torsdag 8. desember 2016

Gjetarguten #8: Taus under tusen blikk


den vesle byen
søv i stilla
før morgongry

endå uvitande
om det store mirakelet
som viklar seg ut

i stilla i løynd
medan resten av universet
held pusten


onsdag 7. desember 2016

Gjetarguten #7: Merkesteinar


sti med steinar
velkjente former
i urgamle rammer

forma i mørket
brakt fram i lyset
merkesteinar langs denne vegen

som fører oss fram
frå mørket
og inn i lyset

frå der vi var
i vår eigen kvardag
og heilt inn
til det aller heilagaste rommet


tirsdag 6. desember 2016

Gjetarguten #6: Vegval


lyset glir ut
vert ein horisont
å balansere på

kanskje

falle
til eine sida
der vegen fører vekk
herfrå
og inn (eller ut)
mot noko nytt

eller

til andre sida
der marka igjen vert mark
og sauene igjen
vert sauer
og livet igjen
vert liv
og lyset eit bleiknande minne
å varme seg på

kanskje

angre, eller ikkje
same kva side ein vel