På mange måtar tek Ildefonso Falcones opp tråden der han slapp etter "Havets katedral" for vel ti år sidan i denne nye romanen. Me møter att Arnau Estanyol, hovudpersonen, og også Roger Puig - sonen i familien som Arnau leia ut i ruin. Roger Puig er ute etter hemn.
Hovudpersonen i "Jordens Arvinger" heiter Hugo Llor, og er ein fattig gut som Arnau Estanyol tek under sine vengjer. Gjennom gleder og sorger, motgang, medgang og kjærleik fyljer me Hugo sin kamp for tilværet i eit Barcelona der du ikkje får noko gratis. Vald og maktkamp er ein naturleg del av tilværet, og Hugo Llor kjem raskt ut i hardt vêr.
Andre personar me vert kjent med er slavane Barcha og Caterina, som begge vert viktige personar i Hugo sitt liv. Me møter også søstera Arsenda, som veks opp som tenestejente i eit kloster. Ho vert trekt stadig meir inn i klosterlivet, der ikkje alt er berre fryd og gaman. Også den vesle, foreldrelause babyen Mercé, som Hugo etter kvart får ansvaret for, set sitt sterke preg på historia.
To andre viktige personar er Dolca og Regina, to jødiske jenter som på kvart sitt vis fyljer Hugo gjennom både oppveksten og det vaksne livet. I tillegg til desse innehar boka eit svært rikt persongalleri.
Medan lukka svingar for Hugo, og det stadig dukkar opp nye utfordringar, vert me også vitne til storpolitikken i regionen. Catalonia er eit av mange småriker på nordvestkysten av Middelhavet, og det er stadig både krigar, intriger og utskifting av maktpersonar. Mykje av det som skjer i dei store linjene, er historisk korrekte hendingar. Falcones syr sine oppdikta personar inn i dei historiske hendingane, og dermed vert det ikkje berre underhaldning, men også god lærdom om politiske, rettslege og kvardagslege tilhøve i Barcelona på tidleg 1400-tal.
Viss du likte "Havets katedral", er dette garantert boka for deg. Den er like spennande, og like uforutsigbar i alle sine overraskande vendingar! "Jordens arvinger" er ein koloss av ei bok, med nesten tusen sider, og inneheld mykje godt stoff for lange lesestunder!
torsdag 6. desember 2018
søndag 2. desember 2018
Du møter meg i stilla
Du møtte meg i stilla
eg er der ser du
meg?
til høgre for det kvite huset
midt i folkemengda
eit par centimeter frå sentrum av bildet
der står eg
ropar og peikar
du ser vel at eg veiftar med hendene
og er heilt med
for eg er i folkemengda
og veit kva som skal skje –
forventningane har bygd seg opp
gjennom årevis med prat og store auge
ja, eg er der, auga mine er store
du ser vel kor ivrige dei er? kor eg gaular
som alle dei andre?
no, når eg ser på bildet, undrar eg –
- om eg visste framhaldet
kor vegen
skulle gå og ende
ville eg då ropa så høgt
eller ville eg glidd stille vekk i frykt?
ville du då likevel møtt meg
i stilla etterpå
og vaska vekk skamma
slik du gjorde
og tørka tårene mine
slik du gjorde
og halde meg inntil deg
og kviskra slik du gjorde; det er fullbrakt
du er fri
då óg?
søndag 25. november 2018
Vak i denne natta
det kjem ei natt
då auga vil gli att
og søvnen kjem listande
som ein fiende, ei tåke, ein
hypnotisør
utan eigen vilje
og eg vil prøve å kjempe imot
men bukke under for presset
då, Herre, då
meir enn nokon gong før
treng eg di kraft til å kjempe ein kamp
mot tida, mot verda, mot
meg
sjølv først og fremst
for du kjenner meg
du har sett inn i mine inste
lengslar
og veit at eg trur
og lengtar etter å møte morgongryet
vaken, ståande på kne framfor deg
og du kjenner den sviktande meg
å, kor eg fryktar det svikande hjartet
at eg ikkje skal halde mål –
Herre, vekk meg, støtt meg, hjelp
meg
i møte med denne natta
for eg er redd
Matt 25,13: Så vak då, for de kjenner ikkje dagen eller timen.
søndag 18. november 2018
Bli sett
det er nok Herre
å vite at du ser meg
sjølv om ikkje eg ser deg
frå eg vart fødd
har eg vore blind
mitt andelege auge er tåkete
og stumt
det livet som lever i hjartet
er det du som held liv i,
den trua som boblar i blodet
er det du som held oppe
mine avgrensa tankar
og retningslause ord
hadde vore støv i vinden
aske på sjøen
om ikkje du og einast du
hadde kome og sett
og omslutta ein blind som meg
med kjærleik
Joh 9,1: Då Jesus kom gåande, fekk han sjå ein mann som hadde vore blind frå han var fødd.
Abonner på:
Innlegg (Atom)


