,
to sett tankar:
eitt som filtrerar lyset
etter dei elektromagnetiske lovene
eitt som filtrerar verda
gjennom ord som ikkje er mine
to auge, som ikkje overlappar
men ser alt som frå ulike dimensjonar –
tankane svevar i sine eigne baner,
er bundne til verda – som ved gravitasjon
og så er det dei andre, dei framande
som er mine på eit sterkare plan:
dei som bryt med alt som er mitt,
og krev sanning, krev nåde, krev truskap
krev å få fargeleggje verda
med godleik frå Guds eige hjarte –Då vil eg be Far min, og han skal gje dykk ein annan talsmann, og han skal vera hos dykk alltid: Sanningsanden, som verda ikkje kan ta imot. For verda ser han ikkje og kjenner han ikkje. Men de kjenner han, for han bur hos dykk og skal vera i dykk.
Joh 14, 16-17
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar