søndag 12. juli 2015

Synsvinklar




1
lette sommarfuglvengjer
stryk over hjarteveggen

det var denne stemma, desse orda
eg lengta etter å høyre

det var dei eg trengte
utan å vite det

2
han som står her under treet
med auge som ser – alt

veit korleis murar vert bygde
og korleis dei skal rivast

han som står her, ser framtida
sjølv i forkrøpla hjarte

3
og så er det dei som står rundt
med sine plaster og krykkjer og sår

så raske til å rope ut
om flengjene i andre si sjel

så blinde for det reflekterande
måneskinet, som no kan nå også dei




Luk 19, 5-7: Då Jesus kom dit, såg han opp og sa til han: «Sakkeus, skunda deg og kom ned! For i dag lyt eg ta inn i ditt hus.» Då skunda han seg ned og tok imot Jesus med glede. Alle som såg det, murra og sa: «Han tek inn hjå ein syndig mann.»

søndag 5. juli 2015

Eg ser kven du er



eg ser kven du er
i kjærleiken,
at du ikkje vik med blikket
men held meg fast,
let meg tru
at eg er noko
for deg

eg ser kven du er
i nåden,
at det som tyngjer meg
ikkje får dra meg ned,
men at du lyfter det av,
gir meg ein ny sjanse
endå ein gong –

eg ser kven du er
i kallet,
at eg ikkje går aleine
på denne steinete vegen,
men har ei støtte, ei stemme
som leier og ber meg
framover – heile tida framover

eg ser kven du er
i livet,
det myldrande livet
som strøymer som ei elv
rundt og over meg, på alle kantar
i alt dette som du har skapt
ved ditt ord

eg ser kven du er
i døden,
når siste pusten siv ut
og siste ordet er sagt
og siste steget gått
på vegen som var meint for meg,
då er du der
tek imot meg
med opne armar





Matt 16, 15-16: «Og de», spurde han, «kven seier de at eg er?» 16 Då svara Simon Peter: «Du er Messias, den levande Guds Son.»

søndag 28. juni 2015

Vaklande, solid




eg som alltid vakla
mellom eigne svik
og eigne mistak

eg som alltid var svak,
vingla mellom meiningar –
vende blikket dit vinden blas

eg som alltid bøygde av
ved første motstand,
snudde ved første hinder

og gjekk dei enklaste vegane
som likevel aldri førte fram
dit eg burde

eg, dette egosentriske vesenet
med korthustankar og
falleferdige draumar –

og så skulle eg likevel oppleve dette;
ein siger – trass i alt
som er meg og mitt:

i mørkaste natta, i hardaste stormen
finn eg meg oppreist, stødig
som ein betongkoloss imot vinden

stødig, om enn på vaklande bein,
for grunnen eg står på er fast;
det er nokon – nokon større

som held meg oppe




Matt 7, 24-25: Den som høyrer desse orda mine og gjer etter dei, han er lik ein klok mann som bygde huset sitt på fjell. Regnet silte, elvane fløymde, og vindane bles og slo mot huset. Men det fall ikkje, for det var tufta på fjell.

søndag 21. juni 2015

Lengtande blikk

1 
desse lengtande blikka,
orda som aldri får tak;
eg strekk hendene fram
grip det hjartet attrår
og trykkjer det tett til brystet,
legg det forsiktig
saman med alle mine skattar

og dei lengtande blikka
i mørket – flammar som strekk seg
stadig nærare;
eg veit utfallet av denne kampen
men kan ikkje anna
enn vakte kammeret
dag ut, dag inn, år etter år

lengtande blikk, kva er det de vil,
kvifor stemner det meg
som for retten?
dagar går, veker går
eg er ein skugge av meg sjølv,
låst til denne døra
og alle skattane – mine vakre skattar
på andre sida, som magnetisme



2
ikkje før eg vaknar siste natta
og kjenner att dei lengtande blikka
som mine eigne,
ikkje før orda trengjer gjennom
frå min eigen munn
og eg forstår; eg er aleine –

ikkje før eg riv opp boltane
låser opp kvar einaste lås
og skyv opp døra,
ikkje før eg ser at døra er ein fasade,
bak finst det ingenting – alt er borte;
ikkje før eg ser at alt eg vakta
var luft
vert eg fri



Matt 16, 26: Kva gagnar det eit menneske om det vinn heile verda, men taper si sjel? Eller kva kan eit menneske gje til vederlag for si sjel?