søndag 2. desember 2018

Du møtte meg i stilla




eg er der        ser du meg?
til høgre for det kvite huset
midt i folkemengda
eit par centimeter frå sentrum av bildet
der står eg
ropar og peikar
du ser vel at eg veiftar med hendene
og er heilt med
for eg er i folkemengda
og veit kva som skal skje –
forventningane har bygd seg opp
gjennom årevis med prat og store auge

ja, eg er der, auga mine er store
du ser vel kor ivrige dei er? kor eg gaular
som alle dei andre?
no, når eg ser på bildet, undrar eg –
- om eg visste framhaldet
            kor vegen skulle gå        og ende
ville eg då ropa så høgt
eller ville eg glidd stille vekk i frykt?

ville du då likevel møtt meg
i stilla        etterpå
og vaska vekk skamma
slik du gjorde
og tørka tårene mine
slik du gjorde
og halde meg inntil deg
og kviskra slik du gjorde; det er fullbrakt
du er fri
då óg?




Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar