det er samanhengen eg held fram,
den usvikelege logikken;
at det som renn inn
er det same som kjem ut -
at det du fyller oppi glaset
er det du får å drikke,
at orda du puttar i øyret
seinare kjem ut frå munnen
at det gode du gjer i verda
er det du har fylt i hjartet –
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar