søndag 9. april 2017

Bøker lest: Mars 2017


Mars månad er for lengst forbi, og her er lista over bøker som vart konsumerte i løpet av månaden:

1) Monica Boracco Borring: Trigger. Denne boka høyrde vi i bilen på veg til Bømlo i vinterferien. Ei spennande bok, retta mot hesteinteresserte tweens.

2) Helga Flatland: Bli hvis du kan (Trilogien). (Les omtale)

3) Lars Mæhle: Jag är supermann! (Les omtale)

4) Gro Dahle: Megzilla (Les omtale)

5) Carolyn Keene: Frøken Detektiv og legenden om klokken. Denne boka høyrde vi i bilen på veg heim att frå vinterferie på Bømlo... Eit kjekt gjensyn med ein gamal helt. Eg slukte ein god del Frøken Detektiv-bøker i løpet av barneskuleåra.

6) Marit Kaldhol: Z for sorry (Les omtale)

7) Edvard Hoem: Land ingen har sett (Les omtale)

8) C.S. Lewis: Legenden om Narnia (Bok 1-7). Dette har vore høgtlesingsbok for Lise denne vinteren, og no kom vi altså til vegs ende. Å reise saman gjennom heile Narnia si historie, frå skaping til undergang, er ei fantastisk oppleving. Bilderikdomen, symbolbruken og dei flotte karakterane gjer denne boka til ei av mine absolutte favorittar. (Og utanom Bibelen, Steingrunnen og Gjenglederen Nicky Cruz, er nok dette den boka eg har lest flest gongar!)

9) Torbjørn Moen: Mannen i prøverommet (Les omtale)

10) Pia Strømstad: Do - ei stinkande reise gjennom bæsjens historie (Les omtale)


Palmesøndagshjarte







Joh 12, 15:  
Ver ikkje redd, dotter Sion! 
Sjå, kongen din kjem, 
ridande på ein eselfole.

 

søndag 2. april 2017

Ein gordisk knute for trua



eg klarar ikkje fatte
dette offeret,
denne blinde trua
på Herrens ord
og ikkje minst: lydnaden

eg klarar ikkje sy saman tankane mine
om dette
til eit bilete eg kan forstå
og kjenne att som eit bakteppe
for mine eigne handlingar

korleis er dette mogleg?
eg ville ikkje kunne gjere
det same,
endå trua mi er fast
på både Guds heilagdom
Jesu offer
og oppstoda frå døden –

og kanskje er det nettopp dette
som set grensene for mi forståing;
offeret er gjort
ein gong for alle,
Gud vil ikkje krevje blod – ein gong til

eg kan kvile i dette
som Abraham berre såg ein flik av,
og trua hans var klippefast
- sterkare enn eg kan fatte
på den same oppstoda
vi begge set vår lit til


tirsdag 28. mars 2017

Edvard Hoem: Land ingen har sett

Edvard Hoem fortset slektskrøniken, og dette er tredje boka i serien. Vi fyljer bestefaren Anton Edvard og grandonkelen Eilert inn mot første verdskrigen og vidare inn i dei harde tjueåra.

Vi får blant anna vere med på sildefiske, kapproing, kyrkjebygging, innhausting, besøk i gamlelandet, haugevis av barnefødslar og ei kvinne som stikk av og endeleg får ro i sjela i møte med det audslege landskapet Ravenscrag i Canada.

Vi får også eit klart bilde av kva jernbaneutbygginga i Nord-Amerika hadde å seie for nybyggarkoloniane.

Boka gir eit nært og interessant blikk inn i ein uroleg periode av verdshistoria, og sjølv om det er si eiga slekshistorie forfattaren fortel, gjer han det på ein måte som gjer stoffet allment og viktig også for oss andre. Like mykje som det er historia til Hoem-familien, er det historia om korleis nordmenn levde og overlevde for hundre år sidan, og kva utvandringa til Amerika gjorde med både dei som drog og dei som vart att.

Eg likar Edvard Hoem sin stillferdige og stilsikre måte å fortelje på, og gler meg til fjerde og siste bok i serien!

lørdag 25. mars 2017

I hans tid


det er rart med denne tida
kor umerkeleg den sig av stad
som ei elv
gjennom omskifteleg landskap

og det er rart, kor alle ting endrar seg
let seg føre med i straumen
skiftar form, skiftar farge
skiftar ham medan tidene går

og vi tenkjer: slik og slik
burde alle ting vere,
og stiller spørsmål ved elva
og landskapet, målet og orda

under brennande sol
ropar vi våre forbanningar
og stønnar under tunge bører
men smiler når vinden er mild;

så var det då Ein som kjente tida
og Ein som kjente staden
og Ein som visste måten, vegen
og sette alt  i rette stand – slik

at det no er mogleg å sjå i perspektiv
frå vår stad i strie straumen:
at elva fører fram til sjølve havet
for demningen vart knust i rette tid



søndag 19. mars 2017

Eg tenkjer og gløymer




eg tenkjer på alle venene
alle gode kameratar
som leika saman
i gatene i Nasaret

og lærarar som hadde
Jesus på skulebenken,
bad han sitje i ro
og repetere leksa høgt

eller alle dei som såg han
bygge hus, saman med faren
kunne sjå desse to
samarbeide om nye byggverk

og eg tenkjer på alle tusen
som høyrde rykta gå
om denne nye, radikale
rabbien frå Galilea

dei såg han passere byar
og småstadar – på vandring
blant alle menneska han kalla
sitt folk

tenk å vere ein av dei han snakka med
såg på, gjekk saman med
langs støvete vegar og stiar
og sat til bords med om kvelden –

så eg tenkjer og tenkjer – tenk om…
og gløymer (men også – kjem på!)
at eg er ein av desse som går
gjennom livet ved Meisterens side